Nye takter

Fiske i lendet til Espen Rud

Når trommeslagar Espen Rud kallar sitt strålande nye album etter ein fisk, trengst ei forklaring.

«Carla. The Fish»

Espen Rud

(Curling Legs/ Musikkoperatørene)

«Carla. The Fish» (Curling Legs/ Musikkoperatørene) heiter produktet, og eitt skal det ha. Dessutan eit band med dei seks beste i sitt slag, her med Hanna Paulsberg på toppen av bandet der sjefen er fødd i 1948, og har ei merittliste som startar midt på sekstitalet då han spela i trio med Svein Finnerud.

Med unntak av ein låt frå steinrøysa har han skrive alt sjølv, og får Prøysen-låten til å svinge så det held, med Hanna Paulsberg som drivande solist.

###

Felekometen Adrian Løseth Waade har fornya norsk jazz, der vibrafonist Rob Waring er ein ankermann, pianist Erlend Slettevold har sikker plass, Jo Fougner Skaansar er bassist i særklasse, Atle er den andre Nymo etter Frode, på bass-klarinett. Espen Rud er ikkje berre trommeslagar og leiar i særklasse, men er ein av dei beste låtskrivarane, for band i alle format. Men kvar vart det av Carla og fisken?

Ein vakker ballade med Rob Waring som solist vart tittelsporet på ei plate med daglegdagse titlar som endar med «Siste ferge», eit tema frå ein Carla Bley-låt som kom Espen Rud for øyret.

Sidan sekstitalet har Espen Rud leia eller vore med i eit utal band, mange som leiar. Ein trio, Min Bul, var med Terje Rypdal og Bjørnar Andresen, han spela med Chet Baker, og han gav ut plata «Hotelsuite» i 1984. Han vann Buddy i 1983, og leia sin eigen sekstett «Rudlende» som gav ut plate, og han har ein veldig veldefinert måte å spele på.

Difor tek han også den tida han treng til dei ti låtane på plata. Sjølv ser han på albumet som ei tjukk novellesamling for ein lesar.

Han skriv låtar som aldri blir kjedelege. Dermed gjeld det berre å høyre etter kvar eller når spora etter Carla Bley dukkar opp.

Mer fra: Nye takter