Helg

For Lady Day

Av tre tributtar til Billie Holiday er Cassandra Wilsons «Coming Forth by Day» i ein eigen klasse.

Cassandra Wilson

«Coming Forth by Day»

Legacy Recordings (Sony Music)

På albumet med det fulle namnet «Coming Forth By Day: A Tribute to Billie Holiday»,  tolkar ho  med sine røter i Jackson, Mississippi, songane Billie Holiday gjorde udøyelege for all tid. Med opningslåten «Don’t Explain» i ny musikalsk bunad, produsert av Nick Caves Nick Launay, med gitaristane T-Bone Burnett og Nick Zinner frå Yeah Yeah yeahs, med rytmeseksjonen frå The Bad Seeds, med meir. Med musikarar eg ikkje har noko særskilt tilhøve til, men som alle er oppgåva vaksen på ein måte som vil opne auge og forståing hos fleire, for det som gjorde Holiday til eit ikon. For Cassandra Wilson er ho ei kjelde:

– Eg er ein del av den same arven, eg kom til Billie Holiday gjennom Abbey Lincoln, og ho har inspirert meg sidan.

Det er Wilsons nittande albumet sidan debuten «Point Of » i 1986, frå ei som har gått sine eigne vegar, og som her syng vakrare og meir inderleg enn nokosinne.

Sober James

Med «Yesterday I Had The Blues – The Music Of Billie Holiday» (Blue Note/Unversal) heidrar vokalisten José James (37) idolet sitt med eit stilig, «klassisk» jazzalbum, med pianisten Jason Moran, bassist John Patitucci og trommeslagar Eric Harland i bandet. James har bakgrunn i både hip hop og jazz, med ei stemme som skapt for balladar set han stemninga med «Good Morning Heartache». Med «Body and Soul», «Lover Man», «God Bless the Child» og «Strange Fruit» med fleire på lista fullfører James med stil.

For stort

Med «Lady Sings The Blues» (SYCO/Sony) heidrar den lovande engelske vokalisten Rebecca Ferguson minnet om Holiday på sin måte. Det er den største satsinga i volum, men eit album som i mine øyre er overlessa med plakatnamn og store arrangement. Med Ferguson som eit uomtvisteleg vokalt talent.

Mer fra: Helg