Nye takter

Jazzopning i fri flukt

«Fly North!» er bodskapen når pianisten Jan Gunnar Hoff opnar jazzåret med nytt band og eit strålande album.

Maria Pia de Vito, Francois Couturier, Anja Lechner, Mishele Rabia

«Il Pergolese»

ECM (Musikk­operatørene)

Jan Gunnar Hoff

«Fly North!»

Losen Records (MusikkLosen)

Mozdzer, 
Danielson, Fresco

«Polska»

ACT (Musikk­operatørene)

Etter fjorårets store solodebut på piano utvidar han både formatet og perspektivet saman med Arve Henriksen, Marilyn Mazur og Anders Jormin, tre store i jazzen her nord, med musikk introdusert som ein invitasjon til ein musikalsk tilfluktsstad, eit visum til den skandinaviske måten å forstå musikk på. Og vi er alt i svevet i det første nummeret som er tittelsporet, på vengjene til Arve Henriksens lyse trompettone og songstemme. Jan Gunnar Hoffs sterke soloalbum i fjor heitte «Living», etter tittelen på eit bestillingsverk dei fire musikarane framførde under Bodø Jazz Open i 2012. Albumet «Fly North!» er eit framhald av dette samarbeidet, innspelt og ferdiggjort rykande ferskt i desember, der Arve Henriksens trompet er like lys som stemma hans, og der Marilyn Mazur med tromme og perkusjonsverket sitt er som skapt til å lage det rytmiske rommet for musikken, saman med Anders Jormin, ein meister både som bassist og musikalsk tenkjar. Det er eit album utan dødpunkt, lansert med store ord om at musikken alltid har vore ein del av oss gjennom alle stadium i utviklinga. Musikk som ikkje fordrar analyse, men byr deg venskap og von, og ein port til ein tilstand av opphøgd ro. Og eg kjøper alt saman i denne søte juletid, under avlyttinga av musikk fri for konvensjonar, med eit skifte i lynne og ein sjeldan musikalsk samforstand mellom musikarar som kvar for seg er sterke personlegdomar.

Som drivkraft i nordnorsk jazz har Jan Gunnar Hoff ofte vore mann for dei store verk. Arve Henriksen er eit unikum, Mazur og Jormin er begge sentrale på den musikalske kalotten vår, og med «Fly North!» som opning av jazzåret 2014, har dei alle lagt lista høgt her nord.

Jazz på polska

Om tittelen «Polska» er beskjed om at dette er jazz på polsk, så har det uansett fått sin spesielle sound takk vere den polske pianisten Leszek Mozdzers lange samarbeid med den svenske bassisten og cellisten Lars Danielsson, og den israelske perkusjonist og songar Zohar Fresco. Etter ti års samarbeid og plateutgjevingar, mellom anna på Danielssons «Pasodoble» og «Tarantella», har dei funne saman i eit intuitivt triospel, og blant bassistar er det få om nokon som lik Lars Danielsson kan prege det musikalske resultatet rytmisk og musikalsk. Leszek Mozdzer har fått status som ei av dei viktigaste oppdagingane i polsk jazz det siste tiåret, og på denne sida har han figurert i fleire konstellasjonar. Med ACT-debuten «Komeda» som vann prisen for «årets album» i 2011, knyter han band til Krysztof Komeda, pianisten som vart kjend for musikken til Roman Polanskis filmar. I fjor gav han ut duoalbumet «The Last Set - Live at the A-trane» med pianisten Walter Norris, og det er ein veldig energi og driv som pregar trioen, der alle har skrive musikk til det nye albumet.

Unnataket er siste spor, der dei toppar plata med Jimi Hendrix’ «Are You Experienced», i selskap med det polske symfoniorkester.

Pergolesi

Vi er i eit sakralt hjørne med «Il Pergolese», musikk av italienske Giovanni Battista Pergolesi (1771-1736), der Maria Pia De Vito, aktiv i improvisasjon og jazz med andre i ECM-stallen, debuterer sjølv på same label i selskap med pianist Francois Couturier, cellist Anja Lechner og perkusjonist og elektronikamakar Michele Rabbia. Musikken spring ut av ein festival i 2011, og inkluderer også musikk frå den katolske messa Stabat Mater med tekst omsett til napolitansk av songaren De Vito. Frå ECM-stallen er den franske pianisten Couturier grunnleggjar av Tarkovsky-kvartetten, Anja Lechner er ECM-grossist frå samarbeid med Dino Saluzzi og mange andre, Michele Rabbia frå samarbeid med Stefano Battaglia, og saman har dei medverka til å gjere musikk av både Pergolesi og seg sjølve til eit finstemt album.

Breckers brorband

Michael Brecker døydde i 2007, men broren Randy Breckers album «The Brecker Brothers Band Reunion» (Moosicus Recordings/MusikkLosen) er eit faktum, med både CD, dobbel LP på vinyl, og ein DVD live frå Blue Note som bonus til CD-versjonen. Den åleine byr på 73 minutt i skjeringspunktet mellom funk, fusion og jazzrock, med musikarar som på ulike stadium var med i bandet som på sytti, åtti og nittitalet appellerte til eit stort publikum. Dei som er med er Randy Brecker, trompet, Ada Rovati (ny på saksofon), Mike Stern, gitar, Will Lee, bass, Dave Weckl, trommer, George Witty, keyboards, Adam Rogers gitar, David Sanborn, altsaksofon, Dean Brown, gitar, Chris Minh Doky, bass, og vokalisten O. Rockberger. Til albumet som byrjar med «First Tune Over The Set» og som Randy Brecker har skrive musikken til, høyrer også hans vakre «Elegy for Mike» til minne om sin døde bror.

Latin-jazz

Dermed rundar vi av årets første jazz på laurdag med pianisten Bill O’Connell og The Latin Jazz All-Stars, med albumet «Zocalo» (Savant/MusikkLosen). Til All-Stars-bandet høyrer veteranen frå mange band Steve Slagle (saksofon), Conrad Herwig (trombone), Richie Flores (congas), Liques Curtis (bass), Adam Cruz på trommer, og latininspirert musikk flyt lett gjennom det heile.

Mer fra Dagsavisen