Nye takter

Ikkje ferdigspela!

KOMMENTAR: Ferdigsnakka Live heiter det når musikarar og forfattarar møtest på jazzscena, så også på Oslo Jazzfestival.

I januar i fjor vart noko liknande arrangert i byen, og køane fylte Youngstorget. På Nasjonal Jazzscene måndag var forventninga høg når unge musikarar frå banda Broen og Moskus, leia av Anja Lauvdal, laga musikk til dei godt vaksne forfattarane. Som ein etter ein stod fram på rad og framførte både sterke og kjensleladde dikt. Første poet var Lars Saabye Christensen som ikkje er ukjend i landskapet jazz og lyrikk, dei andre var, Kjartan Fløgstad, Geir Gulliksen og Vigdis Hjorth. Dei tok verkeleg utfordringa, og var ikkje redde for å ta bladet frå munnen. Lars Ove Fossheim (gitar), Heida Karine Johannisdottir Mobeck (tuba), Fredrik Luhr Dietrichson (bass) og Hans Hulbækmo (trommer) var resten av musikarane som attåt Anja Lauvdal på piano saman med forfattaren gjennomførte i stram regi på ein knapp time.

Då hadde måndagsjazzen alt vore i gang, med Nordisk Showcase, som er festivalens tilbod for musikkstudentar i Norden. Showcase-konsertane går av stabelen både i Spikersuppa i sentrum på dagtid, på Herr Nilsen i kveldstid, og vart opna friskt av det elektriske bandet Abekejser frå Århus. Åtte band står på deltakarlista, og i tillegg til konsertane på Buzz scena i sentrum på dagtid og Herr Nilsen på kveldstid, blir det på torsdag arrangert ein minifestval i Oslo Fengsel, der Showcase-musikarane spelar for dei innsette!

Med første konsert på Herr Nilsen med gitaristen Bjørn Vidar Solli og bandet hans, var festivalen i gang for alvor. Og Seamus Blake frå New York fekk verkeleg vist sitt format på saksofon, i glitrande samspel med Steinar Nickelsen på orgel, og Vladimir Kostadnovic på trommer.

Etter Garbarak var det den like populære Hilde Louise Asbjørnsens tur til å spele for fullt hus i operaen md. sitt Kaba Orchestra, Snarky Puppy fylte Sentrum scene, og det vart tysdag med Abdullah Ibrahim Mukashi, ein gong kjend som Dollar Brand, med trioen sin i Universitetets Aula. Det er vi storhending vi kjem attende til.

Når det gjeld morgondagen knyter store forventningar til Cutting Edge, det populære jazzbandet som på åttitalet sidan verkeleg gjorde furore på jazzscena. Bandet vart oppløyst i 1986, men bassist og festivalsjef Edvard Askeland forsikrar heile besetninga Nasjonal Jazzscene i kveld.

Mer fra Dagsavisen