Nye takter

Dronning-opning i jazz

KOMMENTAR: Jubelen stod i taket då dronning Sonja opna Oslo Jazzfestival laurdag, saman med fransk-ivorianske Manu Katche og venene hans.

Trommeslagaren, bassisten og songskrivaren Manu Katche har i mange år samarbeida med musikarar frå mange land, mellom dei Norge. Han starta tidleg eit samarbeid med musikarar som Peter Gabriel og Sting, og på den lange merittlista dukka også Jan Garbarek opp. Til opningskonerten i operaen samla Katche eit band med saksofonist Tore Brunborg, trompetist Mathias Eick, tangentmann Bugge Wesseltoft, saksofonist Trygve Seim, bassist Ellen Andrea Wang, gitarist Jacob Young og saksofonist Petter Vettre. Dei er musikarar av ulikt lynne, som i skiftande konstellasjonar har vore nyskapande på scena, laurdag i ein musikalsk runddans som resulterte i ein av dei mest strålande opningskonsertane denne medarbeidaren har opplevd.

Katche seier sjølv ein stad at han via Garbarek i Noreg kom i kontakt med eit musikarmiljø som er sjeldant å arbeide med. Det starta med gitaratisten Jakob Youngs «Quiet March», og for kvar ny komposisjon arrangert av ein annan i bandet utvikla det seg til nye høgdepunkt.

Bassist og vokalist Ellen Andra Wang fekk brynt musikken sin mot resten av bandet og ho gjorde det med glans. Når det elles gjeld årets utgåve av Oslo Jazzfestival, kunne festivalleiar Edvard Askeland vise til eit program der talet på scener er større en nokosinne. Dronning Sonja var i toppslag då ho fortalde om sine løynde musikalske draumar ho aldri fekk realisert. Årets Ella-pris går til jazzhistorikar Bjørn Stendahl, og det er ein festival i medvind som vart opna denne kvelden.

Etter runddansen med musikarane sine, og arrangørane i mellom, avslutta Manu Katche med eit sett der han hadde skrive alle songane sjølv.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Ei av scenene av året er Karpedammen, der den amerikansk vokalisten Jamie Cullum i si tid gjorde slik furore. Ein gjengangar av format må vere evig unge Lill Lindfors, for ikkje å snakke om Four Freshmen. Serien Nordic Showcase skal syte for tilvekst av nye musikarar, det opne huset Sentralen har etablert seg som festivalens hovudkvarter. Nasjonal Jazzscene er framleis den mest etablerte, der saksofonisten Joshua Redman var først på scena allereie laurdag. Når det gjeld programmet i sin heilskap elles, er det flust av jamt gode band. Festivalen er kvitt tradjazz-stempelet dei leid av i starten, og det høge nivået i norsk jazz er legio mest takka vere Nasjonal Jazzscene.

Eit spennande band er det kanadiske søskenbandet The Jensen Sisters Quartet. Når det gjeld evig unge Karin Krog, kjem ho att med Steve Kuhn på piano, John Surman på saksofon, og Bugge Wesseltoft lever enno med sitt New Concepion of Jazz. Det er under posten Åpent Hus på Sentralen det verkar som det er mest å hente, ved sida av den før nemnde ungdomsserien Nordic Show Case.

Det er blant ungdomen det skjer. Det viste ikkje minst den store eksamensfestivalen i Oslo tidlegare i vår, med eit dusin fullsette konsertkveldar på rad.

Mer fra Dagsavisen