Kultur

Ingen fred utan kvinner

Torsdag denne veka lanserar regjeringa ein ny strategisk plan for kvinner, fred og sikkerheit. FN-resolusjon 1325 skal følgjast meir målretta opp, denne gongen med eit særleg fokus på det å auke kvinnene si deltaking i fredsprosessar.

Eit sikkerheitsimperativ

Då 10-årsjubileumet for Resolusjon 1325 blei markert i Sikkerheitsrådet i oktober i fjor, heldt utanriksminister Hillary Clinton eit av hovudinnlegga. Ho påpeika at det å involvere kvinner i arbeid for fred og sikkerheit har blitt eit globalt sikkerheitsimperativ. Kvinner si aktive deltaking er ikkje noko det internasjonale samfunnet skal støtte opp om for å vere ’greie’ med kvinnene. Det skal støttast opp om fordi det er ein føresetnad for å skape internasjonal fred, stabilitet og utvikling. Vår eigen forsvarsminister, Grete Faremo, målbar den same bodskapen i det norske innlegget. Ho gjentok det også i eit intervju i Dagsavisen på julaftan, der ho mellom anna sa at ”veien til bærekraftige fredsløsninger er å trekke flere kvinner inn i beslutningsprosessene”. Forsvarsministeren argumenterer fyrst og fremst ut frå eit militært perspektiv, med vekt på at fleire kvinner må rekrutterast inn i forsvaret og at kvinneperspektivet må integrerast betre i planlegging og gjennomføring av internasjonale operasjonar. Ho viste også til at dette no er problemstillingar på dagsorden i NATO.

Det å få fleire kvinner inn i militære styrkar, for der igjennom også å kunne rekruttere fleire kvinner til internasjonale operasjonar, er ein viktig dimensjon ved Resolusjon 1325. Men kvinner sine viktigaste bidrag til fred – både reelt og potensielt - er likevel ikkje primært å finne i dei militære strukturane. Kvinner sine bidrag er fyrst og fremst å finne i den kvardagslege samhandlinga under og etter konflikt; i alt det arbeid som kvinner legg ned i å vidareføre ein slags normalitet i situasjonar prega av krig, konflikt og ustabilitet. Stadig fleire studiar dokumenterer at kvinner er dei som leier an i å seie frå om at nok er nok, og som viser kreativitet i å få stridande partar til å møtast og forsøke å finne fredelege løysingar på konfliktar. Kvinner viser ein særleg evne til å mobilisere på tvers av etnisk og religiøs tilhøyrsle. Det som bind dei saman er ønsket om fred for å kunne skape ei betre framtid for barn og barnebarn.

Andre prioriteringar

Der kvinner har fått høve til å delta i fredsprosessar, som representantar for kvinner som sosial gruppe, ser ein at dei gir uttrykk for andre prioriteringar for freden enn menn. Kvinner løftar gjerne fram behovet for forsoning, utdanning og primærhelse­tenester, og er opptekne av reformer som kan sikre dei rett til å arve jord og eigedom. Tiltak mot straffefridom for seksuelle overgrep kjem også høgt opp på deira prioriteringslister. Menn har gjerne sitt hovudfokus på politisk maktfordeling og det å få tilgang til og kontroll over naturressursar eller andre viktige kjelder til inntekt. Interessene er ulike, men like viktige å ta omsyn til dersom stabil fred skal byggast.

Marginalisering av kvinner

Då er det desto meir urovekkande å registrere menn sin nærmast totale dominans rundt forhandlingsborda. Det å ha vore utøvar av vald ser ut til å vere ein nødvendig føresetnad for å få delta i fredsforhandlingar. Kvinner og deira bidrag til fred og forsoning blir fortsatt oversett av det internasjonale samfunnet. Statistikken talar eit tydeleg språk. Ein fersk UNIFEM-studie av eit knippe større fredsprosessar frå 1992 og fram til i dag, viser at kvinner i gjennomsnitt har utgjort mindre enn 8% av dei som har delteke i disse prosessane. Færre en 3% av dei som har signert på fredsavtaler er kvinner. På alle disse åra har FN heller aldri utnemnt ei kvinne som offisiell sjefmeklar i dei prosessane der organisasjonen har spela ein sentral rolle. El Salvador, Nord-Irland og Sør-Afrika blir ofte trekt fram som eksempel på fredsprosessar der det å inkludere kvinner og kvinneperspektiv var vellykka. Men dette er alle prosessar som fann stad før Resolusjon 1325 blei vedteken og lovnadar blei gitt om auka satsing på kvinnene.

Ein annan fersk studie av fredsavtalar signert dei siste to tiåra, viser at berre 16% inneheld referansar til kvinner eller spesifikke kvinneinteresser. Denne studien påpeikar også at avtalar som er resultat av prosessar der FN ikkje er involvert har større sannsynlegheit for å inkludere kvinneomsyn enn avtalar som spring ut av prosessar der FN har hatt ein sentral rolle. FN har openbart fortsatt ein veg å gå når det gjeld å følgje opp eigen politikk.

Eit særleg ansvar

Med sitt nye strategidokument har regjeringa no ei moglegheit til å løfte dette politikk-området både multilateralt og bilateralt. Den norske innsatsen så langt har eit langt stykke på veg lidd den same skjebnen som innsatsen internasjonalt. Det har ikkje mangla på velmeinande prosjekt som isolert sett har vore gode. Det som har mangla er ein overordna integrert strategi der dei enkelte prosjekta har inngått som delar av eit større heile. Norge har nyleg blitt medlem av FN sin Fredsbyggings­kommisjon, som er oppretta nettopp for å bistå post-konfliktland i å utvikle integrerte strategiar for fredsbygging. Gitt det vi no veit om den generelle marginaliseringa av kvinner i fredsprosessar, har Norge med sin nye kvinnestrategi eit særleg ansvar for å bidra til å endre denne praksisen. Historia har synt oss at kvinner er dei som best ivaretek kvinner sine interesser. Men for å kunne gjere det må dei få tilgang til forhandlingsborda og avgjerdsprosessane.