Building Instrument med f.v. Mari Kvien Brunvoll, Øyvind Hegg-Lunde og Åsmund Weltzien. FOTO: KLARA SOFIE LUDVIGSEN

Bygg eit band

Building Instrument med vokalist Mari Kvien Brunvoll utforskar nye univers på siste album.

«Kem Som Kan Å Leve» (Hubro/Musikkoperatørene) er det andre albumet med bandet der ho med si lyse stemme syng på eit dialektliknande eller oppdikta språk, på eit album inspirert av målaren Kurt Schwitters’ biletkunst på Henie Onstad Kunstsenter i fjor.

Kvien Myrvoll vart «oppdaga» av Bugge Wesseltoft, som spelte inn det første albumet hennar i 2012 på Jazzland. Som vokalist var ho kringsett av eigne instrument då ho debuterte på Moldejazz med soloprosjektet sitt i 2010. I duoen Stein & Mari med gitarist Stein Urheim er ho også både vokalist og instrumentalist på to album. I Building Instrument spelar Åsmund Weltzien synth og elektronika, Øyvind Hegg-Lunde trommer og perkusjon.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Første album kom i 2014. Spelet er meir draumeaktig og eventyrleg no, i det som vert kalla eit fantasifullt ingenmannsland mellom elektronika, organisk pop og noko meir mystisk og eventyrleg. Ho har vore vokalist med storbandet Denada på Kongsberg Jazzfestival. Ho er ein allsidig merittert verdsmusikar, som med ein original tittel har latt seg inspirere av stor målarkunst.

Knallsterk platedebut

Namnet er Simen Kiil Halvorsen, albumet heiter «Scripted Conversations» (AMP/Musikkoperatørene) og er Kiil Halvorsens debut. Han kjem frå jazzmiljøet i Stavanger, har slått seg ned i hovudstaden, og dei som er med i bandet er Hanna Paulsberg på saksofon, Øyvind Dale på piano, Fredrik Luhr Dietrichson bass, Raymond Lavik og Hans Hulbækmo på trommer. Kvar for seg sterke namn i eit band der Kiil Halvorsen har skrive all musikk frå «Finding Words» til «Adieu», med «Elvin» til å bryne seg ekstra på for trommeslagarane.

I kveld har bandet konsert på MaiJazz i Stavanger.

Tributt til Johansson

«The Ystad Concert» (ACT/Musikkoperatørene er den svenske pianisten Jan Lundgrens tributt til Jan Johansson. Med hans mest kjende songar innspela live med Lundgren, bass og strykarar, på Ystad Sweden Jazz Festival i 2015. Enjoy!