Innenriks

Søkte jobb i fagbevegelsen – blei møtt av bemanningsbyrå

Når fagforbundet Delta treng vikarar, blir dei leigd inn gjennom bemanningsbyrået Academic Work.

– Dette er sjokkerande. Fagrørsla har stått på barrikadane i årevis for å styrke arbeidarane og særleg unge sine rettar, og trygge jobbar har vore eit urokkeleg krav. Medan store delar av fagrørsla ønsker å forby bemanningsbransjen, vil Delta legge ytterlegare til rette for eit useriøst arbeidsliv.

Det seier jobbsøkar Martine Moen (24). Ho er masterstudent i statsvitskap, fagorganisert i Handel og Kontor i Norge og listekandidat for Agder SV.

Les også: «Amerikaniseringen av arbeidslivet må bekjempes og felleskapstanken må styrkes»

Ville ikkje ha fast tilsette

Moen søkte i juli på ei rådgivarstilling i Delta og reiste til Oslo på intervju førre veke, der ho skal starte på masterutdanning i statsvitskap til hausten.

Overraskinga var stor då ho oppdaga at ingen representantar frå Delta deltok på intervjuet. Bemanningsbyrået skal ha sagt at fagforbundet berre var interessert i innleige gjennom bemanningsbyrå.

– Det er parodisk at ein arbeidstakarorganisasjon som skal bistå sine medlemmer i arbeidslivet, behandlar sine eigne tilsette på denne måten. Dette føyer seg inn i ei omfattande utnytting av unge arbeidstakarar, meiner ho.

Delta er det største fagforbundet i hovudorganisasjonen YS, med sine over 81.000 medlemmer i offentleg sektor.

– Eg tok det for gitt at eit fagforbund som organiserer statleg og kommunalt tilsette opererer med ordna forhold, seier Moen.

I stillingsutlysinga kjem det fram at det er Academic Work Norway AS som er oppgitt som arbeidsgivar. Det svenskeigde bemanningsbyrået selde arbeidskraft for over 203 millionar kroner i Norge i fjor.

Stillinga Martine Moen søkte på, er eit såkalla engasjement med arbeid for Delta sin rådgivingsteneste «Delta Direkte». Omfanget er ifølge utlysinga «vakter etter behov, om lag to dager i uken».

Les også: Unge vet lite om arbeidslivet

Vil ha studentar

Arbeidsoppgåvene er å vere rådgivar i arbeidsrettslege spørsmål, handtere henvendingar om medlemskap og svare på andre henvendingar frå medlemmer og tillitsvalde som kontaktar rådgivingstenesta. Den er open alle kvardagar frå klokka 08.00 på morgonen til klokka 20.00 på kvelden.

Stillingsutlysinga rettar seg mot dei som har universitets- eller høgskoleutdanning, men framleis er under utdanning og er «fleksibel i forhold til arbeidsdager og arbeidstider».

– Som statsvitskapstudent er det klart det hadde vore ei lærerik erfaring å jobbe i eit fagforbund, men eg er ikkje villeg til å selje prinsippa mine for ein deltidsjobb, seier Moen.

Ho synest det er dobbeltmoralsk at Delta kjempar for rettane til sine eigne medlemmer, men sjølv bruker bemanningsbyrå og mellombelse stillingar. Ho peikar på at delen fagorganisert ungdom er låg og at ungdom er særleg utsett for brot på arbeidsrettane sine.

– Bemanningsbransjen bør forbys fordi vi gang på gang ser at den bidrar til å oppretthalde eit useriøst arbeidsliv, der både lønna og delen fagorganiserte blir pressa ned, meiner Moen.

Les også: «Det er arbeidsfolk som skaper verdiene i dette landet»

Korte fråver

Delta svarer overfor FriFagbevegelse at rådgivingstenesta deira har tilsette med faste og heile stillingar, men at dei leiger inn vikarar frå Academic Work ved korte fråver og under ferieavvikling. Ved lengre fråver blir vikarane tilsette i Delta, opplyser forbundet.

– Kvifor leiger de inn tilsette gjennom bemanningsbyrå i staden for å tilsette dei sjølv?

– Academic Work har tilgang til gode kandidatar og er profesjonelle både i rekruttering og oppfølging. Det er ei løpande vurdering Delta gjer i samarbeid med våre tillitsvalde, om vi skal tilsette tilkallingsvikarar sjølv eller om vi skal bruke Academic Work. Vi meiner ordninga fungerer godt for vikarane og for Delta, svarer avdelingssjef for HR og organisasjonsstøtte i Delta, Marte Madslien, i ein e-post til FriFagbevegelse.

Delta har samarbeida med Academic Work i ni år, opplyser forbundet.

Les også: Forskere foreslår å gi innvandrere lavere lønn

Bidrar til fleksibilitet

Dei innleigde er studentar på kontraktar med ei lengde som varierer frå seks til tolv månader. Forbundet har no fem personar som jobbar på tilkalling for Delta gjennom bemanningsbyrået, medan to vikarar er tilsette direkte i Delta.

– Då står dei fritt til å jobbe mykje i feriar og å ikkje ta vaktar i eksamensperiodar, forklarer Madslien.

– Er de ueinig i kritikken om at denne praksisen står i eit motsetnadsforhold til Delta sitt arbeid for trygge jobbar og motstand mot endring av arbeidsmiljølova i 2015?

– Ja. Dei som jobbar hos oss gjennom Academic Work har jobben som sidejobb, medan masterstudiet har hovudfokus. Ordninga bidrar til å gi dei nødvendig fleksibilitet til å kunne prioritere studia, samtidig som dei får relevant praksis under ordna forhold.

Delta viser til at vikarane har same lønns- og arbeidsvilkår som dei fast tilsette og at fleire av studentane har fått full stilling i Delta etter studia.

Mer fra Dagsavisen