Nye takter

Stemmene!

Med albumet «On Anodyne» har Trondheim Voices og ensemblet Batagraf skapt eit meisterverk.

Tidenes norske vokalgruppe sprang ut av jazzlinja ved NTNU i Trondheim, albumet «On Anodyne» (Grappa/Musikkoperatørene) er basert på eit dikt av den amerikanske poeten Yusef Komunyakaa. Verket vart urframført i Molde i 2011, og gjer det med ein musikalsk presisjon som tek pusten frå ein. Trondheim-stemmene oppstod første gong i 2001, og songarane har heile tida vore mellom våre fremste kvinneleg jazzvokalistar og improvisatorar. Klokkereint framfører dei krevjande arrangement i kor betre enn nokon. Det gjer det også lett å følgje teksten, i eit tredelt verk som er ein suite for ni stemmer og fire perkusjonistar.

Med røter i jazzlinja er dei ni stemmene på innspelinga Live Maria Roggen, Kirsti Huke, Siri Gjære, Ingrid Lode, Torun Sævik, Tone Annie, Sissel Vera Pettersen, Anita Kaasbøll og Silje Karlsen Ræstad. Batagraf er med Jon Balke, Helge Norbakken, Snorre Bjerck og Ingar Zach. Diktet «Anodyne», som vart oppdaga på internett, har vore utgangspunkt for det som har blitt eit rytmisk og melodisk meisterverk. Trondheim Voices har medverka i fleire prosjekt. «On Anodyne» kjem du til å bli hekta på.

Melding frå sfinks

Saksofonisten Anders Lønne Grønseth med fortid i bandet «Sphinx» er stadig på farten, og etter at han i fjor slo gjennom på plata med det lange namnet «Mini Macro Ensemble 2nd Vol 1» (Pling/Musikkoperatørene), kjem no Vol 2. Med Hanne Rekdal på fagott/tuba, Morten Barrikmo klarinett, Marin Taxt tuba, Sigrun Eng cello, Audun Ellingsen bass, Anders Aarum piano, Andreas Bratlie perkusjon. Ein ny musikalsk godbit med nydeleg arrangerte songar, med titlar henta frå ein fargeskala.

Grønseth gir samstundes ut plate med den indiske gitaristen Debashish Battacharya.

Funkpakke frå Graf

Legendarisk trio med Haakon Graf, Erik Smith og Per Mathisens ferske dobbel-utgjeving «Sunrain» (Losen/Musikklosen) på cd og dvd, er årets førjulsgåve. Alt innspelt i Oslo og Drammen i fjor, er det funky ferskvare.

Mer fra Dagsavisen