New York-kvartetten til Tomasz Stanko med Gerald Cleaver, David Virelles, Stanko og Reuben Rogers.

Stankos jazz

Med New York-kvartetten sin kjem den polske trompetisten Tomasz Stankos i sitt 75. år med eit meister-album.

Jazz

 

«December Avenue» (ECM/Musikkoperatørene) er albumet Stanko etter å ha skifta arbeidsplass har spelt inn med David Virelles på piano, Reuben Rogers på pass og Gerald Cleaver på trommer. Det er den 12. ECM-plata til Stanko som no turnerer både i Europa og USA, som spelte i Tromsø torsdag og i palmehelga spelar i Oslo og på Voss. «Cloud» er det første sporet på plata der han som vanleg har skrive alt sjølv, melodiar snarare enn songar, meditasjonar til ein kvartett solistar som frå kvar sin ståstad skaper vedunderleg vakker musikk.

Stanko har ei lang amerikansk merittliste frå før han slo seg ned i NY, etter mange år med den unge polske pianotrioen til Marcin Wasilewski. Det er ti år sidan han flytta til det han framleis kallar jazzens hovudstad. Vi har møtt han på mange norske jazzfestivalar, og han er like levande og nyfiken på kva som hender. På ECM har han også spelt med Miroslav Vitous, Michael Formanek, Craig Taborn, Louis Sclavis og mange fleire.

Tomasz Stanko New York Quintet har konsert i Oslo 8. april og på Vossa Jazz palmesøndag.

Skin som Skinner

«Skinner plays Skinner» (Losen/MusikkLosen) heiter det nye albumet til den norskbuande britiske musikaren David Arthur Skinner og gjer karriere som solopianist, og som gjer det med stil. Men når jazzmusikarar flest spelar andre sine «standardlåtar» skriv han sine eigne, noko han har gjort i mange år.

Musikalsk i ei «tradisjonell» form, med musikk som er hans eigen, som han også spelar med andre. Ti nye låtar frå «Diagonal Rag», «David’s Blues», «Grå trøyst» til «Ert», musikalske refleksjonar som er ei fryd for øyret når Skinner spelar sommartida inn.

Pan-Scan ensemblet

«Air and Light and Time and Space» (PNL Records/Hispid 2017 er den lange tittelen på eit forrykande album Ståle Liavik Solberg og Paal Nilssen-Love spela inn med norske og svenske musikarar på klubben Blow Out i Oslo 16. desember. Enjoy!