Kultur

Seglems storverk til alle

Med innspelinga av tingingsverket frå Vossa Jazz har Karl Seglem gitt ut med sitt beste album så langt.

Live Foyn Friis

«Running Heart»

Curling Legs (Musikk-
operatørene)

Karl Seglem

«Som spor»

Norcd 
(Musikk-
operatørene)

Angles 9

«Injuries»

Clean Feed (MusikkLosen)

«Som spor» er tittelen på plata og verket Seglem sjølv kallar eit høgdepunkt i karrieren, etter dei to albuma «Ossicles» og «nyesongar.no», den siste som ein del av samarbeidet med Eple Trio. Etter ein lang innsats i både folkemusikken og jazzens teneste, stilte Seglem i 2012 med eit verkeleg stjernelag på Voss, og slo frå første song an tonen i rolla som både saksofonist, bukkehorn-spelar og songar, i selskap hardingfelespelarane Sigrid Moldestad (som også er songar) og Håkon Høgemo. Med Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo på tangentar, Stefan Bergman bass og Kåre Opheim på trommer og perkusjon gjennomførde bandet det som same året vart kåra til Årets Verk av NOPA, den norske foreininga for komponistar og tekstforfattarar. Det året vann Seglem også Egil Storbekkens Musikkpris, og tingingsverket vart same år spelt inn live på Nasjonal Jazzscene i Oslo. Som Garbarek kryssa Seglem grensene mellom folkemusikk og jazz lenge før «cross over»-omgrepet var daglegtale, ofte i selskap med felespelaren Håkon Høgemo. Med Sigrid Moldestad også i bandet får musikken ein ekstra fylde, og med opningssporet var det ikkje lenge før taket var klart til løfting under urframføringa. Gjennom dei ti spora utfaldar det seg i mange fasettar, der både bukkehorn og antilopehorn kjem til sin rett, attåt tenorsaksofonen og felespelet, heile tida med eit driv som aldri slepper taket.

Etter ei vakker kortutgåve av temaet som tiande spor, blir albumet praktfullt og ikkje minst trommesterkt avslutta med «Bregne». Det er musikk for alle årstider, og eit høgdepunkt denne hausten. 21. september held Karl Seglem konsert på Voss.

Euroboogie!

Albumet heiter «Injuries», bandet heiter Angles 9, og «European Boogie» er opningslåten til eit verkeleg festband som i fjor inntok den nasjonale scena i Oslo, som gjekk i studio i desember, og som no er å få på dobbel LP eller ein fullpakka cd på 78 minutt. Uansett er det verd det det kostar. Meisterhjernen bak bandet og albumet, som har eit foto av Fritjof Nansen-merke med ni polarfarar på omslaget, er saksofonisten Martin Küchen. Det starta med sekstetten Angles 6, men det balla på seg til å bli ein nonett av verkeleg klasse, med Alexander Zethson på piano, Mathias Ståhl vibrafon, Johan Berthling bass, Andreas Werlin trommer, Magnus Broo trompet, Mats Åleklint trombone, Göran Kajfes kornett, Eirik Hegdal på saksofonar og Martin Küchen likeins. Eit nordisk stjerneband med mest svenskar, og etter suksessen med Fire Orchestra er det dei alle vel unnt. Albumet med namn «Injuries» veit verkeleg å nytte seg av bandets ibuande eigenskapar, med Martin Küchens komposisjonar i spennande arrangement, og med nonetten av sterke solistar å velje mellom. På omslaget vert det omtalt som eit skandinavisk Liberation Music Orchestra. Charlie Haden hadde likt det.

Indie-norsk

Live Foyn Friis er frå Asker og har skapt seg ein karriere i Europa med base i Danmark. I desse dagar gjev det seg uttrykk på albumet «Running Heart» i kvartett med Alex Jønsson (gitar), Jens Mikkel Madsen (bass) og Andreas Skamby (trommer), med musikk skildra av utgjevaren som indie-jazz med element av pop, rock og elektronika. Namnet skjemmer ingen, og som trio utan trommer gav Live Foyn Friis ut plata «Joy Visible», høgt nominert til prisar i Danmark, og ho har også strykarar i stallen om det trengst. På det nye albumet byr ho på eit original låtmateriale, og bandet kan skilte med at dei i sommar var på dobbel turné med John Scofields Uberjamband i Tsjekkia. All musikk og tekst har ho skrive sjølv, framført med ei særeigen stemme og stil, i pakt med ein uredd måte å gå til verket på med ei blanding av akustisk og elektronisk tonefølgje, og eit sluttspor til ettertanke. Bandet har spelt i Europa og USA, neste år går turen til Afrika, Sør-Amerika og Kina, inkje mindre! Vi kan berre ønskje lukke på reisa.

Bad Plus 
i Vesten

Bandet med det tvitydige namnet The Bad Plus held stadig koken, og med sitt tiande album «Inevitable Western», (Okeh/Sony) viser dei atter sitt uredde format når det gjeld å levere sterk akustisk jazz som ikkje følgjer andre reglar enn deira eigne. Av musikarane er pianist Ethan Iverson også med i bandet til Billy Hart, og i fjor glitra han saman med trommeslagaren Jorge Rossy, bassisten Larry Grenadier og sjølvaste Lee Konitz på albumet «Costumes Are Mandatory». Bad Plus-trioen debuterte med bandnamnet som tittel i 2001, «These Are The Vistas» var oppfølgjaren til Reid Anderson, Ethan Iverson og David King, som eg ein gong samanlikna med Esbjørn Swenson Trio, men som definitivt har gått sine eigne vegar.

På det nye albumet deler dei ni låtar likleg seg imellom der dei forskar vidare med sine røter i ein amerikansk tradisjon, men dei går heller ikkje av vegen for tolke dei store i klassisk musikk. Ein gong skreiv eg at dei var utfordra av bandet Mostly Other People Do The Killing, men The Bad Plus er ikkje på den same bana som dei maniske musikantane med det lange namnet. «You Will Lose All Fear» heiter ein av låtane, «Do It Again» den neste. Eit godt råd.

Er Psalm psalmar?

Spørsmålet er ikkje berre retorisk, når eit album der salmar med norske namn på omslaget (men av både norsk og utanlandsk opphav) blir gjeve ut med tittelen «Psalm» (Grappa/Musikkoperatørene). Det tek ikkje glansen verken av Jesus eller salmane, som er dei vakraste songane vi har, her tolka av Espen Eriksen (piano) og Gunnar Halle (trompet). Det er oppfølgjaren til «Meditations On Christmas» som kom i 2010, og det er vakkert gjort av dei to, frå «Se, vi går opp til Jerusalem» via «Velt alle dine veie» til «O bli hos meg». Psalmar og psongar vi gjerne høyrer.

Mer fra Dagsavisen