Nye takter

Heilt piano

Piano-uforskaren Kjetil Husabø tek han heilt ut i både det akustiske og elektroniske.

Difor heiter albumet «Piano Transformed» (Optical Substance/Musikkoperatørene), der han går i ei anna retning enn på siste soloalbumet «Steps», som er eit heilakustisk piano-album. På det transformerte albumet blir musikken spelt med flygel og musikkteknologi saman, i ein symbiose der det akustiske går opp ein høgare einskap med teknologien. Difor kling det frå eit stort univers attåt det akustiske solospelet som ligg i botnen. Og stikkordet er: vil du vere med så heng på.

Med mange jarn i elden har pianisten like godt opna sin eigen verkstad, festivalen Tape To Zero på den nasjonale jazzscena. På «Contradictions» (2012) og «Sources» (2013) kombinerte han live sampling og live elektronikk på nokre av spora. På sitt fjerde piano-album gjer han det heile vegen, og det er både mektig og vakkert. Husebø har to album til på samvitet, der han kombinerer akustikk og elektronikk med fleire gjestemusikarar.

Som medprodusent har Husebø hatt ein garva mann i faget lyd og låt Reidar Skår, og mannen bak «Piano Transformed» vert allereie lagt merke til der ute.

Avantgong-jazz

Eit nytt band har sett dagens lys, og gjenklangen er sterk med det nye albumet «AvantGong» (CAMO/Musikkoperatørene), der Jørn Øiens keyboard-opning har noko sakralt over seg. Ikkje fordi eg skriv dette på ein søndag, men det er noko i leten som kallar på gamal og ung, som det står, med Jakop Jønnsønn på trommer og elektronika, Helge Andreas Bakken Norbakken på trommer. Brått høyrest ei sag i bakgrunnen som ikkje er å spele på, men å sage med. Musikarane møter vi i mange samanhengar, med Øien frå det høge nord der bebopen stadig står sterkt, men der lydane denne gongen kjem frå ei anna verd. Låtnamna er eit studium verd, som byrjar med «Øwl» og sluttar med «Karol End». Avantgong slik det også kan spelast.

Big-Wig-toget går!

Andreas Shaerers «The Big Wig» (ACT/Musikkoperatørene) på både cd og dvd, er vekas varsel om då songar Hildegard Lernt Fileggen møtte orkesteret til Lucern Festival AS orkesteret på Lucerne Festival Academy.

Mer fra Dagsavisen