Kultur

Med nystemd bass i hende

Med bassen på slep har Ellen Andrea Wang invadert jazzen og musikklivet elles, no på djupt vatn med soloalbumet «Diving».

Andreas Haddeland
«Tilhørighet»  
Norcd (Musikk-operatørene)

Ellen Andrea Wang
«Diving»
Propeller Recordings (Musikklosen)

Eberson Funk Ensemble
«Do The Dance»
JEG Records (Musikk-operatørene)

 

Med bass og stemme har ho lagt eit veksande publikum for sine føter med bandet Pixel. Då ho i fjor kvitterte for Young Star-prisen frå Oslo jazzfestival, var det med det eit nytt band, med pianist Andreas Ulvo og trommeslagar Erland Dahlen. Bassen og stemma er stadig eit sterkt og berande element på det nye albumet «Diving», men i ein annan og opnare kontekst, med eit større mangfald i uttrykket, sjølv om «Pixel-faktoren» også bryt gjennom i ein tøff låt som «Perfect Danger». Wang lærde seg å spele bass for å kompe seg sjølv, har ho sagt. Med det nye bandet kan det også skje at vi med låten «Sacred» høyrer ein av dei vakraste instrumentale songane under himmelen, med Ulvos klangsterke pianospel og Wang like kraftfull i rolla som bassolist, med det reinskorne temaet på piano om att til slutt.

Etterpå skifter Ellen Andrea Wang like naturleg mood til fleirstemt vokal i «Heart Beat», og vi er over halvvegs i albumet som med «Air» opnar med ein mektig, romsterk ballade, på ei plate så umåteleg rik på musikalske uttrykk at det vil gå heim hos ein endå større lyttarskare.

Med stadig fleire jarn i elden vart Ellen Andrea Wang sist omtalt på denne sida som bassist i Friensemblet til Mathilde Grooss Widdal. Ho fekk ein elddåp som ny bassist i Dag Arnesens trio med Paul Towsen på trommer, og om ikkje fast, så spelar ho også med Thea Hjelmeland. Ho var tidleg med i band som Synkoke og med Hanna Paulsberg og Emilie Nicolas i jentebandet Gurls. No har ho funne seg sjølv, med ny musikk til å erobre verda med.

 

Frå punk til funk

Med det nye Eberson Funk Ensemble fyrer sjefen Jon Eberson av ein pangstart på det nye albumet «Do The Dance», med bandet der Marte Eberson som for tida gjer det skarpt i Highasakite, herskar over piano, synthar og tangentar elles. Legg til eit rått saksofonspel av Kim Erik Pedersen, Sigurd Hole på meir elbass enn ståbass, og Ebersons nær livslange medspelar Pål Thowsen på trommer. Med «Colemine Groove» som opningsnummer gir han også beskjed om kva han meinte då han fjor sa at til Dagsavisen at «Eberson Funk Ensemble representerer fleire generasjonar og spelar groovy musikk». Det er musikk som ikkje spring ut av Jazz Punk Ensemblet som mange musikarar var med i på åttitalet, men av det musikalske arsenalet Eberson har samla frå mange band sidan Moose Loose på syttitalet. Frå Jon Eberson Group er bassist Hole også med i funk-bandet, musikken har gitaristen skrive sjølv, med unntak av vokallåten «Take My Song For Real», signert Marte, Marie og Jon Eberson. Med albumet «Do The Dance» er det berre å by opp med det same.

 

Eldsjel i jazz

I mogen alder platedebuterer gitarist Andreas Haddeland med eit album det står respekt av. Tittelen er «Tilhørighet» og med seg har han bassisten Tormod Jenset og trommeslagar Ulrik Ibsen Thorsrud, begge kjende også frå andre band, på eit album som tiltalar ein med sitt eksplisitte uttrykk i musikken, som han har skrive sjølv. Som musikar er han også gitarlærar, og det er noko reinskore over det melodiøse spelet til både gitaristen og trioen, som opnar med balladen «Veldig tidleg». Innspelinga er gjort «live» i studio med musikarane tett på kvarandre, og verknaden må ha vore god. På «Buffre» følgjer bassen og gitaren kvarandre melodisk, «Sandslott» er ein takfast låt før «Stolheisen står» i utgangspunktet opnar i ei friare form, der han også rører seg over eit stort register. Rocken gjer sitt inntog både i tonen og i låten «V.I.C.», eit sikkert ensemblespel gjer susen, og vi toler godt den vakre «Slinger» med ein fin bassolo. Før landing i «Kald Porter», som signaliserer platas einaste musikklån, og det er eit godt lån.

 

 

Komponist-orkesteret

The Jazz Composer’s Orchestra var bandet trompetisten og komponisten Michel Mantler opphavleg starta saman med Carla Bley i 1965, og som i 1968 spelte inn albumet av same namn. No får musikken nytt liv med nye musikarar på det framifrå albumet «The Jazz Composer’s Orchestra Update» (ECM/Musikkoperatørene). Cecil Taylor, Don Cherry, Roswell Rudd, Pharoah Sanders, Larry Coryell, Gato Barbieri og andre innan den radikale samtidsjazzen i USA var med det originale bandet, som sprang ut av organisasjonen Jazz Composer’s Guild, starta for å styrke den uavhengige jazzen si rolle i USA.

Musikken til «Update»-plata vart spelt inn live i Wien i fjor med Nouvelle Big Band leia av Christoph Cech, med Michael Mantler på trompet, Harry Sokal på saksofon, og med den makelause strykekvartetten radio.string.quartet, vienna (som har gjort furore med eit album med musikk av Weather Report). Dei er ein del av ensemblet saman med gitaristen Bjarne Roupé og saksofonisten Wolfgang Puschnig, og «Update»-bandet har ikkje berre oppdaterte gamle låtar, men har med musikk frå det opphavlege orkesteret til Mantler som ikkje har vore gitt ut før.

Pitsj til jul

Albumet heiter «Snø» (Grappa/Musikkoperatørene), første song er «Snow Is Falling» signert Anja Eline Skybakmoen frå Pitsj, deretter følgjer «Nissen» signert André Bjerke (attdiktar), tonesett av Helge Lien og arrangert Ane Carmen Roggen. Og vi er i gang med eit nytt strålande album frå Ida Roggen, Anine Kruse Skatrud, Ane Carmen Roggen, Anja Eline Skybakmoen og Benedikte Kruse. Det er det fjerde sidan starten i 2006, frå vokalgruppa som her syng seg gjennom elleve songar, ein av signert Hanne Hukkelberg, ein annan Steve Swallow, med «Deilig er den himmel blå» og «Deilig er jorden» til slutt, og vakrare kan det ikkje bli.

Mer fra Dagsavisen