Mette Henriette med historisk platedebut. Foto: Anton Corbijn/ECM

Tidenes debut

Med det overdådig dobbeltalbumet «Mette Henriette» leverer komponisten og saksofonisten ein debut verd ein plass i gullrekkja til ECM.

Første del «O» er ei nydeleg vakker trioplate med cellist Katrine Schøtt, og pianisten Johan Lindvall som ho også spelar med i bandet Korg. Det andre som ho kallar «Ø» er med tretten musikarar med bakgrunn frå både indie, tango, seks av dei strykarar, og jazzmusikarane Johan Lindvall, Per Zanussi og Per Oddvar Johansen. Utgjevaren einer det er lett å høyre at dei er to sider av same sak. Eit meir storslått uttrykk kan hende på den siste, men på femten «O»-spor og 20 «Ø»-spor er det nok å ta av, om du er på musikalsk skattejakt. Her er eit ensemblespel lasta med strålande arrangerte stykke, i alle dei format og konstellasjonar det er rom til, med båe stort og lite å spele på.

24 år gamal er musikaren med det fulle namn Mette Henriette Martedatter Rølvåg inga novise, men har ei lang merittliste som musikar og kunstnar i både inn og utland. På jazzscena har denne medarbeidar i år høyrt henne seinast i bandet Korg, leia av pianisten Johan Lindvall. Med «Mette Henriette» (ECM/Musikkoperatørene) har ho levert eit meisterverk.

LES OGSÅ: Årets jazzkomet dobbelt opp

Bakken i godt lag

Saksofonisten og komponisten Magnus Bakken har ei stund vore eit namn å merke seg på jazzscena. No også i samarbeid med den amerikanske saksofonisten George Garzone, som var hans mentor mens han studerte ved Berklee College of Music i USA. «Cycles» (ampmusic/Musikkoperatørene) heiter platedebuten, med Garzone som gjest i bandet med Jørn Øien (piano), Christian Meaas Svendsen (bass) og Jon Audun Baar på trommer. Det er eit forfriskande album med sjølvskriven musikk i den tradisjonen både bandet og hans mentor kjenner seg mest heime i.

Viktig hubro-varsel!

«Untitled Arpeggios and Pulses» (Hubro/Musikkoperatørene) flyg over hav og land når kaptein Christian Wallumrød & Trondheim Jazzorchestra fær fram med ny plate. 4. november landar dei i Trondheim, dagen etter på Nasjonal Jazzscene i Oslo, 6. november i Bergen Jazzforum.