Kultur

KrokoSant!

«Hybriden» Krokofant er den nye jazzvinnaren, no ute med sitt andre album.

«Krokofant II» (Rune Grammofon/Musikkoperatørene) er også ein hybrid av krokodille og elefant, og musikken har fått det til å koke på alle scener. Vi snakkar stadig om gitaristen Tom Hasslan og den unge jungeltrommeslagaren Axel Skalstad som møttest i ei gitarsjappe på Kongsberg. Dei fekk med seg den meritterte saksofonisten Jørgen Mathisen (The Core m fl.) i studio, der dei opnar i den same forrykande stilen som på den første. «C.O.T.A» er den kryptiske opningstittelen, «Sail Ahead» heiter oppfølgjaren, heile tida med same drivet i botnen. Låtmaterialet er rett på sak, musikken tett, men stivnar aldri i klisjear. 22 år gamle Axel Skalstad er ikkje blyg for alderen, men medverkar sterkt til eit driv i bandet der musikarane jagar kvarandre mot nye høgder med sterke soloinnslag. Eg har høyrt dei live meir enn ein gong, og publikumsappellen er enorm. Med «The Ship», «Snakedog» og Watchtow» går vi i mål, svoltne etter Krokofant III.

Krokofant har konsert i kveld på Nasjonal Jazzscene i Oslo.

Vakne lytt til Wako!

For ein herleg musikk tenkjer eg, i god lune nesten før Wako har kome i gang med dei første klangane på albumet «The Good Story» (Øra Fonogram/Musikkoperatørene). Vakker, intuitiv jazz der låtane glir fint over i kvarandre, lyrisk og nesten forførande i byrjinga, så vekslande i tempo. Sekstitals jazz i ei ny nordisk drakt, står det i introduksjonen, ja vel. Eg kjenner meg fri i tid og rom med dette praktfulle albumet. Mai Myhre Olsen (saksofon), Ketil André Mulelid (piano), Bardur Reinert Poulsen (bass) og Simon Olderlein Albertsen (trommer) med bakgrunn i mange band, tek meg med.

Med lokk og elektronikk

«Hildr» – berre tittelen på dette albumet (Norcd/Musikkoperatørene) som stempla jazz og lyrikk ber bod. Duoen Karoline Gullberg, vokal og Stian Balducci på elektronikk framfører songleg bodskap i moderne kontekst. Mellom gjestene jubilanten Karl Seglem.

Mer fra Dagsavisen