Nye takter

Frå det eksplosive til det elegiske

Med keyboardist-komponist Vijay Iyer si rekkje av ECM-utgjevingar og konsertar, har han fortent ros.

Vijay Iyer Sextet

«Far from over»

ECM (Musikkoperatørene)

«Far From Over» (ECM/Musikkoperatørene er den femte ECM utgjevinga sidan 2014, og med sin dynamiske sekstett når han nye høgder og vidarefører eit artisteri som fekk The Guardian til å kalle han «ein av verdas mest innovative innan the world’s most inventive new-generation jazz pianists» og The New Yorker til å beskrive ham som «extravagantly gifted… brilliantly eclectic.»

Vijay Iyer Sextet består av virtuose imprivisatørar – med blåsarane Graham Haynes, Steve Lehman og Mark Slim ved sida av rytmeseksjonen Stephan Crump og Tyshawn Sorey – som utnyttar den rike jazzhistoria også når dei driv musikken dristig framover.

###

Musikken rører seg frå det ekstatisk eksplosive («Down to the Wire», «Good on the Ground») til det elegiske («For Amiri Baraka» og «Threnody»), med si melodisk rytmisk muskelkraft og ei grunnleggende sjel. Vijay Iyer har i høg grad også prega norske jazzfestivalar dette året, og «On Tour» har alt vore ute ei stund i fotefara til Iyer.

Vijay Iyer skriv sjølv at det er mykje motstand i denne musikken, til inspirasjon for dei som søkjer utfordringar, og han har med fleire i bagasjen med samarbeid med andre. Som «A Cosmic rhythm with each stroke» med Wadada Leo Smith, «Break Stuff» med Stephan Crump på bass, Marcus Gilmore på trommer. «Mutations er med Iyer og fire klassisk fiolinistar.

Mer fra Dagsavisen