Charlie Haden (t.h.) heime hos Keith Jarrett, fire dagar i mars i 2007. FOTO: ROSE ANN JARRETT/ECM

Ein vakker siste dans

Etter ha spelt saman i fire dagar, gav Keith Jarrett og Charlie Haden ut plata «Jasmine». Oppfølgjaren «Last Dance» er like strålande.

Keith Jarrett/Charlie Haden

«Last Dance»

ECM (Musikk­operatørene)

Christina Dahl

«Life’s 
Carousel»

Storyville (Musikk­Losen)

Anders Thorén Quartet

«Sources Of Inspiration»

AMP Music & Record (ampmusicrecords@gmail.com og Bare Jazz)

 

Med «My Old Flame» som opning spelar dei seg gjennom ni kramgoda låtar frå det vi kallar den amerikanske songboka, til både å drøyme seg bort i eller å by opp til dans, frå to som musikalsk har samarbeida sidan sekstitalet. «Jasmine» minte meg om «A Melody At Night With You», det såre, vakre Jarrett-albumet frå ein musikar på veg attende til livet. Og eg tenkjer på mange møte med ein Haden (fødd 1937) som alltid snakka om musikkens livgjevande kraft, som han såg som si plikt å formidle, og ein samtale med den då glade sekstiåringen Jarrett (fødd 1945), som med sin beste trio nokosinne stadig leverer. Den korte soga bak «Jasmine» og «Last Dance» er at Jarrett i 2007 skulle medverke i ein dokumentar om Haden. Etterpå inviterte Jarrett Haden heim til sitt studio. I fire dagar spela dei saman, i mange år snakka dei stadig om opptaka, til første plate kom i 2007, og no den andre, med Kurt Weills «My Ship» som andre låt, Monks «Round Midnight» den tredje, før Bud Powells «Dance Of The Infidels». Ni spor i alt, der også Rodgers & Hammerstein, Victor Young, Peggy Lee, Cole Porter har ein finger med, og Gordon Jenkins har signert den siste låten «Goodbye», udøyeleggjort blant mange av Ray Charles og Betty Carter.

Sidan Haden og Jarrett i 1967 spelte med Paul Motian i Jarretts første trio, har vegane deira kryssa kvarandre, i Jarretts «American Quartet», og begge med Jan Garbarek på det nyleg nyutgitte albumet «Arbour Arena» (1975). Før dei følgde kvar sine spor vidare, til siste møte som Jarrett oppsummerer med at «vi spelar saman som to som syng». Haden kallar det «kunsten å lytte til kvarandre». Ikkje minst i siste dans.

 

Med songen «A New Beginning» som opningsnummer kom den svenske trommeslagaren Anders Thorén inn på den norske jazzscene i pinsa med eit sterkt debutalbum - «Sources Of Inspiration» - i bagasjen. Landsmann og pianist Lars Jansson spelar også i den svensk-norske kvartetten, saman med Børge-Are Halvorsen på saksofon og Frode Berg på bass. Eit sterkt lag som med Lars Janssons kjende song «Freedom of Heart» attåt Thoréns eigne låtar, leverer eit album av klasse. Thorén er ein musikar frå Trollhättan som har budd ni år i USA, og dei siste fem åra i Norge. Nokre år i vinbransjen har han på samvitet, før han for fem år sidan for godt gav seg musikken i vald. Og han gjer det med stil, med gode låtar, framifrå arrangement og eit godt samspelt band som gjev musikken ein lettleik i seg som tiltalar. Thorén framhevar Michael Brecker som sitt store førebilete, på plata representert med låten «Half Moon Lane». Trommeslagarane Dave Weckl og Peter Erskine var to av dei han studerte med over there. Hans norske medmusikantar gjer sine saker utmerkt, og Lars Jansson er alltid like populær på våre jazzscener. Her på ein mogen platedebut frå Anders Thorén Quartet.

 

På eit tidlegare album stod den danske saksofonisten Christina Dahl fram i eit tigersprang på omslaget. På det siste albumet «Life’s Carousel» er framtoningen mindre militant, men med musikken sin fyller ho eit stort album i band med Nicklas Knudsen på gitar, Jesper Lundgaard på trommer og Espen Laub von Lillienskjold på trommer. Tidlegare har ho også samarbeidd med Marilyn Mazur, og ho har skrive dei åtte låtane som ho med stor kraft framfører på tenorsaksofon. Vi får vite at bandet på grunn av brann i studio måtte evakuere til eit hus på landet, noko musikken ikkj e har teke skade av. Låtane spenner over eit vidt spekter, Dahls saksofonspel har ein eigen patos i seg, den framifrå gitaristen Niclas Knudsen kjenner vi frå fleire band, og trommeslagar Jesper Lundgaard er ein sikker gjest på norske jazzscener. I 2010 debuterte Christina Dahl med albumet «Now Is Now», og med «Life’s Carousel» leverer ho sitt truleg beste album.

 

Rebekka Waitz

Med «A Little Drop of Poison» (Emarcy/Universal) tar den frimodige vokalisten Rebekka Bakken steget inn i musikken til Tom Waitz, i selskap med det tyske Frankfurt Radio Big Band, der Jörg Achim Keller er musikalsk leiar og arrangør. Det framifrå resultatet er nok eit sprang for ein vokalist med bakgrunn i pop og rock-verda som i 1995 fór ut i verda, etter å fått kontakt med amerikanske jazzmusikarar som medarbeidar under Kongsberg Jazzfestival. I USA platedebuterte ho på «Daily Mirror» med den austerikske jazzemigranten Wolfgang Muthspiel. I trioen til Julia Hülzmann song ho på ECM-albumet «Scattering Poems», ho CD-debuterte sjølv i 2003 på «The Art How To Fall». Fem album seinare kjem eit album der ho med storbandet til Frankfurt Radio legg ei ny alen til sin vekst.

På «A Little Drop of Poison» får du seksten Waitz-songar arrangert for stort band. Det lyder ikkje som ei tradisjonell jazzstorband-plate, men er ei utfordring bandet og den mangslungne vokalisten Rebekka Bakken har løyst på ein fin måte.

 

Mraz og Vickliký

Tsjekkisk jazz har tradisjonar og to av dei heiter George Mraz og Emil Viklický. Som bassist har Mraz eitt av dei største namna i internasjonal jazz, Viklický er ein pianist han spelte saman med til dei gjekk sine eigne vegar. Mraz & Viklikýs album «Together Again» er i ACTs vellukka Duo Art-serie. Musikken spenner frå heimlandets tradisjonsmusikk med «Austerlitz», og med det klassiske stykket «Poem» er verdsstjerna Graz i sitt ess på bassen.