Nye takter

Operafantom på jazzens tak

- Etter at eg byrja å syngje opera har eg nyoppdaga jazzen, seier Håkon 
Kornstad etter strålande konsert i Molde.

MOLDE (Dagsavisen): Seint torsdag kveld stod han for ein av festivalens store konsertopplevingar. Han song og spelte songar frå klassiske operaer og andre italienske songar, til eineståande tonefølgje på trøorgel med Sigbjørn Apeland, Per Zanussi på bass og Øyvind Skarbø trommer. Tenorsaksofonisten, som dei siste åra har dyrka soloformatet instrumentalt med elektroniske hjelpemiddel attåt, har eit program han har framført på to festivalar før, og han tok publikum i konsertlokalet på Plassens topp med storm.

Mange har fått hakeslepp tidlegare når Kornstad på solokonsertar, kunne syngje operasongar som ein Jussi Björling som ekstranummer. Med dette programmet går songtenoren og tenorsaksofonisten i duell med seg sjølv, og førestellinga har fått namnet «tenor battle», etter dei klassiske saksofonduellane i jazzen.

- For meg er dette eit møte mellom ein tenorsaksofon og songtenor i ein person, med ei stemme eg knapt visst om før eg byrja å syngje, seier Kornstad, som dei siste åra har reindyrka soloformatet instrumentalt med stor suksess.

Den indre stemma

- Eg har vore på leit etter ei indre stemme, og å syngje opera forløyste henne. Songstemma er også eit instrument, og når eg spelte åleine kjende eg at eg alltid har «sunge» litt med instrumentet. Då eg endeleg våga, vart eg overraska over kor stor stemma var.

Kornstad fortel med humor om då vener i USA tok han med på Metropolitan og han vart hekta. Han møtte ein kvinneleg songlærar i upper New York som konstaterte at visst var det ei stemme der inne, og Kornstad var klar for operaskule.

- Kva visste du om opera?

- Eg var heilt blank, men eg hadde ei samleplate med Jussi Björling. Etter USA forstod eg at dette måtte eg gå hundre prosent for, og eg byrja på Operaskulen som er ein del av Musikkhøgskolen. Når eg og Ingebrigt Flaten turnerte med salmeplata hans song eg eit lite nummer på kvar konsert, og responsen var enorm. Det gav det ein ekstra dimensjon.

- Har du ein yndlingsopera?

- Det er Cavalleria Rusticana av Mascagni. Ein opera som har alt, som smakar av Verdi og Puccini, men som har berre ei akt, som høver meg best.

Björling og coltrane

- Du var hekta, men kva med jazzen etterpå?

- Etter halvanna år på operaskule var det som eg nyoppdaga jazzen. Eg høyrde på Miles Davis med nye øyre, og eg forstod kvifor dei gamle songane vi spelar er så utruleg bra. Å høyre Coleman Hawkins spele saksofon er som å høyre musikk frå dei gamle salongane. Når eg spelte i jazztrio snakka vi om kadensar i musikken. No har eg ei ny oppleving i måten å spele jazz på, ein uendeleg fridom som eg kjenner sterkare når det gjeld både klassisk og jazz. Og eg må bruke kroppen meir for å halde meg i musikalsk form og ikkje miste stemma.

Gjev musikken nerve

- Kven er songaridola dine?

- Jussi Björling gjorde det med ei inderlegheit, og det er som å høyre John Coltrane, der spørsmålet om å ha bra teknikk kjem i andre rekkje. Caruso var stor, og vår eigen Kirsten Flagstad også. Det er som om nokre har ei «jazztilnærming» til songen som gjer han til noko meir enn det skolerte. I dag går mange så lenge på skule og vert så skolerte at du nesten likar det best når dei ikkje får det til, for det viser at dei prøver på noko meir. Det er som i jazzen, og det som gjev musikken nerve, seier Kornstad.

Han gjorde med glede meir enn eitt ekstranummer med det eminente bandet fram mot midnatt, då organisten fekk publikum med på «Fager kveldssol smiler» og Kornstad framførte ein av dei finaste operasongane berre på saksofonen. Og ute på Plassens tak etterpå var det mange som hadde fått ei oppleving dei seint vil gløyme.

Mer fra: Nye takter