Helg

Jazz på ny-svenska

Med albumet «Rök» har ein ny Jazzland-serie fått ein svensk og norsk pangstart.

Farvel

«Rök»

Jazzland Recording (Universal)

Bandet heiter Farvel, og med vokalisten Isabel Sörling framførande sine eigne tekstar på ein slik medlevande måte, er det ei sterk oppleving. Slik kan «ny» vokaljazz også vere, slik vi også har høyrt det med det norske bandet Papirfly. Sist veke høyrde vi bandet Farvel live på Nasjonal Jazzscene i Oslo, og her er det noko verkeleg sterkt i kjømda, med Sörling som drivande solist med sterke vokale framføringar. Låtane er signert av musikarane, inkludert vokalisten, og du møter Otis Sandsjö på saksofon og klarinett, Kim Aksnes på trompet, Henrik Magnusson piano, Alfred Lorenius bass og Carl-Johan Groth på trommer. Dei fine tekstane er trykt i eit enkelt vedlegg, og musikalsk er dette ein svensk styrkemonstrasjon av rang, frå det lågmælt inderlege som «Mörka hav», på veg inn i «Dimman», med vokale arrangement som får det til å bivre.

Soga seier at det starta i 2010 då bandet vann tevlinga Nordic Nordic Jazz Comets og sidan har vorte neddynga i prisar og oppglødd omtale. Samarbeidet med Jazzland starta då Bugge Wesseltoft oppdaga bandet på Umeå Jazzfestival, og Petter Eriksson resiterer teksten til «Svarta hol», alt tonar vakkert ut med «Katarsis». Og Sverige har gjenerobra jazzen sin, no på ny-svenska.

Holum Trio heime 

Med debutalbumet «Heim» (Norcd/Musikkoperatørene) har Holum Trio latt seg inspirere av den vakre naturen og atmosfæren på vestkysten av Noreg. Slik lanserer bandet seg sjølv, og det er ikkje noko dårleg utgangspunkt, etter resultatet å dømme. I bandet spelar Vegard Holum trompet, Stian A. Andersen bass og Øystein Aarnes Vik trommer, trioen møttest i 2011 og har turnert på jazzscener i vest i høve utgjeringa. All tekst og musikk har dei skrive sjølve, og det er noko reinskore i musikken som ein sikkert og visst kan kreditere «dei dramatiske og dynamiske omgjevnadene på den norske kystlinja» som det står i presseskrivet. Her er også vokale gjesteinnslag med cello og anna attåt. Vegard Holum er solotrompetist av klasse, og med tittellåten «Heim» set dei tidleg fart på eit album som dei alle har skodd seg vel til. Ein sikker debut.

Mer fra: Helg