Nye takter

Magisk trio i nye opptak

Eineståande konsertopptak frå 1981 friskar opp minnet om den magiske trioen til Jan Garbarek, Egberto Gismonti og Charlie Haden.

Magico med Jan Garbarek, Egberto Gismonti, Charlie Haden

«Carta de Amor»

ECM (Musikk-operatørene)

Karin Krog og Morten Gunnar Larsen

«In A Rag Bag»

Meantime Records (Musikkoperatørene)

Clockwork

«The Contest»

Recorda Records (Musikkoperatørene)

Magico heitte bandet, og «Carta de Amor» - «Kjærleiksbrev» - er tittelen på dobbeltalbumet med musikk frå 1981 som ikkje er gitt ut på plate før, slik ECM tidlegare i år gav ut til då ukjende konsertopptak med Belonging-kvartetten til Garbarek/Jarrett frå 1979. Kva historiske skattar som enno er att i ECM-kista kan ein drøyme håpefullt om, men til opplysing for nye lydarar som det heiter, var dette ein verkeleg legendarisk trio som på slutten av syttitalet gav ut albuma «Magico» og «Folk Songs». Og eg sjølv hadde mi største oppleving med Charlie Hadens «Silence», ein av dei vakraste songane under himmelen. Songen er ikkje med på dei nye konsertopptaka, men til gjengjeld får vi ein eineståande versjon av Charlie Hadens «Pasionara», hyllingssongen til ein spansk aktivist under borgarkrigen, som Liberation Music alltid hadde på programmet, også på albumet «The Ballad Of The Fallen».

Då er vi attende til trioens nye dobbeltalbum, der sju av dei elleve songane også er nye i høve til dei originale to platene, og der Gismontis vakre tittelspor «Carta de Amor» opnar første CD og avsluttar den andre med ein annan versjon frå denne aprilmånaden i 1981. Jan Garbarek kjem inn i trioen med sine røter i norsk tradisjonsmusikk på i alt tre spor, og Hadens andre store song er den lange «All That Is Beautiful». Endå har brasilianske Egberto Gismonti fire songar til på dette uvanleg vakre dobbeltalbumet, med «Palhaco» som ei lett attkjenneleg perle. Og spør du meg kva all venleiken i uttrykket kjem av, så botnar det i ein musikalsk etikk alle dei tre i dette bandet hadde felles. Eit verkeleg lukketreff var det.

Karin Krogs rag bag

På albumet «Glad Rag Doll» dukka Diana Krall nyleg ned i den amerikanske musikalske gryta frå tjue- og trettitalet, og ho hadde konsert i Oslo denne veka. På «In A Rag Bag» har Karin Krog alliert seg med ein internasjonal ragtimeformidlar i særklasse, Morten Gunnar Larsen. Resultatet er strålande, med ei Karin Krog som i høgst mogen alder verkeleg glitrar, som tidlegare i år også med Bengt Hallberg. Attpåtil får vi brått ei norsk omsetjing som bonus på Dave Frishbergs tributt «Dear Bix» til Bix Beiderbecke, og albumet er eit lærestykke også gjennom Alyn Shiptons innføring i musikkens historie gjennom presentasjonen av låtane på plata, frå Scott Joplins «Euphonic Sounds» i 2009.

Albumet opnar med John Surmans «Old Piano Roll», og med også Morten Gunnar Larsens norske «Olympia Rag» midt i flokken til Beiderbecke, Fats Waller, og alle dei andre legendariske storleikane, er heile «ragbaggen» ei romsleg musikalsk råme til å fylle med mangfaldig musikk, med slektskap til ein epoke. Til det er Karin Krog den perfekte formidlar, med songar vi også har høyrt henne med i andre samanhengar. Men først og sist fordi ho med si eiga musikalske reise, som utøver gjennom stilartar frå det frie og eksperimentelle til heile den store songboka jazzen auser av, saman med Morten Gunnar Larsen gjer at resultatet vert så bra. Alt med pianistens forrykande framføring av Fats Wallers «Wild Cat Blues» som ekstra krydder.

Eksamen

Dei heiter Clockwork og kallar debutplata «The Contest», som om det gjeld ei eldprøve eller eksamen. Som sensor kan eg uansett melde at karakteren absolutt er god, men utan bruk av poeng eller terningkast. Spennande er det okkesom å høyre nok eit ungt jazzband på dette nivået, ikkje overraskande klekka ut på jazzlina i Trondheim alt i 2009, og med eit debutalbum av format. Med Odd Steinar Albrigtsen gitar, Oscar Grönberg piano, Peder Waern bass, og Truls Rønning på trommer spelar dei moderne jazz tydeleg forankra i ein amerikansk tradisjon, med musikk dei har skrive sjølve. Når opningslåten dessutan er «Café Bentsebru», vekkjer det gode kaféminne derifrå, og Clockworks debutplate er difor anbefalt på det varmaste.

Jimmy Cobb lever

Han er den siste levande frå Kind of Blue-bandet til Miles Davis, han vart 83 år i januar, og i mars var Jimmy Cobb i studio med orgelfantomet Joey DeFrancesco og ein gamal gitarkjenning, Larry Coryell (69). «Wonderful!» (HighNote/Musikklosen) heiter albumet, og trommeslagarar kan halde koken lenge. Så også Jimmy Cobb, som gjer ein proper jobb på eit streit «orgeljazz»-album frå ein støvar i faget.

Skotsk med Mala Fama

Når Sarah-Jane Summers, skotsk felespelar i særklasse, møter gitaristen Juhani Silvola og bassisten Morten Kvam på albumet «Mala Fala» (Norcd/Musikkoperatørene), dukkar sterke minne opp om ein gamal NRK-serie i regi av Jan Horne om det folkemusikalske samkvemet over hav og land mot vest. Summers er no i Oslo der ho har fullført ein mastergrad i norsk folkemusikk og fri improvisasjon. Ho spelar i tradisjonen frå det skotske høglandet, her i ein trio der mest ho, men også dei andre musikantane er komponistar. Ein instruktiv tekst gjev bakgrunnen for musikken, der trioen blandar tradisjonelle element med improvisasjon, med eit kraftfullt uttrykk som resultat. Møte mellom tradisjonsmusikk og «moderne rytmer» som det heitte i dampradioen, ber stadig nye frukter. Her heiter dei «Mala Fala». I går spela trioen under Osafestivalen på Voss, onsdag har dei konsert på Mir i Oslo.

Mer fra Dagsavisen