Nye takter

- Det gjeld å halde koken

- Vi kallar oss ikkje eit «all star band», men eit arbeidande band, seier Billy Harper (71) om bandet The Cookers.

- Vi kallar oss ikkje eit «all star band», men eit arbeidande band, seier Billy Harper (71) om bandet The Cookers.

Det er eit band av sju kjende amerikanske musikarar som spelar i ein tradisjon med røter i sekstitalets «Blue Note-jazz», og som sidan 2007 har spelt og turnert verda rundt. Denne veka spelte dei på den nasjonale jazzscena i Oslo, ein stoppestad på vegen, med sitt rykande ferske fjerde album «Time And Time Again» i bagasjen. Med tid til ei kort natts svevn mellom jobben dagen før i Paris, og dagen etter i Serbia, men også plass til eit intervju backstage etter konserten.

- Det er eit liv vi i jazzens teneste er vane med, seier saksofonisten Billy Harper, like høgreist som då denne medarbeidar første gong intervjua han då han spelte med kvintetten sin i Molde i 1980, og som reknar ut at han har vore i Norge ni gonger. Fire av dei var i Molde der han i 1977 spelte i bandet til Max Roach, så med eigen kvintett, i storbandet til George Gruntz i 1982, og med kvintetten att i 1990.

- Eg spelte også på Club 7, og har mange gode minne frå den tida, seier Harper.

Eit sterkt norgesminne har også bassisten Cecil McBee (79) frå den legendariske konserten vi høyrde han på i 1966 med Charles Lloyd, med den pur unge pianisten Keith Jarrett og trommeslagaren Jack DeJohnette, og «Sombrero Sam» song i oss lenge etterpå.

- Det var min første og einaste jobb i Norge før no, og for meg var det heilt stort, seier ein blid McBee, som til det nye albumet til The Cookers har skrive låten «Slippin’ and Slidin’».

Trommeslagar Billy Hart (73) har i årevis vore ein hyppig norgesgjest, også med Charles Lloyd. To andre av dei mest meritterte, pianist George Cables (69) og trompetist Eddie Henderson (73), har også spelt her i ymse band. Trompetist David Weiss (49) er organisatoren bak The Cookers-prosjektet, saksofonisten Jaleel Shaw er ny og yngstemann på 36 år.

- Kva er opphavet til namnet The Cookers?

- Det skriv seg frå albumet «The Night Of The Cookers» som trompetisten Freddie Hubbard saman med trompetist Lee Morgan spelte inn på Blue Note i 1965, seier Billy Harper.

- Det var eit legendarisk album der saksofonisten James Spaulding også er med. Fem av oss i The Cookers har spelt med både Lee Morgan og Freddie Hubbard, og namnet The Cookers er også ein måte å minnast særleg Freddie Hubbard på, samstundes som det uttrykkjer noko av tanken bak musikken vår. Det gjeld å halde koken, å stadig vere på veg. I 2010 gav vi ut «The Warriors», «Time and Time Again» som vert lansert på denne turneen er vårt fjerde album, og heile tida spelar vi høgenergisk jazz med musikk vi har skrive sjølv.

- Har de tal på alle konsertane dere har halde?

- Nei, men det må vere minst eit par hundre. Vi har spelt i både Europa, USA, Japan og Korea og er stadig på reise.

- Samstundes har vi alle våre eigne band, alle underviser eller har undervist i jazz, og sjølv har eg ofte workshops med unge jazzmusikar, seier pianisten George Cables. Han er platefersk med albumet «Icons & Influences» som nyleg vart omtalt her i avisa.

- Der heidrar eg også minnet etter to andre pianistar, Cedar Walton og Walton og Mulgrew Miller, som også har spelt på norske jazzscener. På «Time and Time Again» har Cables skrive songane «Double Or Nothing» og «Farewell Mulgrew».

- The Jazz Times skriv at bandmedlemmene i The Cookers representerer 250 år av røynsle i jazzen, med over tusen plater bak seg. Kva seier du om det?

- Eg veit ikkje om talet har noko for seg, men med å spele og skrive ny musikk sjølve, bidreg alle med at jazzen veks. Alle har sine personlegdomar, og det gjer musikken rikare. Det er rettesnora for oss, og vi har ingen planar om å gje oss.

- Kva status har jazzen i dag i jazzens heimland?

- Eg opplever at han er sterk, at stadig nye generasjonar kjem til, og at folk elskar musikken.

- Etter så mange år, kva er det som held dykk gåande?

- Musikken, publikum og gode genar, seier George Cables med eit smil.

Den rykande ferske plata blei signert etter ein konsert på Nasjonal Jazzscene med musikarar planta i ein amerikansk tradisjon det stadig er ei lise å lytte til. Musikken har dei skrive sjølve, i ein amerikansk tradisjon der det også er skikk at musikarar som ikkje er i kompet eller i spel elles, kviler så lenge i utkanten av scena. Ein fin konsertkveld var det i alle fall, og eit møte med ein utsøkt generasjon venlege og imøtekommande musikarar. Alle utanom yngstemann har skrive låtar til plata. Når du les dette, har dei letta frå siste konsert i Europa på veg til USA, der nye turnear står for tur i heimlandet resten av året. For The Cookers er det også jazzens heimland.

Mer fra Dagsavisen