Nye takter

Garbareks Oslokveld

Jan Garbarek heldt sin første konsert for Oslo Jazzfestival med Trilok Gurtu, og leverte.

Dagsavisen anmelder

KONSERT

Jan Garbarek Group Feat. Trilok Gurtu.

Oslo jazzfestival

I over to timar heldt bandet publikum i age med ein til dels gnistrande konsert, med eit ensemble det var stilt forventingar til. Konsertar har Garbarek halde fleire av i hovudstaden, men først til Oslo Jazzfestivals trettiårsjubileum fylte han operaen i Oslo til randa to kveldar, «featuring Trilok Gurtu». Eit samarbeid som også feira eit jubileum, då dei to først spelte saman under Molde Jazzfestival i 1985, i kvartett med brasilianske Nana Vasconcelos og indiske El Shankar! Og eg hugsar perkusjonisten Trilok Gurtus bruk av vatn til å stemme lyden av ymse gongongar han senka ned i.

Og vi kan vende attende til start, der eit forventningsfullt publikum som opningsmusikk fekk høyre Jan Garbareks store verk, det mektige «Molde Canticle» i fem delar, til oppvarming for det som skulle komme.

I Jan Garbareks kvartett av året heiter pianisten framleis Reiner Brüninghaus, Yuri Daniel er den brasilianske bassisten som har den uriasposten det er som bassist, etter at Eberhard Weber måtte slutte. Lasta med både gammalt nyskrive materiale vart det ein til tider storslått konsert der bandet saman eller i ulike konstellasjonar, frå den første låten etter Molde-syklusen «Medieval», Med Bari Boines «Gula-Gula» som ein annan stolpe å halde seg etter, med ein Rainer Brüninghaus som kunne lage meir enn klaverovergangar, og som slo til med sterke solo-innslag. Ein saftig perkusjonssolo av Gurtu heitte «Nine Horses», og ein Garbarek-låt «So mild the Wind, so Meek the Water».

Det var ein Garbarek i storform som med bandet sitt erobra scena, med ein Trilok Gurtu SOM utan grenser med sine perkusjonstiske orgiar tok salen med storm. Slik nærma det seg slutten på ein konsert, der bandet etter ståande ovasjonar i salen kvitterte vakkert med Steve WinwoodS «Had To Cry Today».

Les også:  Over til jazz