Bilde 1 av 7
Reportasje

Seglar på dødens hav

214 menn. Seks kvinner. Snart får dei gå inn i Italia. Landet trur 200.000 båtflyktningar vil kome over Middelhavet i år.

I Italia: Bjørgulv K. Bjåen, Vårt Land

CATANIA, SICILIA: Patruljebåten brummar til kai i Catania. På dekket står ei ny skipslast kyniske bakmenn har sendt ut på ope hav. Nokre vinkar, andre dekkjer ansikta med hendene. Fleire trippar barføtte på skipsdekket.

No skjer det snart, det dei har betalt for, blødd for, grått for; dei skal få gå i land på europeisk jord.

Dei la ut frå Libya i to gummibåtar. 115 i den eine. 105 i den andre. Unge frå land sør frå Sahara. Då flyktningane var vel 60 kilometer nord for Libya fekk den italienske kystvakta ei oppringing frå ein satellittelefon: De finn to gummibåtar på havet.

Over 11.000 båtflyktningar blei redda i Middelhavet sist veke og frakta til Italia. Sidan nyttår har nesten 2.000 drukna. I heile fjor kom talet på døde opp i 3.500.

– Vi klarar ikkje dette. No må resten av Europa hjelpe oss. Flyktningane er ikkje Italias ansvar åleine, seier Giovanna di Benedetto, talskvinne for Redd Barna på Sicilia. Ho står klar på kaien i Catania, i godt synleg raud jakke.

På hamna i Catania er alle klare. Politiet har lagt fram stempelputer, hjelpeorganisasjonar har henta ein kartong nye sko – og talsmenn har funne fram ord som skildrar landet båtfolket legg ut frå.

Libya er helvete på jord for immigrantane, seier International Organization for Migration. Så snart flyktningane kjem til det lovlause landet Noreg var med og bombe i 2011, blir dei lukka inne i leirar som er styrt av smuglarane som har gjort båtreiser til millionindustri.

Les Hege Ulsteins kommentar på Nyemeninger.no: Flukt og frykt

Les også: Erna lover mer hjelp til Syria

Les også: Opplever enorm pågang fra folk som vil hjelpe

I desse leirane rår eit valdsregime vi har vanskar med å ta inn over oss, seier Redd Barna. Menn, kvinner og barn blir utsette for overgrep i månadar for at familiane i heimlandet skal kome opp med nok pengar til den siste delen av reisa; båtturen over mange nordmenns feriehav.

– No kan eg bli ringt opp! TV-journalisten frå dansk TV2 slit med direktesendinga.

– Endå ein gong legg eit italiensk fartøy til kai med immigrantar, rapporterer Sky News.

Bak gjerdet i Catania står verdspressa, kalla til Sicilia av dødsseglasen som tok opp mot 900 liv sist helg. Ein kvinneleg TV-reporter legg på eit siste lag sminke medan 220 reisande gjer seg klare bak henne.

Mennene ved relinga, kledde i kvite vernedrakter og med munnbind, vinkar. Omsider er leideren klar. «Benvenuto» helsar reklameskiltet på ferjeterminalen. «Velkomen».

Først går seks kvinner. Fire av dei har ein ekstra passasjer i magen. Alle blir ført bort til helsearbeidarar som tek særskilt hand om gravide. Så kjem dei 214 neste. Mange er barføtte. For å få ned vekta på båtlasta har smuglarane kasta skoa deira.

Dersom ingenting blir gjort kan 200.000 båtflyktningar ha gått i land i Italia innan året er omme, trur innanriksdepartementet. Ferske kalkyler viser at det kan kome 5.000 i veka dei fem neste månadane.

– Dødens årstid er på veg, analyserer Amnestys Europa-sjef, Gauri van Gulik.

– Du skjønnar, vi går no inn i sommarsesongen, og når sjøen i Middelhavet blir roleg, ja, så kjem det fleire båtar hit, forklarar han som jobbar på kystvaktbasen i Portoalto, men som ikkje ønskjer å gje opp namnet.

Les også: Erna Solbergs store test

Portoalto er landsbyen på sørspissen av Sicilia som både haustar av havet og av jorda. Herfrå går kystfiskeflåten ut og hentar opp sjømat. Herfrå går grønsaksbøndene ut i drivhusa og hentar inn avling.

Frå toppen av kystvaktstasjonen ser ein vestover mot skipskyrkjegarden som er fylt opp med libyske fiskebåtar av aller ringaste kvalitet, men likevel gode nok til å bli sendt nordover, stufulle av reisande som betalar minst 1.000 dollar for einvegsbilletten.

Frå kystvaktstasjonen ser ein også nordover, mot eit landskap fylte med endelause kvite plastormar. Frå drivhusa kjem det grønsaker som også ber namnet blodtomatar.

Mange båtflyktningar endar opp som underbetalte og grovt utbytta landarbeidarar i desse drivhusa. Deira draum om Europa endar her.

Blant dei 220 i gummibåtane var det også nokre 16-17 år gamle gutar. Italias mottaksprogram seier at mindreårige gutar skal sendast til eigne senter. Her skal dei vere i tre dagar før dei reiser vidare til betre rusta mottak.

– Dei som har budd her lengst, har vore her i eitt år, vedgår Ahmed Echi.

På Papa Francesco, eit mottak for mindreårige gutar, prøver 30 tenåringar å gjere det beste ut av dagane som er fylte med frivillig italienskkurs, litt hagearbeid, fotballkampar, bønn – og ingenting.

Les kommentar: Turist i flyktninghavet

– Mange gutar blir stressa av å vente på at livet i Europa skal starte. Nokre forsvinn berre, dei evnar ikkje vente, seier senterleiar Echi. Blant desse er særleg gutar frå Eritrea, Somalia og Syria. Dei vil nordover. Tenåringane frå land sør for Sahara ser ofte ei framtid i Italia.

Papa Francesco ligg langt frå byen Priolo. Uteområdet er ein sandørken.

– Innanriksdepartementet har avgjort at kvar mindreårig skal få 45 euro. Det skal dekkje alle utgifter til drifta av eit senter som vårt, og det skal gje kvar mindreårig litt lommepengar.

– Kor mykje får dei i lommepengar?

– To og ein halv euro, seier Echi.

Ingen mindreårige på Papa Francesco vil snakke med Dagsavisen. Det har organisasjonen som driv senteret bestemt. Pressemerksemd skaper dårleg stemning i etterkant, forklarar Echi. Fire gutar høyrer på samtalen. «Ciao» prøver ein seg med. Echi ristar på krøllene.

Les også: Ett år med varsler, ingenting gjort

Tilstrøyminga av flyktningar skaper eit enormt press på alle institusjonar på Sicilia som arbeider med dei sjøfarande.

– I Nord-Italia er alle samde om at det er best om asylmottaka ligg i Sør-Italia. Difor har sør, Sicilia inkludert, fått ansvaret for rundt 60.000 flyktningar årleg, seier styraren på Papa Francesco.

Sjølv er han ein av dei heldige:

– Arbeidsløysa på Sicilia er høg. Men flyktningane skaper nye jobbar. Sjølv fekk eg, som har ein universitetsgrad i litteraturvitskap, jobb som leiar av mottaket.

– Ein espresso skal bli. Noko anna?

Salvatore Scalia lever av service der han står i ein liten gatekiosk i sentrum av Catania. Han har faste kundar under parasollen som nippar til ein limoncello i vårvarmen, og han har dei som morgon, middag, kveld stoppar for ein liten kopp brun bønnedrikk.

Scalia målber argumenta mange sicilianarar sender til Brussel:

– No må EU hjelpe Italia, elles blir det kaos. Tenk kva som kan løyne seg i flokkane som går i land på Sicilia, seier kaféverten og nemner alt frå kriminelle til radikale islamistar.

Scalia refsar aksjonen EU leiar, Triton:

– Han er dårleg leia. Vi vil ha tilbake aksjonen Italia leia fram til i fjor haust, Mare Nostrum. Denne evna å handtere katastrofen som utspelar seg på havet sør for oss, meiner Scalia og heller opp ein fruktdrikk til ein kunde.

– Det blir tre euro, takk.

Les Arne Strand på Nyemeninger.no: Problemene i kø for Erna

Scalia blir bønnhøyrt. EUs toppleiarar er blitt samde om å tredoble løyvingane til grensepatruljeringa i Middelhavet. Men det er uaktuelt å ta opp att redningsaksjonen Mare Nostrum som Italia organiserte fram til desember i fjor.

Parken utanfor togstasjonen i Catania er ei grøn lunge for reisande. Han er også friluftspensjonat for båtfolket. For mange flyktningar blir berre buande på mottak i svært få dagar. Italia ser gjerne at dei forsvinn nordover.

I parken ligg papplater som overnattingsgjestene brukar som madrassar. Her ligg gamle klede som ikkje blei med på ferda nordover, mot Roma, mot Berlin, mot London – og mot Oslo.

I ein skugge sit fem unge menn frå Eritrea. Dei har alle kome til Sicilia med skrøpelege farkostar den siste veka. To vågar å snakke med Dagsavisen, men dei vil ikkje vise ansikta.

– Vi vil ikkje vise eritreiske styresmakter at vi er i Italia, forklarar mennene.

Les også: Norge sender skip til Middelhavet

Les kommentar på Nyemeninger.no: «La dem drukne»

Les også: Overfylt båt og kapteinsfeil årsaken til båttragedien

Flyktningar som går i land i Italia prøver å unngå å bli blåe på fingrane av politiets stempelputer. Alle som blir registerte som asylsøkjarar i Italia, men som reiser vidare nordover, blir sendt tilbake til Italia om det blir kjent at Norge, Sverige, Danmark, Nederland eller Tyskland ikkje er det første europeiske landet dei er registrerte i.

Eritrearane Mulu og Krrar seier dei er blant dei heldige, dei som blei plukka opp av eit italiensk marinefartøy og skipa til Sicilia.

– Eg reiste til Sudan frå Eritrea, så vidare til Libya. Reisa dit tok meg sju månader, fortel Mulu. Om reisa til Libya og opphaldet i ein kystby fortel Mulu lite. Han er ikkje lysten på å dele kva som hende medan han venta på båt.

– Vi var 500 på ein fiskebåt. I 19 timar sat vi på båten innan vi blei redda, seier Mulu.

– Vi var 30 timar på sjøen innan hjelpa kom, fortel Krrar. Han mumlar fram prisen på reisa, 1.000 dollar.

Mulu og Krrar sit i stasjonsparken i Catania og ventar på bussen. Neste stopp blir Roma. Her ventar vener og familie.

– Vi har reist frå Eritrea grunna diktatoren. Han som styrer landet vil oss ikkje vel. Når vi krev respekt for menneskerettane, ja, så svarar presidenten med arrestasjonar og forfølging, fortel mennene.

– Vi vil ikkje avtene verneplikta av politiske årsaker, vi vil ikkje støtte ein diktator, utdjupar Krrar.

Les også: Fant døden til havs

Etter Roma vil han nordover i Europa før han leverer inn søknaden om asyl.

– Eg vil til eit land som behandlar oss bra – kanskje til Norge, smiler Krrar.

I fjor kom det flest eritreiske asylsøkjarar til Norge.

– Tyskland skal vere bra, meiner Mulu.

Eritrea er blant verdas yngste nasjonar og blant verdens fattigaste. Sidan sjølvstende frå Etiopia har landet vore ein autoritær eittpartistat, styrt av Isaias Afewerki.

– Vi skal skape oss ei ny framtid her i Europa, vi vil studere og få jobbar.

Mulu tok avskil med far og mor, søster og bror innan han la ut på ferda til Libya. For å få nok til smuglarane langs ruta, samla familie i Eritrea, Europa og Amerika inn pengar.

Korkje Mulu eller Krrar vil ut med detaljar om prisar, om dei som døde undervegs, eller kva slags behandling dei fekk i Libya og på overfarten til Italia. Dei to unge mennene vil heller snakke om det å kome fram i live.

– Eg var i en lukkerus, seier Mulu.

– Det var som å bli fødd på ny, meiner Krrar.

Les også: Krever massiv redningsaksjon

Lenger bort i parken sit Shishay, også han kjem frå Eritrea. Men 29-åringen har vore på reise mot Europa lenger enn alle dei andre.

– Eg valde å reise til Israel. Her budde eg i fem år før eg blei sendt til Etiopia. Frå Etiopia kunne eg reise til Libya via Sudan.

Vel fram i Libya var der ingen retrett. Siste strekning venta. Smuglarane fylte båten til ripa med menneske før han blei sendt ut på ope hav. Redningsmennene hadde italienske marineuniformer.

Shishay vågar i motsetnad til landsmennene litt lenger borte i stasjonsparken å vise ansikt:

– Eg er ikkje redd for diktatoren i Eritrea. Eg har reist for godt. Mi framtid er her. Først skal eg til Roma, så får vi sjå kvar eg endar opp.

I Libya skal opp mot ein million menneske vere klare til å segle over dødens hav. Snart legg ein ny grå patruljebåt frå Guardia de Finanza til kai i Catania. Og ein kvit frå Guardia Costeria i Augusta. På Sicilia er det klart for dødens årstid.

Les også: Reise til nattens ende

Les også Hege Ulsteins kommentar: Fare for forlis

Les også: – Norge bør ta imot 10.000 syriske flyktninger

Les også: 

Mer fra: Reportasje