Per Oddvar Johansen endeleg som sjef, held konsert i Biermannsgården i Oslo 1. april. FOTO: ANDREW RIDLEY

Ein annan dans

Når Norges beste trommeslagar gir ut sitt første album som leiar, er det høgtid og glede.

Som ein av dei mest etterspurde i faget er Per Odvar Johansen med på over åtti album, ikkje som «sidemann», men aktiv medskapar, frå han som student møtte Trygve Seim og Christian Wallumrød, eller i legendariske Close Erase med Wallumrød og bassist Ingebrigt Flaten. Med Helge Lien på piano og Torben Snekkestad på saksofonar og trompet, er det med «Let’s Dance» (Edition Records/Border Membran) duka for det vakraste albumet denne våren, med låtar og lydar som syng i deg heile vegen, med musikk du med godt samvit kan kalle iøyrefallande. Han skriv sjølv, at han prøver å lage musikk utan eit bestemt tempo, som er lyrisk og open for «soundscape», det lydlege uttrykket for landskap. Han er ein trommeslagar du lyttar til, på same måte som vi lytta til ein Paul Motian.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Per Oddvar Johansen (48) er også medskapar av ECM-bandet «The Source», han høyrer til det eg har kalla «den sjølvsikre jazzgenerasjonen», han spelar også fele og gitar. Med pianist Helge Lien og blåsar Torben Snekkestad har han inngått i eit perfekt partnerskap. Oppfordringa er «Let’s Dance».

Livet i Strandebarm

«Urheim er ettertenksom og dvelende uten å være innadvendt eller humørløs», står det i presseskrivet til Stein Urheims «Strandebarm» (Hubro/Musikkoperatørene). Kalla opp etter staden den mangslungne strengespelaren Urheim kjem frå, slår han verkeleg ut håret med musikk han mest har skrive sjølv. Utanom folketonen «Fjellbekken» og «Oh So Nice» med tekst av Kurt Vonnegut!

I morgon søndag urframfører Stein Urheim verket «Traveling With The Natural Cosmolodic Orchestra» på Vossajazz med Per Jørgensen, Kjetil Møster, Mari Kvien Brunvoll, Ole Morten Vågan og Kåre Opheim.

God påske med Cohen

«Into the Silence» (ECM/Musikkoperatørene) heiter trompetisten Avishai Cohens vakre ECM-debut med Bill McHenry (saksofon), Yonathan Avishai (piano), Eric Revis (bass) og Nasheet Waits (trommer). God påske!