Nye takter

Eit kunstverk

Med albumet «Rubicon» har Mats Eilertsen foredla sitt eige meisterverk på plate.

Det var i 2014 han skreiv tingingsverket av same namn til Vossa Jazz. Til plata innspelt med dei same musikarane i fjor har han kunna reindyrke musikk der bassen ikkje er eit dominerande element, men det verktøyet han best kan skape musikken sin gjennom. Som ein Arild Andersen med bassen sin, ein Charles Mingus med sin. Eilertsen er på same tid ein av dei mest «lågmælte» og melodiske i faget, men ei like stor frygd å høyre som ein «komp»-bassist av rang. Med Trygve Seim på syngjande saksofon, med nederlandske Harmen Fraanje på piano, Rob Waring vibrafon, Thomas Dahl på gitar og Erik Hegdal også som saksofonist, og finske Olavi Louhivuori på trommer. Og det er som om musikken smyg seg inn på deg, vedunderleg og vakker.

Musikarane har han spela med i fleire konstellasjonar, nokre i stall ECM. Å krysse sitt Rubicon, ligg det også å skifte farge på musikken. «Rubicon» (ECM/Musikkoperatørene) er Mats Eilertsens meistergrad.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Bassviking med tre

«Sounds of 3» (Losen Records/MusikkLosen) heiter albumet der Per «The Bass Viking» Mathisen spelar med gitarist Frode Alnæs og den kubanske Giraldi Piloto på trommer. Mathisen er ein sentral musikar som vi møter att i stadig nye konstellasjonar, frå storbandet Denada til trio med gitarist Frode Alnæs. Den siste ein verkeleg merittert musikar i særklasse, som etter Dance With A Stranger har hatt mange jarn i elden, før «Sounds Of 3». Ein trio det luktar svidd av, der ei metallisk stemme også sluttar seg til.

Gløym ikkje Ran Blake

«Chabrol Noir» (Impulse) er siste album frå Ran Blake, 81 år gamal amerikansk komponist og lærar som velsignar verda med eit soloalbum. Saksofonisten Ricky Ford medverkar på seks av 17 spor og Dominique Eade syng på eitt. Enjoy!

Mer fra: Nye takter