Herbie Hancock gjorde stor lukke i Opereaen søndag. FOTO: THOMAS JOHANNESEN/OSLO JAZZFESTIVAL

I fotefara til Hancock

Med «Watermelon Man» som ekstranummer kvitterte Herbie Hancock med strålande solokonsert.

 

KONSERT

Herbie Hancock solo

Den Norske Opera & Ballett

Oslo Jazzfestival

At forventningane til konsertane var store, er mildt sagt. Å høyre Herbie Hancock spele solo piano har ikkje vore kvardagskost i jazzverda. At det eksklusive flygelet som var spesialhenta for denne konserten, vart supplert med computerar og eit elektrisk keyboard, gjorde ikkje spenninga mindre. Hancock annonserte sjølv konserten som fri improvisasjon etter innfallsmetoden. «Let’s play and see what happens.»

Det som hende var ein konsert der Herbie Hancocks sitrande akustiske pianospel veksla med elektronika av ymse slag, på ein måte som i mine øyre ikkje gjorde den musikalske opplevinga mindre. Fordi han i staden for å sause ingrediensane saman, demonstrerte «nennsam» musikalsk samhandling mellom dei, der Hancocks akustiske soloparti uansett utgjorde høgdepunkta for meg. Og same kva, så forventar du at det musikalske overflodshornet inneheld tema til å kjenne att.

Wayne Shorters «Foot Prints» var det første i den musikalske godteposen av blanda vare. Men kva med «Maiden Voyage», den femti år gamle klassikaren som i alle fall for meg var ein øyreopnar til Hancock? Først, halvvegs, kom den like vakre «Dolphin Dance» frå same album, i Hancocks solo pianoversjon, før tema i «Maiden Voyage» seinare i konserten nesten umerkeleg vart trylla fram i ein nydeleg, subtil pianoversjon.

Hancock reiser seg frå krakken og går, men er ikkje vanskeleg å be når ovasjonane krev ekstranummer. 75-åringen sprintar attende til pianokrakken, og hitlåten «Watermelon Man» frå hans første album, med full guffe og programmert basskomp, får publikum i hundre. Ein fulltreffar som ekstraopning av Oslo Jazzfestival.