John Surman - travel syttiåring i mange roller med Bergen Big Band. FOTO: ØYSTEIN FYKSE

Surmans storband-himmel

Med Bergen Big Band frå «Another Sky South» til «Ruby My Dear» kan John Surman jubilere med stil.

Dena DeRose

«We won’t Forget You»

HighNote 
(MusikkLosen)

John Surman/Bergen Big Band

«Another Sky»

Grappa (Musikk­operatørene)

Stefano Bollani m/Jesper Bodilsen, Morten Lund, Mark Turner, Bill Frisell

«Joy In Spite of Everything»

ECM (Musikk­operatørene)

 

Det har ikkje gått verda forbi at han i dag rundar sytti, og som det heiter når vi dreg på åra: meir vital enn nokosinne! Musikken til albumet «Another Sky» har fleire allereie høyrt før (det starta i Parma i 2011), i mitt tilfelle på den strålande konserten under Oslo Jazzfestival. På nært hald kunne vi studere han i rolla som komponist, arrangør, dirigent og solist på sopran og barytonsaksofon, med eit internasjonalt merittert storband han har spelt med før, fullt av strålande musikarar og store solistar. Musikken har han henta frå si eiga skattkiste, foredla til bruk med den bergenske jazzeliten som har spelt med folk som Maria Schneider, Gianluigi Trovesi, Paquito de Rivera, Joe Henderson og mange fleire. Den som slår an tonen er gitarist Ole Thomsen, ein nestor i rytmeseksjonen saman med pianist Dag Arnesen, Magne Thormodsæter (bass), Frank Jacobsen og Stein Inge Brækhus på trommer og perkusjon, og vibrafonist Kåre Kolve. Og med storbandets drivande sjef Olav Dale i spissen på saksofon, står fleire solistar fram på rad.

Briten John Surman har ei internasjonal merittliste herfrå til månen, frå han gav ut sitt første album i 1969. Han har samarbeida med mange norske musikarar, med Karin Krog på fleire album frå «Cloud Line Blue» i 1979 til fjorårets «Songs About This And That». Han er ein sentral musikar i ECM-stallen, og i 2012 tok han ut alt solo, på alle blåseinstrumenta sine på albumet «Saltash Belts». «Another Sky» er som storbandplate, med Surman sjølv som vital solist, ei fryd å lytte til, med up tempo-låten «Scare ’Em Up» basert på ein folketone som frisk avslutning.

Neste bursdagskonsert med storbandet blir på London Jazzfestival 15. november. Til lukke med dagen.

 

Bollani!

Kva kan gå gale når den italienske pianisten Stafano Bollani, til ei plate med tittelen «Joy In Spite of Everything» inviterer Mark Turner på saksofon, Bill Frisell på gitar og det danske radarparet Jesper Bodilsen og Morten Lund på bass og trommer? For eit band, tenkjer eg mens eg bur meg til Italias største rabulist, virtuos og humorist i møte med elles sindige folk. Alle fem spelar ikkje heile tida, men i konfigurasjonar frå kvintett til kvartett til trio og til og med duo, med Bill Frisell på «Teddy», ein låt Bollani skreiv med Teddy Wilson i tankane. Ingen planar på førehand var regelen, då bandet vart sett saman berre for denne innspelinga. Bollani hadde aldri møtt Frisell, det hadde ikkje danskane heller, og trommeslagaren hadde aldri spelt med Mark Turner, som snart er plateaktuell sjølv. Og eg lyttar til platas lengste og kanskje vakraste låt «Vale» med heile kvintetten, før Frisell/Bollanis duo «Teddy». 75 minutt er ein lang cd, men hugs tittelen: «Joy In Spite Of Everything»!

 

Til Shirley Horn

Å lage ein homage til Shirley Horn med songar frå repertoaret hennar og spele det inn med tittelen «We Won’t Forget You», er ikkje noko ein gjer til kvardags. Men Dena DeRose frå Binghamton i staten New York gjer det med eit album det står respekt av. Som tenåring for ho tidleg til New York City for å høyre jazz, ho har ei merittliste med fleire kjende, ho har lenge undervist i jazz, og attpåtil akkompagnerer ho, som Shirley Horn, seg sjølv framifrå på piano på alle låtar, utan å ape etter meisterens stil. DeRoses faste trio er med Martin Wind på bass og Matt Wilson på trommer, Eric Alexander (saksofon), Jeremy Pelt (trompet) og Gary Smulyan (saksofon) gjestar på nokre av låtane. DeRoses eigen diskografi startar på nittitalet på Sharp Nine Records, og ellevte album er «We Won’t Forget You», etter Horns «You Won’t Forget Me». Som DeRose syng saman med ti andre låtar frå Horns repertoar. Ho står trygt på sine eigne musikalske bein. Trygt nok til å heidre idolet sitt med stil.

 

Sjå opp for Mirage

Musikken er melodisk og tredimensjonal, heitte det då Mirage Ensemble lanserte albumet «Memory Happens Now» (Losen/MusikkLosen). Med akustisk jazz av klasse frå seks musikarar som frå ulike delar av landet kom til Agder Musikkhøgskole i Kristiansand i 2010 for å studere. Med Joakim Bergsrønning (saksofon), Magnus Drågen (trompet), Lars Sutterud (trombone), Steinar Glas (bass) og Jena Nyland (trommer) attåt gitarist Igland, vart dei til eit band, med sjølvskriven musikk til eit album det smakar fugl av. Igland har skrive mest, men frå ulike musikalske ståstader har dei laga musikk som er open i forma, med fine overgangar mellom det arrangerte og det improviserte. Ein prosess der dei har plukka frå mange retningar og skapt sin eigen, med alt innspelt «live» i studio med minst mogleg etterarbeid.

Om namnet Mirage seier dei at klangen av ordet har inspirert dei meir enn kva ordet måtte bety. Ni låtar sluttar med tittelen «23/7», til ettertanke.

 

Grøttums perler

«Nyansar i blått» (Grappa/Musikkoperatørene) er ei perle av eit album der Ingrid Bjørnov, Sigmund Groven, Tom S. Lund, Tom Reilly, Olga Konkova og ei rad jazzmusikarar elles tolkar songar med eller utan tekst, signert komponist, pianist og jazzveteran i NRK Kåre Grøttum. Ingrid Bjørnov opnar med stil som ragtime-pianist, Erling Wicklund på flugabone i vakkert samspel med Tom S. Lund spelar «Bijou bijoui», Kåre Conradi syng «Rainy Days», Åse Karin Gjelen syng ein av dei finaste med vakkert komp. Knut Riisnæs, Staffan-William-Olsson og endå er med, og platas pianist Konkova avsluttar eit fint album solo, med den vesle godnattsongen «Bon Soir».