Nye takter

Trio frå ovan

I Skydive Trio står den eminente gitaristen Thomas Dahl fram som ein musikalsk leiar av format.

Skydive Trio
«Sun Moee»
Hubro (Musikkoperatørene)

Frå den første låten «Bravo» slår han an tonen med eit gitarspel vi kjenner att både frå tidlegare album  med bassist  Mats Eilertsen, frå bandet Krøyt der han gjorde gjennombrot med Kristin Asbjørnsen, og fleire. Dei tre i Skydive Trio, med Eilertsen på bass og Olavi Louhivuori på trommer, har før spelt saman på Eilertsens «Radio Yonder» og «Sky Dive». I Skydive Trio er Dahl i førarsetet på «Sun Moee», med eit gitarspel som både elektrisk og akustisk gjer han til ei særeigen oppleving å lytte til. I eit ensemble der Dahl har skrive tre låtar, Eilertsen tre, det finske fenomenet Louhivuori sluttlåten «Four Words», og  Portisheads «Our Heads» er eit lån. Det er musikk der eg som lydar ikkje tenkjer på sjanger, men på eit stort mangfald, frå ein gitarist som på merittlista har band som BMX med Per Jørgensen, Dingobats med Eirik Hegdal og ei rad andre, frå han kom ut frå musikklinja i Trondheim. På «Sun Moee» blir han for første gong presentert som leiar og drivande kraft i eit band, skriv utgjevaren. Då er det på høg tid.

Bazz gir gass

Jens Fossum er ein bassist du kan støyte på i mange band, elektrisk og akustisk, i Ingar Kri­stiansens «Sinatra Songbook», med bro­­­ren Håvard Fossum i Fossum-Aarum Quartet, med fleire vokalistar og andre. Før han med sitt eige band gir full gass på albumet «Bass Detector» (bildet) (Ozella/MusikkLosen). Sist veke var det slepp på yndlingsklubben Herr Nilsen. Til plata har han samla eit kanonlag med pianist Jørn Øien på keyboard, saksofonistane Håvard Fossum og Børge Are Halvorsen, ein trompetist, ein trombonist og fleire trommeslagerar. All musikk har han skrive sjølv, og det er berre å feste setebelta før basstedektoren set i gang. Enjoy!

Mer fra Dagsavisen