Portrett

Tenner lys før kvart løp

I kvar nye by kor sønene stiller til start, må Tone Ingebrigtsen og ektemannen Gjert finne ei kyrkje og tenne eit lys. Laurdag spring sonen Jakob for eit sensasjonelt OL-gull i Tokyo.

Det er julafta på slutten av 70-talet. Tre yre jenter trippar rundt grytene til mor og beina til far, og klarar knapt vente til pinnekjøtet dufter på bordet og gåvepapiret kan rivast opp. Men mange og lange timar står fortsatt mellom søstrene og julekvelden.

Klokka tikkar mot gudstenestetid, og ein bilnøkkel blir sett i tenninga. Kledd i julestasen hoppar Tone Ingebrigtsen og dei to søstrene inn i baksetet. Far vrir om, og tar retning mot Moi sentrum sør i Rogaland. Han stoppar bilen utanfor Lund kirke. Trekløveret hoppar ut, og lukkar døra etter seg. Far køyrer igjen.

– Eg har faktisk aldri spurt foreldra mine om kvifor dei sendte oss åleine på julegudsteneste.

– Men eg trur ikkje det var noko anna meining enn at me var så spente at me måtte få eit program. Viss ikkje hadde me masa hòl i hovudet på dei, seier Tone Ingebrigtsen og ler.

Fortsatt er det å gå på gudsteneste på julafta eit viktig haldepunkt for yngstejenta. Men i Lura kirke, der må heile familien med.

– Gjert og eg har nok gjort ein del meir utav den kristne trua, og tradisjonane, enn foreldra våre gjorde, fortel Tone.

Bygda Tone Eva Ingebrigtsen vaks opp i, var full av kristentru i ulike former. Nokre av dei skremte henne – men ikkje bort frå å tilhøyre folkekyrkja i Sandnes som vaksen.

Prektig irritert

I bygda Moi mangla det ikkje på kristentru då frisøren og tv-profilen vaks opp. Medan foreldra følgte dei kristne rituala, og lét ungane bli døypte og konfirmerte av tradisjon, var ikkje den trauste kvite trekykja nok for ein del av med-bygdingane. Sion, Maran Ata, bedehus og basarar var på rekke og rad.

– Men eg syntest noko av det virka litt skummelt. Eg var jo van med den trauste kyrkja – det monotone tonefallet, det eg då opplevde som litt keisamt. At folk lukka auga framsto ganske voldsomt for ein tenåring.

Ryktene om kva som skjedde på stevnene i Sarons dal, ikkje langt unna, freista heller ikkje den unge jenta. Sjølv om kristenrørslene levde sterkt i dalen, gav det ikkje superstatus å vere ein ivrig truande. Tone sleit med å identifisere seg med kristne, desse fellesskapa kor ho hadde inntrykk av at ein del ting var innafor og utanfor.

– Eg følte at dei var litt prektige, og skulle vere så annleis. Eg har alltid vore litt irritert på det. Sjølv om du går i skjørt og i er i kyrkja kvar sundag, så er du ikkje betre enn meg, seier ho og ler.

Kyrkja familien Ingebrigtsen høyrer til i dag, har vakse seg meir tolerant.

– At me er likeverdige, anten du er emo eller har tatovering eller er homofil, skulle jo bare mangle. Viss kyrkja skal vere relevant å kome til, trur eg det ligg noko viktig i å inkludere eit mangfald av menneske.

– Presten der eg vaks opp, var litt paveaktig, litt heilag. Presten vår er menneskeleg. Me kjenner oss att i han.

Ingen strekar under svaret

Det er noko instinktivt ved måten me menneske ropar om hjelp på. Tone Ingebrigtsen smakar på tanken. Ho, som dei fleste, tyr til «kjære Gud, kan du ikkje hjelpe meg?» dei stundene det går riktig galt. Om det er svar å få, har ho ikkje svar på. Endå.

– Eg har ikkje bestemt meg. Eg er heller tvilsam til at det er eit nytt liv å få etter jorda, iallfall. Men eg vil ikkje konkludere sikkert. Eg er i tenkeboksen, kan du seie.

51-åringen har likevel med seg ei kristenforteljing som inspirerer til mykje godt. Dei ti boda er reglar ho likar. Men døden, den slit ho med.

– Eg likar verkeleg ikkje tanken på å skulle døy. Så langt har ingenting klart å overtyde meg om at det å døy er heilt greitt. Eg lurer på om eg kjem til å bale med det heile livet.

– Det eg ventar på, er ei tydeleg oppleving, som gjer at eg skal kunne bestemme meg heilt, for det eller det.

Når nokon seier dei veit «sanninga» no, blir Tone tvilande, og litt mistenksam.

– Eg er jo ikkje sikker på sanninga sjølv. Men det eg veit, er at det er ingen som kan vite ho heilt sikkert.

Tårevåt lystenning

Sant eller ikkje: Det er éin ting Tone og ektemannen Gjert aldri kan dra på tur utan å gjere. I kvar nye by kor sønene stiller til start i eit løp, finn dei seg ei kyrkje. Om trenarmannen bare har ein time fri – kyrkja skal besøkast. Nokre gonger i all hast.

Når dei har gått runden, sett dei spektakulære detaljane i dei majestetiske europeiske katedralane, står den viktigaste posten att: Å tenne lys.

– Nokre gonger for dei som skal løpe, med håp om at det skal gå bra. Andre gonger tenner me lys for alle ni i familien. Og for dei som ikkje lenger er med oss.

– Eg byrjar ofte å grine når me står der i kyrkja. Det er noko ganske sterkt.

– Sjå, eg byrjar no også.

Sjubarnsmora ler, og ser liksom det heile utanfrå, idet auga gradvis blir fylte av tårer. Tårene er saknet etter dei som aldri fekk oppleve Ingebrigtsen-eventyret.

– Ungane våre blir litt «øvegidde» når eg reagerer sånn i kyrkjene. Men eg tenker det er ein fin ting. At me har noko slikt å halde fast i.

Tradisjonen til ekteparet Ingebrigtsen blei vist i TV-serien deira på NRK. Her har dei hasta til Westminster Abbey i London under ein meisterskap.

Jinx?

Tradisjonen starta lenge før gutane byrja å springe. Det byrja med ein historieinteressert Gjert på ferie.

– Men med meir reising, og meir seriøse konkurransar, har det balla på seg. Tradisjonen har blitt sterkare og sterkare etterkvart som ting har blitt meir alvorlege. No me liksom tenne lys for gutane.

Hovudkvarteret til Team Ingebrigtsen på Lura blir stadig fullare av rosenkransar. Ein grøn, ein rød, ein trefarga, ein lilla, og mange fleire, ramsar Tone opp.

– Då viser kanskje talet på kransar kor mange kyrkjer de har besøkt?

– Nja. Det var ei tid kor me heller måtte prioritere pengane på å kjøpe is til ungane. Men no blir det alltid eit bønesmykke med heim.

– Drar de utan unntak innom ei kyrkje før konkurransar no?

– Ja.

– Har du begynt å frykte kva som kan skje viss de ein gong ikkje gjer det?

– Neidå, neidå, neidå. Men for å seie det sånn: Det er ei god kjensle å få gjort det.

Gullringen skin fortsatt

Før nordmenn fekk sin del i familien Ingebrigtsen, hadde teamet eksistert i nesten 30 år. Før Nike-sponsing og europarekordar, var periodar kor Sandnes-familien måtte budsjettere pinneis over rosenkrans.

Tidsrekninga går tilbake i gangane på Godalen videregående i Stavanger. Fyren med voks i håret og ring i øyret tar 17 år gamle Tone med storm. Men i det ferske forholdet skulle ho for all del ikkje begå same feil som søstrene – å bli ungdomsforelska og gravid. I 1988 måtte ho ete sine eigne ord.

– Du veit, på den tida jobba eg som frisørlærling, og magen vaks. Eg hadde fleire gamle damer som kundar, og ja...

I latteren tar Tone seg til ansiktet, med handa som fortsatt har på den same gullringen Gjert sette på henne på kinarestauranten Mikado i slutten av tenåra. På slutten av 80-talet var det fortsatt ikkje stuereint å få eit utanomekteskapeleg barn, og i så ung alder. 17-åringen hadde sett folk rynke på nasen, og snakke om det som hadde skjedd søstrene tidlegare.

– Eg må jo seie at ringen var mest for omgivnadane den gongen. Det handla nok litt om kva «dei andre» seier. Men for meg også var det trygt – og bindande og seriøst. Då som no likar eg at ting er på stell.

På meir enn éin måte har tida etterpå gått i eit rasande tempo for Team Ingebrigtsen. Innimellom sju barn, to frisørsalongar, tre eliteløparar, reisedøgn og kvardagslogistikk er det lett å gløyme å stoppe opp og sjå kvarandre som ektefeller. Men i fjor skulle det skje, og i kalenderen sto 21. mars 2020 markert. Kake og ballongar var bestilt.

– At me er likeverdige, anten du er emo eller har tatovering eller er homofil, skulle jo bare mangle, seier Tone om kyrkjas utvikling.

Flokkens fest

Me veit alle korleis planar har blitt snudd opp-ned dette året som har gått. Men å fornye ekteskapsløfta overfor kvarandre, det aktar Tone og Gjert fortsatt å få til. Det må bare finnast ei luke innimellom terreng-EM og treningsleir og konfirmasjon og 80-årsdag. Menyen frå 1988, med blomkålsuppe og oksesteik, blir skrudd til nokre hakk. Kyrkja som skal romme løftene, er deira eigne, Lura. No kan dei gjere bryllupsfeiringa ordentleg. Kanskje til og med gutane kan våge å vere oppe til lenger enn klokka 23.

– Skal de halde tale til kvarandre?

– Ja, alt var jo klart til mars i fjor, også talen min til Gjert. Eg har den her ein plass. Skal me sjå...

Tone løftar den svarte Iphonen frå bakeribordet, og åpnar notat-appen. Peikefingeren drar nedover skjermen. Drar og drar og drar.

– Wæh, dette var litt skummelt. Viss talen ikkje ligg her... Det bør den helst gjere.

Det blir stille ei stund. Tone scrollar opp og ned på telefonen i litt skarpare rørsler. I mellomtida pip kortterminalen på Bakerhjørnet på Lura for dei gulkledde arbeidarane som har stilt seg i kø for å kjøpe lunsj. «Halvt horn med ost og skinke» lyd to bestillingar medan Tone blar.

– Der! Der er den, veit du! seier ho, og puster letta ut.

– Kva står det?

– Utan å avsløre for mykje, handlar det om at ting ikkje har vore like lett oppigjennom. Men me har stått saman. Det er eg stolt over.

– Kva er verdien i det å gifte seg – og å vere gift?

– Å bli eitt. For oss har eininga vore viktig. Me har begge hatt foreldre eit stykke unna, så me har vore opptatt av å samle flokken, og begynne vårt.

– Kva var det viktigaste løftet du gav i kyrkja den gongen?

– Å vere trufast. Det viker ein bare ikkje frå.

– Eg seier til ungane: Det er kun viss ektefellen din er utru eller slår deg at du kan gå. Viss ikkje må de jobbe gjennom det. Det kan ein finne styrke i.

Den varige verdien

Løftet frå 1988 står fortsatt støtt, og me har kome til mai 2021. Lyden av taktfaste steg som sparkar mot mekaniske underlag høyrest langt nedover den idylliske Lura-gata som har gløtt til fjorden. Dei lystige poptonane i «Peaches», Justin Biebers seinaste hit, treff akkurat i takt med beina, og drar ein inn i gardsrommet og ned mot kjellaren i det mørkebrune huset. EM-vinnar Henrik og EM-vinnar Jakob jobbar på tredemøllene hos foreldra. Vegen frå eit heimetreningsrom i Sandnes til OL i Tokyo, er kort.

«Familien Ingebrigtsen – velkommen!» står det til høgre for ytterdøra, som glir opp. Ikkje før har trenar og pappa Gjert kikka ut, så smett ein diger Golden Retriever-valp ned trappa, og spring over gata til naboen. Dotter og løpartalent Ingrid på 14 hastar etter. Sjølv på ein vanleg torsdag, klokka 10.30, er det fullt hus hos Team Ingebrigtsen. Men det er sånn Tone likar det.

Livstempoet ho har vent seg til, gjer at intervjuet og bilda må bli gjort i to omgangar. Dagen i førevegen går praten mot slutten då klokka er 12.26. Det er fire minutt før Tones frisørkunde sit klar i svingstolen. Men det står eit viktig spørsmål att.

– Kva er det viktigaste i livet ditt?

Svaret kjem kontant, og er særs lite overraskande for alle som har følgt Team Ingebrigtsen dei siste åra. Likevel blir det sagt med ein rørande genuinitet.

– Familien. Det er ikkje tvil om det. Flokken er det viktigaste eg har.


---

Tone Eva Ingebrigtsen

  • Frisør, salongeigar, løparmamma, forfattar og TV-profil i Team Ingebrigtsen på NRK.
  • 51 år. Fødd på Moi i Rogaland. Bur på Lura i Sandnes.
  • Gift med Gjert Ingebrigtsen. Saman har dei sju barn i alderen 7 til 33 år.

---


Mer fra: Portrett