Saksofonisten Seamus Blake spelar i på Oslo Jazzfestival rundt tjue år etter at han spelte i Norge den første gongen. I dag er han i festivalbandet til Bjørn Vidar Solli.

Seamus Blakes Oslojazz

– Oslo er ein god jazzstad å vere i, seier Seamus Blake, amerikansk saksofonist på Oslo Jazzfestival.

 

I kveld spelar han i det sterke bandet som opnar Herr Nilsen-dagane på denne festivalen, leia av den meritterte jazzgitaristen Bjørn Vidar Solli, med Steinar Nickelsen på orgel og Vladimir Kostadinovic på trommer.

For Blake er det også eit gjensyn med Norge og jazz-Oslo rundt tjue år etter at han spelte i Norge med sitt eige band The Bloomdaddies. Det var også var namnet på hans andre plate i 1995, og vi var fleire som la merke til spelet til den då unge Seamus Blake.

Les også: Over til jazz

New York

– Eg møtte Solli i New York, der den norske gitaristen Lage Lund har slått rot også, seier Blake.

Fødd i London i 1970 vaks Blake opp i Vancouver i Canada. Han studerte ved Berklee School of Music i Boston, USA, og bur no i New York. Han har gitt ut rundt tjue plater som leiar og har medverka på rundt 70. Takka vere platemerket Criss Cross Jazz har denne medarbeidar skrive om fleire plater Blake medverka på, med musikk i ein amerikansk jazztradisjon på høgt nivå.

Følg Dagsavisen Oslo på Facebook!

Elektrisk

Den siste plata til Blake er «Superconductor», gitt ut på det nye merket 5 Passion. I pakt med tittelen skifter musikken karakter, med eit sju mann stort band og gjestande artistar.

– I røynda er det debuten min når det gjeld elektronisk musikk. Det har interessert meg både musikalsk og økonomisk, Og eg tok sjølv i bruk den «elektroniske» saksofonen som er ei blanding av saksofon og synth. Eg hadde lytta mykje på Joe Zawinul, bandet Weather Report, Michael Brecker som også gjekk elektrisk. Eit nytt musikalsk landskap opna seg. Eg hadde prøvd det tidlegare og likte det.

Seier Blake som framleis held fast på ein akustisk profil som utøvande musikar.

Ikkje klassisk

– Kvifor vart du saksofonist?

– Det var det instrumentet eg likte best, etter å ha starta som klassisk musikar på fiolin. Med folk som Cannonball Adderley og Miles Davis vart eg snøgt biten av jazzbasillen.

– Du vaks opp i Canada, som også har fostra store jazzmusikarar?

– Og som har eksportert mange av dei, som Oscar Peterson. Eg ville til Berklee School of Music i Boston uansett, seier Blake som dreg fram musikarar som trompetisten Roy Hargrove, gitarist Kurt Rosenwinkel og saksofonisten Mark Turner som musikalske førebilete. Ein annan er pianisten Geoffry Keezer.

Laurdag hadde Bjørn Vidar Solli og bandet hans konsert på Sildajazz i Haugesund. I kveld er det Oslo Jazzfestival som har den gleda.