Kultur

Endå eit fredsprosjekt i grus?

Norge sitt fredsengasjement i Aust-Timor må halde fram med same intensitet også etter at spesialutsending Gunnar Stålsett har avslutta gjerninga si.

I førre veke kom meldinga om at Regjeringa vil stengje den norske ambassadeseksjonen i Aust-Timor. Og i går varsla spesialutsending Gunnar Stålsett at han avsluttar gjerninga si i den søraustasiatiske øystaten. Dette betyr at utanriksminister Jonas Gahr Støre og utviklingsminister Erik Solheim fasar ut Norge sitt fredsengasjement i det konfliktherja landet. Avviklinga bryt med eit grunnleggjande prinsipp for norsk fredspolitikk: Norge sin «langsiktige vilje til å bistå». Og meir alvorleg: At Norge tappar ned forsoningsarbeidet, kan bidra til at spenningane i ein ung og sårbar stat aukar.

Ambassadeseksjonen blei bygd i 2007, nettopp for å hjelpe spesialutsending Gunnar Stålsett i forsoningsarbeidet. I boka mi «Den gode viljen» (2009) kjem det fram at embetsverket i Utanriksdepartementet (UD) kjempa mot Stålsett sitt forslag om å opprette ein slik einmannsstasjon, men embetsverket blei overkøyrt av statsrådane i UD. Solheim seier det slik i boka: «Det ville ikkje ha blitt oppretta ein ambassadeseksjon om ikkje Gunnar hadde stått på for det og utan at han hadde fått full støtte frå politisk leiing». Sidan opninga for tre år sidan har ambassadeseksjonen hatt ein viktig sekretariatsfunksjon for spesialutsendingen. Leiaren ved stasjonen har førebudd, delteke og følgt opp dei mange møta, mottakingane og konferansane under Stålsett sine besøk. Norge burde i det minste ha venta til etter valet 2012 før dei avvikla ambassadeseksjon, fordi valet blir ein avgjerande prøvestein for det skjøre demokratiet og fordi mange andre internasjonale aktørar trekkjer seg ut då.

Når den tidlegare Oslo-biskopen trekkjer seg ut, kan det innebere at endå ein «norsk» fredsprosess står i fare for å falle i grus. Årsaka er at forsoningsprosjektet i Aust-Timor har vore sterkare knytt til Stålsett som person enn til Norge som stat. UD har gitt spesialutsendingen vide fullmakter og bygd for svake strukturar rundt han, strukturar som kunne ha gitt han råd undervegs og sikra at kunnskapen og sjølve forsoningsarbeidet blei vidareført. Oppsettet avdekkjer ein brest i deler av norsk fredspolitikk (dei over tjue norske fredsengasjementa er ulikt innretta), som har røter tilbake til oppbygginga av norsk fredsengasjement på 1990-talet: Den overdimensjonerte merksemda kring spesialutsendingen/meklaren.

UD likar å framstille norsk fredsarbeid som «ein konsistent og føreseieleg politikk (...) basert på solidaritet og langsiktigheit». Ved å stengje ambassadeseksjonen i Dili og fase ut Stålsett sitt engasjement, gjer Støre og Solheim det motsette: Dei driv ein kortsiktig fredspolitikk – som kan gjere arbeidet med å lækje den alvorlege konflikten mellom sentrale politikarar i Aust-Timor endå vanskelegare, ein konflikt som nesten fekk nasjonen til å bryte saman i 2006.

Det var nettopp i etterdønningane etter den omfattande valden for vel fire år sidan at Stålsett blei utnemnd som spesialutsending. Sidan har han arbeidd for å forsone bitre politiske fiendar i landet og prøvd å setje mellom anna fattigdom, kvinner og flyktningar på den politiske dagsorden. «Den gode viljen» dokumenterer alvorlege feilvurderingar som Stålsett har gjort. Like fullt fortener Stålsett honnør for iherdig arbeidsinnsats og viktige initiativ som han har teke. Eit døme er arbeidet med å få bevegelse i rettsoppgjeret etter Indonesia sin brutale okkupasjon av Aust-Timor i perioden 1975-1999. Verken presidenten eller statsministeren i landet ønskjer eit slikt rettsleg oppgjer med dei ansvarlege for folkemordet. Dei meiner at eit godt naboskap med Indonesia er heilt avgjerande. Stålsett har like fullt overtalt bastante rettsoppgjersmotstandarar med i ein prosess som på lang sikt kan leie fram til ei form for rettferd for dei mange offera etter dei indonesiske massedrapa på øya.

For å rettferdiggjere ei utfasing, seier UD gjerne at det norske forsoningsprosjektet i Aust-Timor ikkje er eit norsk prosjekt, at Stålsett berre støtta opp om politikarane i Aust-Timor sitt eige forsoningsarbeid, og at lokalt eigarskap er avgjerande. Det kan alle vere samde om at er viktig. Poenget er like fullt: Når Norge har sett i gang eit slikt initiativ, kan ein risikere ein stygg baksmell dersom Norge ikkje vidarefører forsoningsprosjektet.

Eit resultat av Stålsett sitt arbeid er to lover som parlamentet nyleg har vedteke: ei om å byggje ein institusjon som skal arbeide vidare med rettsoppgjeret og ei anna om å gi ei form for hjelp til offera. UD opplyser at det står att «en del arbeid» med lovtekstane, og enno er ikkje det kontroversielle spørsmålet om tribunal behandla. Motkreftene mot ein slik domstol er mektige både på austtimoresisk og indonesisk side. Det er difor avgjerande at Norge held oppe eit konsistent og langvarig press mot – og ein konstruktiv dialog med – rettsoppgjersmotstandarane. Folk i Aust-Timor er frustrerte over at ingen av dei indonesiske storfiskane endar opp på tiltalebenken. Når det norske forsoningsprosjektet blir fasa ut, som mange andre internasjonale initiativ er blitt før, kan det bidra til ytterlegare å svekkje folk si tru på rettferd og tiltru til internasjonale fredsagentar og til den nasjonale politiske eliten. Endå ein ufullendt rettsoppgjersprosess kan nøre ytterlegare opp under ein allereie djup frustrasjon som – saman med fattigdomen og folk si kjensle av utestenging – utgjer eit konstant trugsmål mot tryggleiken i Aust-Timor.

På fire år skapar ein ikkje forsoning i eit traumatisert, komplekst og sterkt polarisert samfunn som det austtimoresiske. Støre og Solheim må difor vise at «langsiktig fredsarbeid» ikkje berre er eit honnøromgrep for festtalar, men også eit kjenneteikn for norsk fredspolitikk i praksis. Regjeringa må sikre at Norge sitt fredsengasjement i Aust-Timor held fram med same intensitet også etter at Stålsett har avslutta sitt oppdrag som spesialutsending.