Nye takter

Carla i åtti

Onsdag fylte Carla Bley åtti år, feira i New Yorks nye Steinway Hall. Gåva til oss er eit album med hennar kjæraste trio.

Tittelen er «Andando el Tiempo» (ECM/Musikkoperatørene), og vi snakkar om Andy Sheppard på saksofon og Steve Swallow bass, som alle fann kvarandre med «Songs with Legs» i 1994, illustrert med leggane deira på utanpå. Av alle konstellasjonar ruvar samarbeidet med Charlie Haden i Liberation Orchestra kanskje mest. Pionertida starta i 1968 med «Escalator over The Hill», same år som Jazz Composers Orchestra leia av Mike Mantler var eit band som tok jazzen langs andre stiar.

I heftet til «Andando el Tiempo» skriv Carla Bley at dei tre delane stykket er delt i, representerer studiar av tilbakevending frå avhengigheit (addiction), kalla «Sin Fin», «Potacion de Gyaya» og «Camina el Volver». Neste stykke heiter «Saints Alive», det siste er todelt i «Naked Bridges» og «Diving Bridges». Ikkje skal eg agere åndeleg medisinmann, berre slå fast at det er ein hugnad å lytte til tre sjeler som til bate for oss alle tek oss med på ei vakker musikalsk reise. Den historiske kontekst er det skrive mykje om. Musikken talar for seg.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

DeJohnette regjerer

Med den enkle tittel «In Movement» (ECM/Musikkoperatørene) leverer Jack DeJohnette i vår beste alder også eitt av sine finaste album så langt. Med ein Coltrane med fornamn Ravi i bandet og ein Garrison fornamn Matthew, er det trådar nok å spele på også for skrivande. DeJohnette har alltid også vore ein dugande pianist, Coltrane junior gir jernet på alle sine «horn», og vi får ein strålande vakker versjon av den «Blue In Green» som vi gir både Miles Davis og Bill Evans æra for. Her like frilyndt og vakkert som all musikken dei har valt til denne strålande utgjevinga.

Tripp trapp for ECM

Vi avrundar den vesle ECM-kavalkaden med «A cosmic rhythm with each stroke» (ECM/Musikkoperatørene), signert kometane Vijay Iyer (piano) og Wadela Leo Smith (trompet). Onsdag hadde dei konsert på Nasjonal Jazzscene i Oslo.

Mer fra Dagsavisen