Nye takter

Space was the place!

Med Sun Ra Arkestras interplanetariske konsert gjekk Oslo Jazzfestival inn i ein ny fase.

Med brask og bram opna konserten med «We play interplanetarian music» utropt frå kveldens seremonimeister, som også introduserte den nitti år gamle Marshall Allen. Allen er saksofonisten som på planeten Jorda no er øvste leiar, etter at Sun Ra - for hundre år sidan fødd som Herman Pool Blount i Burmingham, Alabama - i 1993 vandra vidare i det interplanetariske. Kan hende vandra han til Saturn, som han hevda å kome frå? På scena var det uansett duka for full musikk frå eit jazz- og vaudeville-band som i kjend mundur slett ikkje er dårlege musikarar. Som ung var pianisten Sun Ra ein del av musikklivet i Fletcher Hendersons tid, og ein innovatør innan jazzen. I 1974 laga han filmen «Space Is the Place», med musikken gitt ut på plate.

Att er eit band med viltre musikantar som tar han heilt ut, som den frodige vokalisten Tara Middleton, med ein nittiårig saksofonist som med ein enorm vitalitet piskar musikarane mot nye høgder. Mitt første møte med bandet var med den levande Sun Ra, som på jazzfestivalen på Kongsberg sjekka den kosmiske utstrålinga frå hotellromma før innflytting, og som lik ein pave dynka oss med røykjelse og velsigna oss frå scena før konserten.

Sun Ra toppa ein jazzkveld som for meg starta med Helge Liens glitrande triospel. Pianisten som både med årets album «Badgers and other Beings» og elles står fram som vår mest nyskapande musikar i formatet pianotrio, og som kan trollbinde eit publikum med musikk som vert til mens han spelar. Alt i perfekt samforstand med bassist Frode Berg og trommeslagar Per Oddvar Johansen, som kvitterte med ekstranummer på sag.

Neste stopp Pixel, før det gjekk opp for ein at årets Jazzintro-vinnar Monkey Plot som ettermeldt spelte først på Kulturhuset. Å plassere eit så lågmælt improjazzband på byens mest støyande kulturkafé var dårleg gjort. Men støy skremmer ikkje bandet Pixel, som med bassist og vokalist Ellen Andrea Wang avslutta siste turne med ein kanonkonsert.

Kvelden var spekka med stemnekollisjonar, men på tampen kom ein snarvisitt til Kjetil Møster, den mangslungne saksofonisten frå mange konstellasjonar som med prosjektet Living Space, som starta som ein Coltrane-tributt, står fram som eit jazzband av «klassisk» type, med musikk som tona ut i rommet frå Charles Lloyd og Ornette Coleman. I bandet: Eivind Austad piano, Magne Thormosæther bass og evig unge Frank Jakobsen på trommer.

I dag er siste dag for den 28. utgåva av Oslo Jazzfestival, som også i år har samarbeida med improjazz-festivalen Blow Out på Mir. Min favoritt i dag er Django Bates, den eksentriske britiske pianisten bak «Beloved Bird», eit album med unike tolkingar av Charlie Parker.

Mer fra Dagsavisen