Nye takter

Grieg, Tveitt & I

Edvard Griegs morgonstemning med jazz og strykarar opnar eit nytt Dag Arnesen-album no også med Geirr Tveitt.

Dag Arnesen

«Grieg, Tveitt & I»

Coco & Co (Robot)

Tittelen er «Grieg, Tveitt & I». Ved flygelet sit han som med tre album kledde sine barnlege Grieg-minne i jazzdrakt og la folk for sine føter. Eit nytt, og grooven er der frå første tone, no med rytmeseksjonen forsterka med fire strykarar i nydelege arrangement. Etter morgonstemninga kjem Arnesen og bandets tributt til Grieg-songen over alle, «Våren», der Vinje «enno ein gong fekk vinteren sjå, for våren å røma». «Håvard Hedde» følgjer i lett sambatakt.

Om bruken av ein strykekvartett attåt bass og trommer seier Arnesen at det har han drøymt om lenge. I bandet har han denne gongen med Ole Marius Sandberg på bass og Ivar Thormodsæter, trommer. Åtte strykarar frå Filharmonien han sjølv har spelt i dannar to konstellasjonar, og på sjuande spor sildrar det frå vårteikna til Geirr Tveitt, ein felespelar Arnesen vil ha med oftare. Tre av songane var med på dei første «Norwegian Song»-platene, resten er nysprungen musikk frå kjelda som aldri vert tom, og ein ny triumf for ein musikar som fekk Grieg med morsmjølka.

Duplex rir igjen

Duplex-saksofonist Harald Lassen og bassist Christian Meaas, som etter to utgjevingar (ein CD og ein LP), på albumet «Én» (Norcd/Musikkoperatørene) har bestemt seg for meir. Det inkluderer også bruk av to singlar, og det startar med at Lassens stemme akkompagnerer seg sjølv gjennom ein «harmonizer» som gjer røysta lite vakker. Her er ein pianosolo av Lassen, og ein fiolinist og ein cellist dukkar opp i ein Bach-aktig låt «Prelude», og Meaas Svendsen har også songstemme. Dette og meir til resulterer i ni spor med det rare i, og eit produkt vel verd å lytte til.

Meir dokunst

Har du gløymt ACTs Duo Art? Høyr finske Jukka Perko (saksofon) og Iiro Rantala (piano) spele «Jealousy» på «It takes two to tango» (ACT/Musikkoperatørene, og bli duo! Fantastisk!

Mer fra Dagsavisen