Nye takter

Jazzen blomstrar i fredelege Norge

Årets jazzalbum heiter «You», årets konsert var med Ola Kvernberg og Joshua Redman.

Det er ikkje den fulle sanninga, men ein høgst subjektiv konklusjon etter året då Oslo feira sin trettiande festival. Når det er sagt, er måten Live Maria Roggen og Helge Lien snikrar saman nye versjonar av norske klassikarar på, uansett sjanger, stor kunst. Frå musikarar som alle har meir enn eitt jarn i elden. Dei kunne begge toppa lista over årets konsertkick, der denne medarbeidar fekk det største kicket av duellen mellom Joshua Redman og Ola Kvernberg, residerande artist med ei stor veke i Molde.

På ti på topplista står også to syttiåringar, bassist Arild Andersen og Knut Riisnæs, meir vitale enn nokosinne, og begge mentorar, med unge musikarar i eigne band. Mens vi snakkar om kick, kom eitt av dei på ein strålande konsert med Knut Riisnæs og Hanna Paulsberg, den unge saksofonisten som nyopna det norske jazzplateselskapet Odin med albumet «Eastern Smiles.»

Når det gjeld festivalane, ser dei ut til å blomstre like fritt. På Vossa Jazz var Nils Økland ein sikker vinnar, på MaiJazz i Stavanger var storkonserten med Bjergsted Jazz Ensemble og den nye New Conception Of Jazz, der Bugge Wesseltoft er åleine mann blant fire unge kvinner. Elles var det på Kongsberg Jazzfestival årets slag om jazzen stod, med pop-fantomet Kygo som raud klut på programmet. Reaksjonane frå somme puristar var til tider hysteriske, sett i lys av at det var førti ekte jazzkonsertar på fire dagar.

Kongsberg-festivalen var elles mitt andre møte med Melody Gardot, i Molde med Esperansa Spalding. To sterke personlegdomar. I Oslo gjekk jubileumsfestivalen i mål som den beste så langt. Der var også Charles Lloyd, ein åttiåring eg slutta ringen saman med, femti år etter hans første konsert i Oslo med Keith Jarrett der eg sat ringside.

Jazzens ti på topp

1. Live Maria Roggen & Helge Lien: «You».
Utnemnt tidleg til årets plate har duoen LiveLien halde stillinga året ut, med nyskapte versjonar av norske klassikarar uansett sjanger frå Pussycats til vår tid.

2. Arild Andersen: «The Rose Window».
Plata er ein triumf for Arild Andersen, som sytti år gamal gjer sitt beste album i trio, med Gard Nilssen på trommer og Helge Lien på piano.

3. Knut Riisnæs: «2nd Thoughts».
Sytti år gamal spelar saksofonisten Knut Riisnæs betre enn nokosinne, her med sitt faste band med Anders Aarum, piano, Jens Fossum på bass og Tom Olstad på trommer.

4. Sinikka Langeland: «The Magical Forest».
Med utgjeving på ECM tek strengespelaren og songaren Langeland oss med til skogs saman med saksofonisten Trygve Seim, trompetist Arve Henriksen og vokaltrioen Mediaeval.

5. Trondheim Voices med Batagraf: «On Anodyne».
Tidenes norske vokalgruppe saman med Jon Balkes tromme-ensemble Batagraf, med musikk basert på eit dikt av den amerikanske poeten Yusuf Komunyaaka.

6. The New Conception of Jazz: «Somewhere In Between»
Tjue år etter at Bugge Wesseltofts New Conception of Jazz skapte eit nytt omgrep mellom jazz og elektronika, summerer han opp med musikk over eit stort spekter, nettopp "somewhere in between".

7. Mats Eilertsen: «Rubicon».
Ei plate med bassisten Mats Eilertsen er ei storhending. «Rubicon» er bestillingsverket til Vossa Jazz i 2014, på plate med Eilertsens finske, nederlandske og norske band.

8. Mongrel: «Thick as Thieves».
Overraskinga kom tidleg med bandet Mongrel, med trompetist Thomas Husmo Littleskare bassist Stian Andreas Egeland Andersen, trommeslagar Tor Flatjord og Ayuumi Tanaka på piano.

9. Per Oddvar Johansen: «Let's Dance».
Norges beste trommeslagar med på åtti album kom endeleg med sitt eige med Helge Lien piano og Torben Snekkestad på saksofonar og trompet.

10. Erlend Apneseth: «Det andre rommet».
Jølsters store unge spelemann ned Stephan Meidell gitar og Øyvind Hegglund på trommer sprengjer musikalske grenser på Jølst.

Jazz utan grenser

John Scofield: «Country for Old Men». Ei storarta country-jazzplate frå veteranen Scofield med Larry Goldings på orgel og piano, Bill Stewart på trommer.

Miles Davis: «Freedom Jazz Dance». Den femte utgjevinga i Miles’ «Bootleg Series», med sekstitalskvintetten til Miles mens dei arbeider seg låt for låt i studio.

Peter Erskine Trio: «As It Was». Fire legendariske plater på nittitalet med trommeslagaren Peter Erskine Trio gitt ut på ny. Med avdøde pianist John Taylor og Palle Danielsson på bass, eit strålande gjenhøyr med populær trio.

Brad Mehldau: «Blues and Ballads». Med det same albumet med blues og balladar er Brad Mehldau med trio der vi har likt han best.

«E.S.T. Symphony» (ACT Music). Sterkt minnealbum for grunnleggjaren av Esbjörn Svensson Trio. Med E.S.T. musikarane Dan Berglund og Magnus Sjöström og Hans Ek med Stockholm-filharmonikarane og gjester.

Golfam Khayam og Riadi og Mona Matbou «Narrante» (ECM). Glitrande samspel mellom to iranske kvinner frå Teheran, på gitar og klarinett.

Nokre konsertkick

Joshua Redman og Ola Kvernberg, i Molde. Årets konsertkick i særklasse med Joshua Redman, saksofon og festivalens strålande artist in residence Ola Kvernberg på fele.

Mike Stern. Cosmopolite. Rett etter presidentvalet i USA entra Miles Davis’ største gitarist med appellen «Hallow Norway, can I stay here? I Won’t go back now!»

Jan Garbarek Group. Operaen. Jan Garbarek Group heldt sin første konsert for Oslo Jazzfestival, med perkusjonisten Trilok Gurtu, Rainer Brüninghaus piano oy Yuro Daniel på bass. Han fylte Operaen to gonger, og leverte varene.

Oslo Jazz Festival Orchestra.

Det nye festivalbandet debuterte med Trygve Seim, saksofon, Matias Eick trompet, Jon Balke piano, Ellen Andrea Wang bass og Gard Nilssen.

Trygve Seim Rumi Songs

Rumi-songs med tekstar henta frå ein persisk poet på 1200-talet, med Tora Augestad, Frode Haltli, Svante Henryson, Trygve Seim og Erling Kittelsen.

Mer fra Dagsavisen