Nye takter

Rumi-song for deg og meg

I dag lanserer saksofonisten og komponisten Trygve Seim plata «Rumi Songs» med tekstar henta frå ein persisk poet på 1200-talet.

– Det byrja i 2003 med at den no avdøde Anne-Lise Berntsen bad meg komponere musikk til ein konsert ho skulle ha i Uranienborg kyrkje i Oslo, der ho også skulle framføre musikk av Gustav Mahler, Henryk Gorecki og Sofia Gubaidulina. Alle tre er komponistar eg har djup respekt for, så det var med skrekkblanda fryd eg tok til oppgåva. Anne-Lise gav meg nokre bøker med Coleman Barks sine Rumi-gjendiktningar, og vona at jeg ville bruke noko av det som tekstgrunnlag for musikken eg skulle skrive til henne, seier Tryge Seim til Dagsavisen.

Musikken har Trygve Seim komponert sjølv, tekstane er av Jelaluddin Rumi, omsett til engelsk av Coleman Barks, og blir framført av vokalisten Tora Augestad. Seim spelar saksofon, Frode Haltli akkordeon, og svenske Svante Henryson medverkar på cello. I tillegg vil Erling Kittelsen på release-konserten framføre nokre av sine norske gjendiktingar av Rumi.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

– Kven var den persiske diktaren Jelaluddin Rumi?

– Han er persarane sin store nasjonalpoet, fødd i 1207 i Balkh, som no er ein del Afghanistan, og han vaks opp i Tadsjikistan før han flytta til den anatolske byen Konya, der han var religiøs lærar og diktar. Toleranse og openheit er sentrale emne i det han har skrive. Den første songen eg skreiv gjekk så utruleg lett å skrive, mest som han skreiv seg sjølv. han vart også veldig vakker, tykte eg. Etter det fekk eg lyst til både å dykke djupere ned i poesien til Rumi, og ikkje minst også til å lage ei bok med songar basert på Rumi’s dikting, til å fylle ein heil konsert.

Les også: Supergruppe på jazzfestival

Dermed var idéen til songsyklusen «Rumi Songs» skapt, men først i 2013 var Seim ferdig med heile syklusen. Og han vart urfrømført i samarbeid mellom Rumi-Festivalen i Oslo og Kulturhusnettverk Østfold.

– I dag er Rumi den mest lesne poeten i USA, seier Trygve Seim.

– Korleis var det å finne dei rette musikarane?

– Eg har utforska ulike instrumenteringar saman med Tora Augestad, arrangert nokre av songane for symfoniorkester og Tora, før eg enda med akkordeon, saksofon og cello. Betre tonefølgje kan eg knapt få, seier saksofonisten Seim, som platedebuterte på merket ECM i 2001 og har medverka på over tjue utgjevingar der. ”Rumi Songs” er også ECM-debuten til Tora Augestad. Cellist Svante Henryson er ein hyppig medspelar på norske plateutgjevingar, og i Oslo er det no ein Rumi-festival i året.

Mer fra Dagsavisen