Nye takter

Musikkens duvande labyrint

Seks musikantar på ymse vegar og stiar går opp i ein høgare einskap, på eit duvande vakkert album.

Oslo Session Recordings. Vol. 1

«The Maze»

###

Tittelen er «The Maze», på eit album som er ute på 180 grams eksklusiv vinyl. Med bonus CD for ekstra trengande, på det nyskipa plateselskap Oslo Session Recordings, der gitarist Jacob Young har hand om det meste.

Det opnar med «The Void», signert bassist Mats Eilertsen. Og ein mild straum tek deg inn i falden til saksofonisten Bendik Hofseth, på plata som med tittelen «The Maze» – Labyrinten – byr på ei duvande eksistensiell reise.

Ein av dei medverkande er den 78 år gamle Steps Ahead-gründer Mike Mainieri på vibrafon, og med den altomfattande Paolo Vinaccia på trommer er det komplett. Det er musikarar som har kryssa vegane til kvarandre, om ikkje alle samstundes. Dei seks songane på plata er skrivne av Eilertsen, Hofseth og Young.

Vi reknar ikkje namna på alle «trådane», men eldsjelene Bendik Hofseth og gitarist Jacob Young er gjennomgåande, den siste med låtane sine «Bolero» og «Bordeaux State of Mind». Han er det eg vil kalle personifiseringa av ein gitartradisjon som han i USA utvikla i tradisjonen etter Jim Hall. Bendik Hofseth, Mike Mainieri og Jacob Young var alle på slutten av åttitalet i USA, Hofseth eit bel som avtakar etter Michael Brecker i Steps Ahead.

Det er det forvitnelege som skjer i musikk, skriv Jacob Young i ei pressemelding. Det er jazzens natur at ein skal møtast over alle kryssande grenser. Nokon ville ha tenkt at det er ein risikosport, men sanninga er at det er dette musikarar er trena til. Der det dei kan også vert kalla erfaring.

Banalt? Slik dei står fram, vil eg kalle bandet eit utviklingsband, med musikk som på ein sjeldan vakker måte er smidd saman mellom musikarar under eitt tak. Musikarane er alle representantar for moderne jazz med alle sine sjatteringar. Og eg minner meg sjølv nok ein gong om kva som vert sagt i ein replikk i Tarkovskijs film «Stalker». Om at musikken er den kunstarten som ligg sjela nærast.

Med det for øyret duvar vi vidare inn i sommarnatta.

Det vil vere sal av vinyl/CD via nettsida. Elles over disk på Bare Jazz i Oslo og i utvalde butikkar.

Mer fra: Nye takter