Nye takter

Ståande jazzbuffet

Den 53. jazzfestivalen på Kongsberg held stø kurs mot ny publikumssuksess, etter dagar fulle av musikalske perler.

Bilde 1 av 2

KONGSBERG (Dagsavisen): Det største kicket kom då felespelaren Ola Kvernberg frå Fræna møtte den amerikanske pianisten Jason Moran på Energimølla, som har utmerka seg som festivalens beste jazzklubb. I Norge er Moran vel kjend, ikkje berre som residerande artist under Moldefestivalen. Tipset om å kople han med Kvernberg kom frå festvalleiaren på Kongsberg, eit blinkskot som kulminerte med songen «Jag etter vind», etter tittelen på ein norsk film. Felevirtuosen Ola Kvernberg fortalde om sitt seine første møte med den for han ukjende songen «Sometimes I Feel Like A Motherless Child», no eitt av hans glansnummer.

Festivalens pressekonferanse bar bod om ny publikumsrekord. Tredelinga av publikum etter ulikt nivå har slått an. Samarbeidet med det lokale næringslivet har høgste prioritet, og festivalsjefens tale minner til tider om Mao Zedongs parole «Ha sans for tal». Oppdraget til neste tingingsverk gjekk denne veka til saksofonisten og komponisten Marius Neset, men kvar er jazzmusikkens ståande buffet? Det høge nivået i norsk jazz speglar seg att i sterke festivalprogram på grunn av svært mange dyktige musikarar. Til dømes vitnar den store eksamensfestivalen som i vår har vore i regi av Musikkhøgskolen, om ei evne til musikalsk nyskaping sterkare enn nokosinne, og det er mange musikarar å ta av.

Under festivalen har tilårskomne Blood Sweat and Tears, Joshua Redman, Dee Dee Bridgewater og andre utanlandske kanoner stått på programmet. Torsdag heldt Trondheim Jazzorkester med Joshua Redman ei glitrande førestelling, og Trondheim Voices imponerer stadig. I 1979 var eg på min første Kongsberg-festival, der unge John Scofield var gitarist i eit band med trompetisten Terumasa Hino på trompet, dansken Alex Riel på trommer og Ron McClure på bass. Scofield har eg møtt fleire gonger sidan, og torsdag spelte han på Energimølla med jazzrockbandet John Scofield Überjam Band. Men hans beste band er stadig «Country for Old Men», der han står fram som country og bluesmusikar i særklasse. Laurdag midnatt blir den 53. Kongsberg Jazzfestival historie, med konsertar både for åttiåringen Karin Krog, for Art Ensemble of Chicago og Jaga Jazzist.

Mer fra Dagsavisen