Nye takter

Marilena og Kirk er sant

Med vokalisten Marilena Paradisi og pianisten Kirk Lightsey saman er «Some Place Called Where» eit lukketreff.

Marilena Paradisi/Kirk Lightsey

«Some Place Called Where»

(Losen Records/Musikklosen)

Tittelen på albumet «Some Place Called Where» er etter ein klassikar av Wayne Shorter. Med pianisten fødd i 1937 og Marilena Paradisi med sju album bak seg ligg det flust av både alder og visdom bak.

Plata opnar like godt med Charles Mingus’ «Paradise», og den både mjuke og kraftfulle stemma er ein perfekt match for ein jazzpianist som har det i blodet. Med låtar som «Some Other Time» (Bernstein m fl), Mal Waldrons «Soul Eyes», med Ron Carters «Little Waltz» med fleire, blir utvalet av kjende og kjære låtar frå den amerikanske songboka servert av to musikarar som i stil og framføring har det i blodet.

Den italiensk-fødde Marilena har vore aktiv på jazzscena sidan 1994, og har mellom anna gjort fem plater med Chet Baker. Legg til at pianisten Lightsey også er ein habil fløytist, piano har han spelt sidan han var fem år, Dexter Gordon, Sonny Stitt, Sonny Rollins og Don Moye er kjende referansar, og frå gutta frå Chicago som gjesta oss Kongsberg.

###

På denne plata er Paradisi den perfekte vokalist, som med stor fylde gjer tekstane krystallklare. Ho har brukt fleire månader i Mumbai for å studere indisk song, men kva med eit format der Tony Bennett og Bill Evans er sjølve skulemeistrane?

Det er nettopp den sterke tydeleggjeringa av tekst og musikk som slår ein. «Some Place Called Where» er eit album det strålar av. Lightsey var i ei tid også med i sekstetten The Leaders, med Arthur Blythe, Chico Freeman, Lester Bowie, Cecil McBee og Don Moye. Men her er det den musikalske samforstanden to musikar imellom det står om, som dei viser på dette vakre albumet.

Mer fra Dagsavisen