Randi Tytingvåg i trio med Dag S. Vagle (t.v.) og Erlend Aasland.

Ekte Tytingvåg

Med ei trioplate av dei sjeldne går songaren Randi Tytingvåg nye vegar på «Three».

 

Randi Tytingvåg

«Three»

Emo/ACT Music (Musikkoperatørene)

Med den smekre «Steady-going» slår ho an tonen i bandet med banjo og gitar attåt (Dag S. Vagle og Erland Aasland), som også kan kore som eit akkord-instrument. Første song har ho skrive sjølv, før ein vakker, smektande «Ich Bin von Kopf bis Fuss von Liebe eingestellt» fortel oss at ho på sin måte også vil ære dei som har hatt mykje å seie for henne. «Let It Be Me» er like vakkert og inderleg framført, og vi hoppar til hennar eigen «Home», ein av dei vakraste. Alt med eit enkelt strengekomp også ispedd preparert piano.

I dette selskapet tonar også «Que Sera Sera», «Both Sides Now», «What a Wonderful World», «Don’t Fence Me In!». Attåt seks spor der Tytingvåg har skrive alt sjølv. Songaren som i 2001 debuterte på MaiJazz, gav ut første plate i 2004 og har gjort fire til, har gått i studio og spelt inn musikken på det ho kallar jazzvis, live og utan lappverk etterpå. I mine øyre dette noko av det finaste ho har gjort.

Søndag held Randi Tytingvåg avslutningskonsert på MaiJazz.

Jazz i Berlin

Til vårsleppet frå tyske ACT Music høyrer også nye album i konsertserien Jazz at The Berlin Philharmonic. På «Jazz at The Philharmonic III» er det Leszek Mozdzer & Friends (ACT Music/Musikkoperatørene) som står for tur. Det vil seie den polske pianisten Mozdzer i trioen han har spelt med sidan 2003 med bassist Lars Danielsson og israelsk perkusjonist Zohar Fresco (som i vinter hadde konsert på Cosmopolite), på den nye plata i strålande samspel med polske Atom String Quartet. Neste plate i serien er Stian Carstensen med fleire på «Accordion Night».

Svensk gjenhøyr

Nisse Sandström Quintet «Live at Crescendo» (Moserobie/Musikkoperatørene) er vårens godbit frå Sverige, med veteranen Sandström (mangeårig saksofonist med Jan Erik Vold) i kvintett med saksofonisten Jonas Kullhammar.