Nye takter

Framtida i norsk jazz

Når eg høyrer bandet Moskus på «Salmesykkel», blir eg glad i norsk jazz.

Glad for å høyre nyskapande musikk framført av eit band som vart slått på målstreken i jazzintrotevlinga der åtte band som kvar for seg heldt høgt nivå, var med. I Moskus høyrer vi Anja Lauvdal på piano med litt vokal i opningslåten, som dessutan er tittellåten «Salmesykkel», som i sin tur er eit synonym for instrumenta harmonium, trøorgel og pumpeorgel. Spelety som er på veg inn i mange band, men ikkje her, der Fredrik Lyhr Dietrichson spelar kontrabass og Hans Hulbækmo trommer. Og saman lagar dei vakre songar når dei også slepper fridomen laus, oftare på scena enn på albumet som vart spelt inn i januar. Songane har dei laga sjølve, med titlar som «Kloster», «Bibelbeltet», «Farlig norsk hengebro» og musikarane har fortalt at namnet Moskus oppstod etter basspelaren hadde gått seg vill i Dovrefjell då ein flokk moskusoksar stod framfor han i mørkret. Og her vert skapt så mange musikalske augneblinkar, same om låten heiter «Creperie de Marie» eller «Ville Vesten» med Anja Lauvdals sakrale pianospel.

Slik vekslar dei mellom uttrykka, inspirert av både salmar, Flåklypa og Paul og Carla Bley, og alle med bakgrunn frå jazzlina i Trondheim, der dei no også bur, og dei har som første jazzband vunne Grappas debutantpris. Anja Lauvdal samla nyleg 12 musikarar til prisvinnarkonsert under Oslo Jazzfestival, der Hulbækmo også var med, og Moskus har turnert landet fleire gonger. Ein dag bankar dei på hos deg også.

Moskus har konsert på Nasjonal Jazzscene i Oslo 5. september.

Mektig duo

Ein av dei vakraste songane eg veit om er Abdullah Ibrahims «The Wedding» frå albumet «African Marketplace» med Carlos Ward på altsaksofon. Den spelar også tubaisten Daniel Herskedal og saksofonisten Marius Neset på albumet «Neck Of The Woods», der det svenske koret Svanholm Singers også er med, og den norske songaren Hallvar Djupvik syng den norske folketonen «Eg er framand». Det er eit sterkt møte mellom to musikarar som begge var med då Marius Neset heldt sin enorme prisvinnarkonsert i Molde, og dei har begge skrive musikken til eit album fylt av energi, humor, tonefylde og perfekt nordisk samspel, på same tid både lyrisk og rørande. Moldeværingen Herskedal frå Magic Pocket og andre band er ein av dei som fører vidare ein sterk tubatradisjon i norsk jazz, her i samspel med Marius Neset som jazzpublikumet vart kjend med etter gjennombrotet «Golden Xplosion», og dei to har spelt saman før. Ei perle er samspelet med Svanholm-koret i Herskedals «Christmas Song», og det toppar seg gjennom «Swan Island» med kor og blåsarar saman, før Herskedal og Nesets tributt til Abdullah Ibrahim avsluttar eit fint album.

Rava goes Jackson

Enrico Rava, den moderne jazzens far i Italia, har ikkje tenkt å døy. I staden går han laus på musikken til den unge døde Michael Jackson. Det var på spørsmål om han trudde på eit liv etter døden Rava kom med kunngjeringa si. No har han nett fylt 73, og det nye albumet heiter «Rava On The Dance Floor», ein ikkje ueffen tittel når han på sine eldre dagar bryt sitt eige ECM-prinsipp om å setje sine eigne komposisjonar i sentrum, og vender det musikalske blikket mot eit ikon som uansett alder har overskyggja dei fleste, inkludert Rava. Og han medgjev sjølv at interessa for Jackson hadde vore laber før han bestemte seg for å ta att det forsømte.

Med nyvunnen innsikt og intense studiar har han med det store bandet Parco della Musica Jazz Lab, i det enorme auditoriet i Roma med Mauro Ottolini som arrangør, gjort konsertopptak med sju Michael Jackson-klassikarar pluss Charlie Chaplins «Smile», som Jackson hadde eit sterkt tilhøve til. Med mitt amatørtilhøve til komponisten blir det min lodd å vurdere eit storbandalbum av Enrico Rava, nesten uavhengig av opphavet. Nesten, for ein har då ikkje gått blind og dauv gjennom Jackson-epoken, og Enrico kan trygt vandre vidare som udøyeleg. Om det er noko bidrag til forståinga av meisterens musikk, er eit spørsmål eg vanskeleg kan svare på.

Kaada på konsert

Med bandet Cloroform gjekk John Erik Kaada frå akustisk jazz til elektrisk, debuten var i 1998 og sidan har den no 37 år gamle musikaren frå Stavanger utvida sitt musikalske verkeområde sjangermessig, og stod også fram som filmmusikkomponist med Bent Hamer’s «O’Horten». Så kjem bandet Kaada & The Late Bloomers med albumet «In Concert» (www/kaada.no), eit konsertopptak der han saman med sine beste vener spelar dei låtane sine han er mest glad i. Her er åtte musikarar inkludert multiinstrumentalist og vokalist Kaada, og det blir traktert både cembalo, sag, harpe, pumpeorgel fagott, klokker, feler bass, trommer og anna verkty over tolv spor, på ein fest av ei plate. Enno kjennest også angen av kloroform, eller er det absinth? Utgjevinga er digital, filmopptak frå konsert finst der ute, og musikarar stiller gjerne med handfaste cd-eksemplar på konsert. I tilfelle dei skulle kome forbi.

Núñez’ 
flamenco

Mer fra Dagsavisen