Nye takter

Eit jazzår med smell i

Fire! Orchestra opna jazzåret. Large Unit er årets norske jazzband.

I hovudstaden opna festivalåret som vanleg med All Ears, der opne øyre sette ny publikumsord. Samstundes som det svenske gigantbandet Fire! Orchestra, under leiing av Mats Gustafsson, fylte den nasjonale jazzscena Victoria to kveldar på rad, med turne og plate etterpå. Med sine elleve musikarar er Large Unit ikkje fullt så stort, men med superutgjevinga «Erta Ale» og pangstart på turneen med sleppkonsert på Blå, er det nye bandet starta av Paal Nilssen Love sjølvskrive på denne elles subjektive ti på topplista for året som har gått.

Møtet mellom songaren Eldbjørg Raknes og den unge svenske pianisten Oscar Grönberg har gjort eit sterkt inntrykk på mange. Ellen Andrea Wang har gjort eit nytt sprang med sitt nye band, ungdomen har storma fram som aldri før, og for oss i hovudstaden er stemnekollisjonar mellom fleire jazzkonsertar daglegdags. Med ein serie eksamenskonsertar i tillegg på den nasjonale jazzscena kvart år, som rein vitamininnsprøyting.

Når det gjeld festivalar, har Vossa Jazz runda førti år på eit høgt nasjonalt nivå, MaiJazz kan kunsten å involvere byens musikkliv elles, mens femtiårsjubilanten Kongsberg ikkje berre knuste alle publikumsrekordar, men står fram som den leiande festivalen i landet. I Molde har alle festivalars mor hatt eit vanskeleg regimeskifte. Tida vil vise om byen kjem like sterkt attende i jazzen som i fotballen.

Det som er sikkert, er at nivået i ung norsk jazz stadig er like høgt. Samstundes har Karin Krog, som kan feire femtiårsjubileum som plateartist med eit nytt strålande album, stått fram som den banebrytande artisten ho alltid har vore, også som føredøme for nye generasjonar ikkje minst av jenter, når det gjeld å ha musikalsk mot.

Når det gjeld sterke konsertopplevingar er lista tilsvarande lang. Difor nøyer eg meg med å framheve 75 årskonserten til Jan Erik Vold på Nasjonal Jazzscene, kongen av jazz og lyrikk, plate og bokutgjevar og nyslått bestefar, som med sine gamle medspelarar Terje Venaas (bass), Egil Kapstad (piano) og Roy Nikolaisen (trompet) med fleire, med sin udiskutable autoritet summerte opp meir enn berre eit jazzår.

 

Jazzens ti på topp

1. Large Unit: «Erta Ale». Paal Nilssen Loves store band med elleve norske jazz-musketerar spelar alle andre av banen.

2. Eple Trio: «Universal» Cycles. Sterk norsk pioner og pianotrio feira tiårsjubileum med fjerde og beste album.

3. Ola Kvernberg & TrondheimSolistene: «The Mechanical Fair». Stort eller lite band, Ola Kvernberg skapar

4. Eldbjørg Raknes og Oscar Grönberg: «You Make Me Feel». Årets musikalske lukketreff mellom ei stemme og eit piano.

5. Come Shine: «Red And Gold». Live Marie Roggen og dei andre strålar i nasjonens mest populære jazzband.

6. Ellen Andrea Wang: «Diving». Bassist og vokalist på djupt vatn strålar med nytt band og sitt første soloalbum.

7. Helge Lien Trio: «Badgers and other beings». Helge Liens beste trio med åttande og beste plate for grevlingar og andre.

8. Spunk: «Adventura Botanica». Etter snart tjue år er dei fire jente-spunkarane i sitt ess i den botaniske hagen.

9. In The Country & Frida Aannevik: «Skogenes sang». Frida Aannevik syng Hans Børli med sitt hippaste band.

10. Elin Rosseland: «Vokal». Rosseland, Karl Seglem og 21. kvinnestemmer i alle slags konstellasjonar.

 

Gamalt og nytt samla

Charles Lloyd: «Arrows Into Infinity» Charles Lloyd i eineståande dokumentar om seg sjølv på DVD. Regi Dorothy Darr.

Keith Jarrett, Charlie Haden, Paul Motian: «Hamburg 72» Unge Jarretts første store trio, live frå Hamburg i 1972.

Keith Jarrett m/Jan Garbarek og Charlie Haden: «Arbour Zena» Mektig album med strykarar, 1975.

Miles Davis: «Take Off: The Complete Blue Notes Recordings» Tre studioinnspelingar i perioden 1952-1954 på dobbel-CD.

Miles Davis: «Miles At The Fillmore - The Bootleg Series Vol 3» Fire junikveldar i 1970 på Fillmore East i New York.

Don Cherry: «Live In Stockholm» 1965-85 Don Cherry hadde Sverige som sitt andre fedreland.

The Cookers: «Time and Again» Veteranband med Billy Harper, George Cables, Cecil McBee, David Weiss, Eddie Henderson, Billy Hart og Jaleel Shaw, heldt også konsert på Oslo Jazzfestival.

Geri Allen: «Grand River Crossing Motown & Motor City Inspirations» Solopianist Geri Allen heidrar sitt musikalske og kulturelle opphav i bilbyen Detroit.

 

Årets snadder og liknande

* Tom Harrell: «Trip»Trompetist og overlevar som også heldt strålande konsert i Molde.

* Antonio Sanchez: «Three Times Three». Trommeslagar Sanchez med tre trioar leia av Brad Mehldau, John Scofield og Joe Lovano.

* Christof Lauer NDR Big Band play Sidney Bechet: «Petite Jazz Fleur»Tysk saksofonist heidrar Bechet med opplagd tittel.

* Terje Bjørklund: «Jazz Tracks (1972-82)» & «The Wedding»Dobbeltalbum med godbitar frå pianist og jazzlegende.

* Kåre Grøttum: «Nyanser i blått»NRK-veteran og jazzpianist med gjestesolistar på ei perle av ei plate.

* Django Bates heidra Charlie Parker med albumet «Beloved Bird» og konsert på Oslo Jazzfestival.

* Baker Hansen - Chet på norsk: «Ei som deg». Chet Baker på nynorsk attdikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit.

 

Årets...

... jazzfestival: Kongsbergs femtiande jazzfestival sprengde alle publikumsrekordar.

... festivalopning: «Jazzen er som havet». Fiskeriminister Elisabeth Alsaker opna Molde Jazzfestival.

... konsert: Stevie Wonder med største konsert nokosinne i Buskerud.

... jubileum I: Festkonserten 12. august for Charles Mingus femti år etter Mingus-konserten i Universitetets Aula i 1964, der denne medarbeidar også var til stades.

... jubileum II: Jan Erik Vold, 75 år og utgjevar av seks CD-ar i boksen «Ta VARE» og bok.

... jubileum III: Karin Krog feirar 50 år som plateartist med albumet «Break Of Day», med Steve Kuhn på piano.

...trommeslagar: Hans Hulbækmo frå bandet Moskus tok over etter Paal Nilssen Love som trommeslagar i Atomic.

Mer fra Dagsavisen