Nye takter

To utan grenser

Etter eit musikalsk kronår er evig unge Karin Krog og John Surman stadig på veg i jazzens grenselause univers.

Musikken på «Infinite Paths» (Meantime Records/Musikkoperatørene) er det første med musikk innspela live under ein konsert på Høvikodden under Ultima­festivalen i fjor. Så langt eit partnarskap som har vore ein vegvisar i bruk av elektronika også i jazzen, med Surman junior Ben som opptaksmann. Og det er berre å nyte live grooven av «Wild Bird» med Surman på bassklarinett. Som vokalist beherskar Karin Krog sitt metier både med og utan ord, konverserande med flytande overgangar på t.d. «Picture Postcards», før «Infinite Paths» er klar tale om det uendelege universet dei har vore i.

LES OGSÅ: Løp fra skolen for å høre Billie

Til diskografien høyrer fleire innspelingar saman for ECM og andre, tre av dei for Krogs selskap Meantime Records. Og Spellemann-prisvinnaren «Songs about This and That» etter eit akustisk bestillingsverk på Vossa Jazz. Med eller utan elektronika, med «Infinite Paths» har Karin Krog og John Surman fyrt av salutten for endå eit grenselaust jazzår.

LES OGSÅ: Mer enn «han ved siden av Karin»

Stilig med Badendyck

Til attgløymene i fjor høyrer albumet «Lover» (Baden Music/Musikk­Losen) med pianisten, songaren og sportsmannen Rickard Badendyck. Han har før gitt ut albuma «That’s All» (2005) og «Peace» (2010) delvis med strykarar. Med 13 slike og saksofonisten Odd Riisnæs som arrangør, Stig Hvalrygg på bass og Terje Engen på trommer, har «Lover» blitt eit stilig album, med klassikarar som «When I Fall In Love», «The Very Thought of You» og «Skylark». Med ein vaksen «crooner» på oppdagarferd er musikken på «Lover» i dei beste i hender.

Lyre med åtte vindar

«Det gjeld ikkje å la seg drive av åtte vindar, men å kjenne dei når det er stille». Sitat Gustavo ein eller annan, i høve det vakre albumet «Eight Winds» (ECM/Musikkoperatørene) til Sokratis Sinopoulos (lyre), Yann Keerim (piano), Dimitris Tsekouras (bass) og Dimitris Emanuouil (trom­­­­mer).

Mer fra Dagsavisen