Nye takter

Prosessen Jøkleba kallar

Når bandet Jøkleba erobrar ECM med sitt femte album «Outland», er alle i bandet med i stallen frå før.

Spunk
«Adventura Botanica»
Rune Grammo­fon (Musikk­operatørene)

Jøkleba
«Outland»
ECM (Musikk­operatørene)

Bjørn Alterhaug Quintet
«Innocent Play»
Ponca Jazz (Musikk­operatørene)

Eit band som kallar seg opp etter Kim Novak skal ein lytte til, også når det heidrar den gamle saksofonisten Lucky Thompson (som ein gong også spelte i Norge), med det fulle bandnamnet Lucky Novak. Tittelen på første plate er «The Lucky Novak Syndrome Strikes» (Goyo Records/cdbaby) der saksofonisten Tim Lowerson i tittellåten sparkar frå. Det er han og bassist Ture E. Ringereide som er opphavet til prosjektet som i 2009 resulterte i bandet «Sounds of the Unexpected» og plata av same namn. I 2012 kom «Villspor», begge med dei beste skussmål frå underskrivne. I det nye bandet spelar Sten Hermundstad på piano og Harald Botha på trommer, og plata er innspelt live i det gamle trehuset Biermansgården i Oslo. Hissige gitarakkordar og ein brummande bass innleier eit album der Ringereide og Lowerson har skrive musikken, som rører seg over eit vidt spekter. Bandet er ein del av musikarkollektivet Goyo som byggjer på ein filosofi eg ikkje har høyrt om. Det er OK for meg så lenge musikken held mål som her. Lucky Thompson er død, men Kim Novak lever. Ho fortener ein eigen song.

Bandet heiter Old Man’s Kitchen, bandet «Love for Snail» (Stunt/MusikkLosen), og eit platecover der det meste er dandert med sniglar bør absolutt vekkje interesse. Mannen bak er den danske komponisten og pianisten Peter Rosendal, som har fått heider frå det danske kunstnarforbundet for resultatet. Opningslåten er «Let The Bubbles Bubble», og tonen er slått an til eit sprudlande album med eit framifrå band som med fele, klarinett, trombone, bass og trommer spelar songar også med ein dåm av klassisk over seg. Ein fryd for øyret, der ein vakker song heiter «Velkommen til Danmark», og vi seier takk.

Jon Balke kom inn som 19-åring i kvartetten til Arild Andersen, seinare med eigne band. Vokalist og trompetist Per Jørgensen og trommeslagar Audun Kleive har også sine faste ECM-plassar, men no invaderer dei herberget saman, på albumet «Outland». Der dei vidareutviklar sitt både akustiske og elektriske uttrykk, inkludert Jørgensens unike vokale utbrot, og med referansar til litterære og andre former, med eit lite stykke stemningsskapande målarkunst i CD-heftet.

Det er musikk skapt der og då, som dei aldri kjem til å kopiere på neste konsert. Det er dei ikkje åleine om, og når ECM for første gong gir ut ei Jøkleba-plate, kallar dei trioen meir ein prosess enn eit band. Det er eit akronym laga av førenamna, slik dei første gong presenterte seg på jazsscena på Vossa Jazz i 1991, med ein konsert mange enno snakkar om, ikkje minst unge musikarar som fekk det avgjerande kicket.

Første album var «On and On», og når dei 20 år etter ein tilstand delvis i dvale vart attfødd på Voss på ti dagars varsel, då Dave Holland i 2011 melde avbod til opningskonserten, kvitterte akronymet med tidenes opningskonsert. Plata «Jøkleba!/Nu Jøk?» kom på EmArcy Records. I bandet er Per Jørgensen også ein dugande teiknar, som under ein konsert i Molde i 2014 (bildet) laga live-animasjonar på lerretet. Kvar i prosessen dei var då, er ikkje godt å vite, men også det er ein del av spenninga - og prosessen - rundt dette makelause bandet.

Uskuld i kunsten

Bassist Bjørn Alterhaug er ikkje den største grossisten i eigne plater, men han er tvillaust ein «grossist i musikk», ikkje berre som sidemann på tallause andre plater, men som lærar og inspirator i 40 år ved den jazzlinja i Trondheim han var med på å skape, og som er eit internasjonalt førebilete i det å sjå på musikk under ein høgare himmel enn sjangrar. Med tittelen «Innocent Play» på hans sjuande album i eige namn, reflekterer han i CD-heftet over musikk som spel og musikk som leik, då begge heiter «play» på engelsk, og han sverjer like mykje til den barnslege gleda, leiken, spontaniteten og «uskulda», i måten å nærme seg kunsten på. Eg trur Warne Marsh var inne på det same, saksofonisten Alterhaug spelte med på «For The Time Being» i 1988. For min generasjon var Alterhaug ein del av den store nordnorske jazz-invasjonen, han som spelte bass på det ikoniske albumet «Friends» saman med Egil Kapstad, Bjørn Johansen og Ole Jacob Hansen i Kapstad-Johansen Quartet. Hans noverande band skipa i 2007 er med John Pål Inderberg på barytonsaksofon, Frode Nymo altsaksofon, Vigleik Storås piano og Erik Nylander på trommer. Med hans eigne vakre songar, attåt den svenske folketonen «Jag vet en dejlig rosa» som Monica Zetterlund udøyeleggjorde, og Ornette Colemans «What Reasons Could I Give». Betre grunnar enn albumet trengst ikkje.

Botanisk eventyr

Då trioen Spunk i 1999 kalla sitt første album «Det eneste jeg vet er at det ikke er en støvsuger», var eg hekta. Eg meiner, berre tittelen, og eg meiner det hende på dåverande klubb Belleville i Oslo. Ikkje visste eg at dei hadde halde på sidan 1995, og eg skal ikkje skryte på meg at eg har fotfølgt kvartetten med Kristin Andersen (trompet og fløyte), Lene Grenager (cello), Maja Solveig Kjelstrup Ratkje (stemme) og Hild Sofie Tafjord (fransk horn) gjennom alle dei åtte albuma. Men det er med forventing eg set på det niande med tittelen «Aventura Botanica» med dei tre delane «Nymphaea Alba», «Hepatica Nobilis» og «Trimfula Montanum». Og for ei saft og kraft det er på dette albumet, der det verkeleg ikkje bli spart på krutet. Det ligg i korta at dei fire er ute på oppdagarferd i sjølvaste Darwins fotefar, urframført på Ultimafestivalen i fjor i samarbeid med ein koreograf og dansar. Her lyt vi berre bruke fantasien der verket startar med mørke tonar både frå horn og strenger før stemma til Kjelstrup Ratkje verkeleg utfaldar seg. Det er både sterkt og vakkert, men å skildre det med ord endar berre i frasar. Vil du vere med så heng på. Spunk let seg ikkje artsbestemme. Leve Spunk!

Jazzen etter Kim Novak

Eit band som kallar seg opp etter Kim Novak skal ein lytte til, også når det heidrar den gamle saksofonisten Lucky Thompson (som ein gong også spelte i Norge), med det fulle bandnamnet Lucky Novak. Tittelen på første plate er «The Lucky Novak Syndrome Strikes» (Goyo Records/cdbaby) der saksofonisten Tim Lowerson i tittellåten sparkar frå. Det er han og bassist Ture E. Ringereide som er opphavet til prosjektet som i 2009 resulterte i bandet «Sounds of the Unexpected» og plata av same namn. I 2012 kom «Villspor», begge med dei beste skussmål frå underskrivne. I det nye bandet spelar Sten Hermundstad på piano og Harald Botha på trommer, og plata er innspelt live i det gamle trehuset Biermansgården i Oslo. Hissige gitarakkordar og ein brummande bass innleier eit album der Ringereide og Lowerson har skrive musikken, som rører seg over eit vidt spekter. Bandet er ein del av musikarkollektivet Goyo som byggjer på ein filosofi eg ikkje har høyrt om. Det er OK for meg så lenge musikken held mål som her. Lucky Thompson er død, men Kim Novak lever. Ho fortener ein eigen song.

Kjærleik til sniglar

Bandet heiter Old Man’s Kitchen, bandet «Love for Snail» (Stunt/MusikkLosen), og eit platecover der det meste er dandert med sniglar bør absolutt vekkje interesse. Mannen bak er den danske komponisten og pianisten Peter Rosendal, som har fått heider frå det danske kunstnarforbundet for resultatet. Opningslåten er «Let The Bubbles Bubble», og tonen er slått an til eit sprudlande album med eit framifrå band som med fele, klarinett, trombone, bass og trommer spelar songar også med ein dåm av klassisk over seg. Ein fryd for øyret, der ein vakker song heiter «Velkommen til Danmark», og vi seier takk.

Mer fra Dagsavisen