Nye takter

Livet til Sheila Jordan

– Eg vil syngje til eg døyr, seier Sheila Jordan, 86 år og alltid på farten. Denne veka på Oslo Jazzfestival.

Ho tok publikum med storm på den nasjonale jazzscena i Oslo med ein konsert der ho med den amerikanske songboka ho beherskar betre enn dei fleste, strødde om seg i høgst personlege tolkingar, ispedd kommentarar. I fjor var ho på noregsturne med det same norske bandet, med bassist Bjørn Alterhaug, trommeslagar Espen Rud og pianist Ivar Antonsen.

Fru Jordan har vore ein hyppig noregsgjest, og har spelt med ei rad norsk musikarar. Den første gongen i mitt minne er Egil Kapstads minnekonsert over Bill Evans på Vossa Jazz i 1983. Det var festivalens tingingsverk, året etter gitt ut på plata «Epilog _ Bill Evans in Memoriam». Også med Bjørn Alterhaug på bass, Det norske strykeorkester, og eit band norske musikarar Jordan har spelt med ved fleire høve. Og som leiande vokalist i formatet bass og stemme, gav ho ut plata «Sheila» med Arild Andersen på bass i 1978.

ANMELDELSE: Ein eineståande konsert

Møtet

– Mine første minne om Noreg er frå jazzklubben Down Town Key Club i Oslo på midten av 60-talet, seier Sheila Jordan.

For dei innvigde var det ein eksklusiv klubb for musikarar der amerikanske jazzfolk også var innanfor.

– Når vart du biten av jazzbasillen?

– Då eg høyrde Charlie Parker. Eg er fødd i Detroit, vaks opp i Pennsylvania før eg vende attende. Eg tente til livet med anna arbeid, song på små jazzklubbar med ein trio kalla Skeeter, Mitch and Jean etter namna på musikarane. Vi var ofte på Parkers konsertar, laga tekstar til musikken hans, og han inviterte meg på scena for å syngje. Til meg var beskjeden klar: «Du skal bli songar», sa han, og det fekk eg aldri gløyme sidan. Det var jazzen som berga livet mitt då eg heldt på å øydeleggje det med alkohol og dop, og eg høyrde ei stemme som sa: «Hugs kva du har lova meg.»

Følg Dagsavisen på Twitter og Facebook!

Platedebut

– Når kom ditt første album?

– Det var «Portrait of Sheila» i 1963, då eg også var den første kvinnelege songaren som gav ut plate på Blue Note, seier Jordan.

Ho inviterte Karin Krog på scena under konserten denne veka til felles scatsong.

– Det morosame er at eg på denne festivalen har konsert i Oslo, der Karin Krog har konsert med Steve Kuhn, som eg gav ut plate med i USA i 1980.

– Det står skrive at Charlie Parker brukte å introdusere unge Sheila Jordan som «the singer with a million dollar»?

– Ironisk, ettersom eg ikkje kunne leve av musikken før eg var 58 år, seier Jordan, som sjølv om ho er sjølvberga framleis har anna arbeid attåt.

PORTRETT: Jazzsangeren

Russell

I 1951 flytta ho til New York. Charlie Parker (1920–55) heldt stadig kontakt og dei var gode vener til han døydde i 1955. Då var Sheila, fødd Sheila Jeanette Dawson i 1928, gift med Parkers kjende pianist Duke Jordan, og dei fekk dottera Tracy.

– Charlie Parker vil alltid vere min mentor, seier fru Jordan, som på jazzscena Victoria opna med «It’s you or no one to me» av pianisten Lennie Lennie Tristano som studerte hos då ho kom til New York.

I 1962 møtte ho George Russell og song inn ein minnerik versjon av «You are my sunshine» på albumet hans «The Outer View». Med Don Ellis på trompet, Paul Plummer på saksofon, George Russell på piano, Steve Swallow bass og Pete LaRoca på trommer. Etterpå spela han inn plata hennar «Portrait of Sheila» for Blue Note.

– Du var pioner i kunsten å syngje berre med bass som komp, som med Arild Andersen, eit format du ofte var på turne med?

– Det vart prøvd alt på 50-talet, men den første eg gjorde det med live var Harvie Schwart, som eg hadde samarbeida med i mange år.

På den lista står også Cameron Brown, som stadig er på farten, og lista over musikarar Sheila Jorda har sunge med omfattar store delar av jazzeliten. I eige namn har ho gitt rundt 25 album. På konserten onsdag var Karin Krog gjest på scena, og Jordan minnet om Radka Toneff med «The moon is a harsh mistress», med «Look for the silver lining» som eit rørande ekstranummer.

ANMELDELSE: Jazzklubbkvelden tok prisen

Lærestader

– Charlie Parker endra livet mitt. «Now’s the time», det er der eg vil vere, seier Sheila Jordan, som har vore aktiv med musikalske skapeverkstader i både USA og i Europa, som i den austerrikske byen Graz.

Norske musikarar ho også har samarbeida med er Jan Garbarek og Jon Christensen.

– Legg til Palle Danielsson og Bengt Hallberg i Sverige. For meg som musikar har Skandinavia hatt mykje å seie, seier ho.

– Kven har du hatt som idol?

– Ingen, men Billie Holiday er vel den som kjem nærast.

– Kor lenge skal du halde på?

– Til eg døyr.

Mer fra Dagsavisen