Nye takter

Molværs nye tid

Med Nils Petter Molværs sterke nye album «Switch» går det meste av det han har gjort opp i ein høgare einskap.

Nils Petter Molvær

«Switch»

Okeh 
(Sony Music)

Paul Bley

«Play Blue»

Oslo Concert

ECM (Musikk-operatørene)

John McLaughlin & The 4th Dimension

«The Boston Record»

Abstract Logic (MusikkLosen)

Ord har gått i førevegen, men når Molvær etter hamskiftet med albumet «Baboon Moon» nesten med andakt opnar sitt nye album «Switch» med steelgitar av Geir Sundstøl, med Erland Dahlen på trommar og perkusjon, Morten Qvenilds blanding av piano og elektronika, har det sjølvsagt hendt noko. Etter tidenes vakraste Molvær-opning får vi eit mangefasettert, sterkt og vakkert album, frå musikaren som etter å ha halde oss stangen i «Khmer»-land lenge, runda middagshøgda i selskap med Stian Westerhus, før han med ein norsk svitsj ikkje reiser til eventyrland, men let det beste han har gjort gå opp i ein høgare einskap. Og eg tenkjer på det eg høyrde då jazzlegenda og pianisten Terje Bjørklund nyleg gav oss albumet «Jazz Tracks (1972-82)» der vi fekk friska opp Molværs tone alt frå tida før Masqualero, bandet som var første steg i eit musikalsk livsløp der han skulle prege jazzen i både inn og utland. Gløym heller ikkje platene «So I Wright» og «Exile» som Molvær på vegen gjorde med Sidsel Endresen, før han med «Khmer» plasserte seg på ein sokkel i jazzlandet, og Bugge Wesseltoft frå ein annan kant gjorde New Conception of Jazz til eit omgrep. Med dette for øyret er «Switch» ein forundringspakke av eit overgangsalbum ikkje berre til det mjukare, men det mangefasetterte under himmelen til hans alltid sfæriske, lyse, no og då modulerte trompettone - med eit namn på det heile som var det eit trylleslag.

Bleys blå piano

- Å spele solo er å vere fri, sa Paul Bley, dagen før han heldt den glitrande Oslo-konserten som no kjem på plate. Tittelen er «Paul Bley - Pley Blue», undertittel «Oslo Concert». Det var i 2008 i Jakobs kyrkje, året Charles Lloyd også trollbatt Oslo Jazzfestival. Eg møtte dei begge, Paul som den personifiserte ro, Lloyd intenst gestikulerande med det meste mellom himmel og jord på hjartet. Begge legender, men her handlar det om Paul Bley, som i Oslo spelte inn det som skulle bli hans tredje soloplate på piano på ECM, møtt med ovasjonar. Året før gav han ut det strålande «Solo in Mondsee», som i sin tur kom 35 år etter at Manfred Eicher overtalte Bley til å spele inn si første soloplate ever på piano: «Open, To Love». På konsertalbumet frå Oslo auser Bley av sitt overflodshorn, og om du no og då skulle dra kjensel på noko i Bleys frie, men melodiske løp gjennom «Far North», «Way Down South Suite», «Flame», «Longer» og «Pent-Up House», så er den siste signert Sonny Rollins.

- Ein gong måtte eg velje mellom Miles og Sonny Rollins, og eg valde Rollins, sa Bley. Det handla om ein spelejobb i 1963, som resulterte i turné, og det er ein detalj i karrieren til musikaren som 21 år gamal debuterte på plata «Introducing Paul Bley» (1953) med Charles Mingus, som har sett sitt preg på jazzens utvikling i seksti år, og har spela med det meste i amerikansk jazz. «For meg er det einaste gode ved religionen at han gjennom katedralane gjev meg dei gode spelestadene. Elles er eg ein svoren ateist», sa han.

McLaughlin på tur

John McLaughlin & The 4 Dimension har vore på tur, og «The Boston Record» er nok eit album frå eit band som ikkje viser det minste teikn til aldring, aller minst fusionjazzens store gitarist McLaughlin sjølv (72). Det fekk vi til fulle oppleve då han i fjor stod på Nasjonal Jazzscene i Oslo. I 2012 kom albumet «Now There Is», to år etter at McLaughlin på si første plate «The One» med det nye bandet også heidra sitt store ikon, John Coltrane, då «A Love Supreme» gjorde at den unge McLaughlin i 1964 såg lyset.

«The Boston Record» er den siste konserten på USA-turneen i fjor med The 4th Dimension, med Etienne M’Bappe på bass, Ranjit Barot som trommeslagar og tidvis vokalist, Gary Husband på trommer og keyboard. Det var på Berklee College of Music, med musikk både frå «Now There Is» og ein forrykande versjon av songen «You Know You Know» av McLaughlins banebrytande Mahavishnu Orchestra på siste spor. Det er fusionjazzens gitarkonge det handlar om, og eit publikum som set pris på det dei høyrer.

Grey’s 
support

Plata kom ut i 2011, og vart tydelegvis ein suksess som snøgt ikkje var å få tak i. Difor er det ei ekstra vårhelsing når bandet Scene A sitt album «A New Margin» (Clean Feed/MusikkLosen) no er her att. Med Håvard Wiik tronande på omslaget, og med saksofonisten og klarinettisten Ken Vandermark og trommeslagar Chad Taylor sitjande framfor. Side A er namnet på trioen, kan hende for å markere at i vår tid har album ikkje lenger ei bakside, og i alle fell ikkje dette. Der Vandermark frå Chicago og Wiik frå Norge (no Tyskland), begge tidlegare i bandet Free Fall, no inngår i eit nytt kompaniskap. Med Chad Taylor som tredjemann på trommer i ein heilakustisk trio og eit forrykande album, frå musikarar som på tvers av Atlanterhavet inngår i eit fellesskap det alltid kjem ny og frisk musikk frå. Om plata kom seint, er det ikkje for seint å hente trioen til ei norsk jazzscene eller fleire.

Side A 
med margin

Mange har hatt glede av Tony Grey som gitarforsterkar i bandet, og då vi alt har høyrt John MacLaughlin, er meisteren også gjest på Greys fjerde album «Elevation» (Abstract Logic/MusikkLosen) med Mike Stern og andre. Og McLaughlin kvitterer med ein tidlegare ikkje utgitt låt, «Chicks Chum» som han skreiv for Chick Corea, på plata med Mino Cinelu på perkusjon.

Mer fra Dagsavisen