Kultur

For nokre idiotar!

Dei orda har eg tenkt mykje i dag og i går, etter at vi fekk vite om at nokre folk i bystyret i Tromsø med primitive og middeladerske haldningar, hadde uttalt seg positivt til dødsstraff.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg bruker ofte å respektere andre sine meiningar. Men når det kjem til grunnleggjande spørsmål om menneskesyn, klarer eg det ikkje. Eg lurer på kva slike folk er blitt utsett for i barndommen, når dei klarar i fullaste alvor å vere for dødstraff. Dette er ofte dei samme folka som er svorne motstandarar av abort - fordi dei er i mot å ta liv. Av alle dobbeltmoralistiske ting i heile verda, må dødsstraff vere det verste. At offentlige myndigheiter skal kunne straffe noko med døden strider mot mine liberale prinsipp om at livet er ukrenkeleg. Å ja - folk gjer avskyelege ting, og eg skjønner om folk har lyst til å drepe folk som har skada dine næraste. Men det er ein grunn til at det er staten som skal ta seg av straff - slik at det ikkje utviklar seg til auge for auge og tann for tann. Å straffe drap med drap finst ikkje logisk. Dessuten er det inhumant.

Å vere for dødsstraff er så idiotisk at eg ikkje orker å diskutere med slike folk. Og viss ein ser på dei dustete argumenta, som er: "eg er berre for det i enkelte groteske tilfelle" (akkurat som det skulle gjere saken betre??)eller "eg ønskjer det berre der det er 100% sikkert" (når i alle dagar er det då??). Det finst ingen logiske rasjonelle argument for dødsstraff, og eg avskyr folk som er for slik straff og land som bruker slike straffemetodar. Det er ein slik sak eg er kompromisslaus på.

Det er godt å kjenne at engasjementet er der fortsatt. Og at eg kan bli opprørt. Og at eg har tru på noko. Tru på liberale verdiar og menneskeverd. Også var det frykteleg godt å sjå at Per Sandberg var raskt ute og tok skikkeleg avstand frå desse folka. Men å si at "dei slit litt" er vel å underdrive...

Dessverre trur eg det er fleire enn desse sju oppe i Tromsø som er for dødsstraff i Noreg. Og det er kanskje bra slike haldningar kjem til syne, slik at vi får debattert dei i det offentlige rom. Eg trur også skulane våre har eit ansvar i å lære opp elevane våre i menneskerettar, og til å respektere rettar som retten til liv og retten til ytringar. Lykkast vi med å skape "gagns menneske" i skulane våre, så vil vi sleppe primitive haldningar som dette i eit liberalt land som Noreg.

Mer fra: Kultur