Innenriks

Ikea-tilsette protesterer mot søndagsarbeid

– Søndag er ein dag eg alltid veit at er min, seier tillitsvalt Kateryna Bilokin på Ikeas kundesenter på Slependen i Asker.

Av Tormod Ytrehus/LO Media

Kateryna har ein familie ho gjerne vil vere saman med på søndagar. Også Alejandra Berg set stor pris på søndagen som ein føreutseieleg fridag ho kan bruke med sambuar og vennar.

– Søndag er den viktigaste dagen min. Det er den dagen eg får tid og moglegheit til å gjere dei tinga som er viktige for meg. Sambuaren min jobbar skift, så det er den einaste dagen vi veit at vi kan vere saman, treffe vennar og kose oss, seier Berg, som er nestleiar i klubben.

Saman med klubbleiar Paal Flatabø har dei møtt opp utanfor arbeidsplassen sin i Asker, like ved Ikeas varehus. Fagforeiningar arrangerte søndag fanemarkering utanfor Ikeas søndagsopne kundesenter på Slependen. Dei protesterer mot at arbeidsgivaren held kundesenteret opent, trass i at fagforeininga meiner det er ulovleg.

Les også: Stortinget stopper regjeringens plan om mer søndagshandel

Ueinig om det er lovleg

Arbeidsmiljølova seier nemleg at søndagsarbeid berre er lovleg om arbeidets art gjer det nødvendig. Kundesenteret treng ikkje ha opent på søndagar, meiner dei tillitsvalte i LO-forbundet Handel og Kontor.

LOs juridiske avdeling er einig og har varsla at dei kjem til å stevne Ikea for retten om dei ikkje sluttar med søndagsopent. Dei skal i eit møte med arbeidsgivarorganisasjonen Virke veka som kjem, men likevel held Ikea altså opent.

– Dei tenker berre på profitt. Eg kjenner ikkje igjen bedrifta eg har jobba i dei siste femten åra. Det er trist – eg blir nesten på gråten, seier Alejandra.

Men det varmar hjartet hennar å sjå at folk støttar kravet deira om søndagsfri. Det viser at dei ikkje står aleine, seier ho.

I overkant av 40 personar møtte opp i ausande regnvêr på markeringa søndag formiddag, i regi av Oslo/Akershus Handel og Kontor, LO i Oslo og LO i Asker og Bærum.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Ikea: – Innanfor lova

På fanemarkeringa møter FriFagbevegelse også på leiaren for kundesenteret. Janne Engeskog har kome ut frå kontoret for å helse på demonstrantane.

– Vi meiner at vi har hatt ein god prosess med dei tillitsvalte. Dei har vore med i arbeidsgrupper og møte heile tida, og vi er veldig trygge på at vi er innanfor arbeidsmiljølova, seier Engeskog.

– Det viktigaste for oss no er å møte kundenes forventingar til kortare leveringstid. Det er den type oppgåver vi gjer her på kundesenteret no: administrative oppgåver som må gjerast sju dagar i veka, seier ho.

– Kva er det dei tilsette gjer på søndag som dei ikkje kan gjere andre dagar i veka?

– Dei gjer desse oppgåvene til vanleg også, men fram til no har dei ikkje gjort det på søndagar. Det har gjort at leveringstida på varane ut til kundane har blitt mykje lenger enn det kunden faktisk forventar i dag. Brorparten av oss forventar jo å få varar i løpet av tre dagar. Det klarer vi ikkje å møte no.

Engeskog seier det er heilt frivillig å jobbe søndagar. Ho opplyser om at dei har sendt ut ei undersøking til alle tilsette, med spørsmål om dei ville jobbe søndag. Ifølge Engeskog var det 50 som svarte ja og 22 som svarte nei.

Les også: Det lages ikke lenger folk som Ingvar Kamprad, selv ikke i en seng fra Ikea.

– Ikkje frivilleg

Hovudtillitsvalt Paal Flatabø peikar på at det totalt er 180 tilsette på arbeidsplassen. Det betyr at om 50 personar har sagt ja til å jobbe søndag, er framleis eit stort fleirtal mot.

Dei tillitsvalte meiner dessutan at ein vanskeleg kan kalle arbeidet heilt frivilleg. Dei fortel at nokre har lyst og moglegheit til å jobbe søndag. Men mange er også redde for konsekvensane om dei seier nei.

– Vi har mange som er nye i arbeidslivet, blant anna deltidstilsette, som ikkje har erfaring og ikkje veit kva dei kan kreve, seier Kateryna Bilokin. (Fri fagbevegelse)

Les også: Hvor lenge holder den norske modellen?

Dette sier loven om søndagsarbeid

* Det skal være arbeidsfri fra klokka 18 dagen før en søn- eller helgedag og til klok­ka 22 dagen før neste virkedag. Jul-, påske- og pinseaften skal det være arbeidsfri fra klokka 15 til 22 dagen før neste virkedag. Arbeid innenfor disse tids­­rom regnes som søn- og helgedagsarbeid.

* Arbeid på søn- og helge­dager er ikke tillatt med mindre arbeidets art gjør det nødvendig.

* Arbeidsgiver skal drøfte behovet for søn- og helge­dagsarbeid med arbeidstakernes tillitsvalgte før det iverksettes.

* I virksomhet som er bundet av tariffavtale kan arbeidsgiver og arbeidstakerens tillitsvalgte inngå skriftlig avtale om arbeid på søn- og helgedager hvis det foreligger et særlig og tidsavgrenset behov for dette.

* Arbeidsgiver og arbeidstaker kan skriftlig avtale arbeid på søn- og helgedager utenom de tilfeller som er nevnt i denne paragraf, mot tilsvarende fri på andre da­­­­g­­­­er som i henhold til arbeidstakerens religion er helge- eller høytidsdag. Slik avtale kan inngås uten hensyn til bestemmelsene i paragraf 10-8 fjerde ledd.

Kilde: Lov om arbeidsmiljø

Mer fra Dagsavisen