Nye takter

Stor triodebut

Etter mange år i jazzens teneste debuterer pianist Eivind Austad med eit trioalbum av klasse.

Med ein nydeleg solointro opnar han i beste Keith Jarrett-stil, før bassist Magne Thormodsæter og trommeslagar Håkon Mjåset Johansen sluttar seg til, på opningssporet «Two Of Mine». Snøggare enn ein ballade, i ein roleg up tempostil, opnar albumet «Moving» (Ozella/Musikklosen) på ein verkeleg lovnadsrik måte. I same stil følgjer han opp med «Median», og du kjenner suget. Frå eit band der musikarane einskildvis har rundt tjue års fartstid i jazzen, og som lanserte seg med stil på årets Vossajazz. På to låtar har Austad skrive musikken sjølv, til ein trio der han med base i Bergen er etablert som ein etterspurd musikar. Så også veteranen Magne Thormodsæter som underviser ved Grieg-akademiet. Med ikonet Mjåset Johansen på trommer er det ein komplett trio, der ensemblespelet flyt lett heile vegen.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Så også på «Moving», som halvvegs på albumet held oss i age for det som skal kome. Coverlåtane til slutt er Cole Porters «The Moment of Truth» og David Bowie-klassikaren «Life On Mars». Den vakraste balladen på ein strålande debut.

Også ein jazzmaskin

Rønnings Jazzmaskin vart starta i 2012 for å heidre meisterens «The Elvin Jones Jazzmachine», og med albumet «Jazzmaskin!» (Losen/Musikklosen) har bandet utført oppdraget som det sømer seg. Petter Kraft heiter tenorsaksofonisten som også har skrive mest alle låtane. Saksofonist Martin Myhre Olsen har også skrive, Egil Kalman spelar bass, og med Truls Rønning bak trommene er bandet komplett. Kvartetten er basert i Trondheim, låtane står seg fint i alle tempo, og ein røff tone her og der på vegen, spritar opp.

Mare Nostrum-nytt

«Mare Nostrum II» (ACT/Musikkoperatørene) kallar! Bandet med den unike besetninga Paolo Fresu trompet, Richard Galliano trekkspel og Jan Lundgren piano har samla seg etter sju år pause, og saka er klar.

Les også: På musikkens vengjer

Mer fra: Nye takter