BMX i aksjon med f.v. Thomas Dahl, Øyvind Skarbø, Per Jørgensen og Njål Ølnes. FOTO: ANDERS LIEN

BMX er å lite på seg sjølv

Med Per Jørgensen gjekk kvartetten BMX i studio og satsa på at augneblinken skulle vise veg.

Colin Vallon, Patrice Moret, Julian Sartorious

«Le Vent»

ECM 
(Musikk-
operatørene)

BMX

«Rozel Point»

Øyvind 
Jazzforum 
(CDbaby)

Don Cherry

«Live In 
Stockholm»

Caprice (Naxox)

 

Resultatet er eit kanonalbum frå musikarane som med dobbeltalbumet «Bergen Open» melde seg på den norske jazzscena i 2010, med byens jazz-ikon Per Jørgensen som syng av full hals både med og utan trompet. I bandet som starta i 2006 spelar Njål Ølnes tenorsaksofon, Thomas Dahl gitar og yngstemann Øyvind Skarbø trommer, han som tok initiativ til bandet som med Jørgensen vart kvartett. Det er eit kanonlag som med «Rozel Point» tek bandet eit steg vidare når det gjeld å utvikle musikken kollektivt i studio, både med og utan publikum. Resultatet er ikkje kollektivt virvar, men ni spor der alle er oppført som komponistar. På «Joey’s Spring» har dei lånt øyre til eit Jesus-tema frå Messiaen, og albumet vert avslutta med «Jesus Maria», ein av Carla Bleys vakraste songar.

Det er musikarar med fartstid som leverer varene, saksofonisten Njål Ølnes med bakgrunn i fleire band, Thomas Dahl som merittert gitarist frå Krøyt til Mats Eilertsen band. Mens yngstemenn Øyvind Skarbø (Bly de Blyant, 1982 m fl) også gjev ut plata på sitt eige selskap. Men kva er Rozel Point, tittel og opningsnummer der Per Jørgensens høge, vibrato-frie trompettone er som Miles Davis i himmelen? Det er ein stad ved Store Saltsjø i Utah like ved ein kjend spiralkonstruksjon av eit kunstverk på bakken. Mens Jørgensen på neste spor gjev hals til ei verk kalla «30303030». Du skjønar kva det står for.

 

Cherry live!

Dette er vårens jazzgodbit i særklasse. «Don Cherry: Live In Stockholm» er ei gåve til menneska, spelt inn i Stockholm i 1968 og 1971, med tre lange spor på til saman nær åtti minutt, og det er ein fest å høyre på. Frå 1965 til 1985 var Sverige Don Cherrys andre fedreland, og som Thomas Millroth skriv i CD-heftet: «Å lytte til Cherrys musikk i dag er å høyre ekko av ei framtid som aldri kom.» Cherry var ein engasjert person, og når dei to første spora heiter «ABF Suite», del 1 og 2, er det ein tributt til Arbetarnas Bildningsförbund, som arrangerte kurs for folk av alle slag. Det var her han også møtte saksofonist Bernt Rosengren, som var fan av Cherry frå han spelte med Ornette Coleman, og den svensk-tyrkisk trompetist Maffy Malay. Begge er med på suiten, Malay også på siste spor «Another Domes Session», innspelt i den geodetiske (kuleforma) domen på Moderne Museet i Stockholm. Mellom musikarane elles er Tommy Koverhult (saksofon mm), Torbjørn Hultgren på bass og Leif Wennerström trommer. Over det heile multikunstnaren Don Cherry på lommetrompet, fløyter, piano, perkusjon og vokal, med lyden av leikande ungar i bakgrunnen på museet. Det er melodisk og vakkert, fritt og vakkert, og våren er her.

 

Trio på ein annan måte

For eit vakkert album det er når sveitsiske Colin Vallon og trioen hans feirar vinden. «The Vent» har mange tydingar og i denne trioen der pianisten Vallon har skrive musikken, handlar det om korleis trioen med utgangspunkt i enkle melodiliner utviklar seg vidare til musikk av stor venleik. Det er det andre albumet etter debuten «Rhuga», med Patrice Moret på bass og Julian Sartorius som er ny på trommer, med musikk der den rytmiske flyten er viktigare enn solistiske prestasjonar. Fortape deg ikkje i omgrepa, men nyt resultatet. Colin Vallon, fødd i 1980 i Lausanne, har leidd sitt eige band sidan 1999. Bassisten Moret vart med i trioen i 2004, og dei to har vi også høyrt på albumet «Matanë Malit» i kvartetten til den albanske vokalisten Elina Duni. Vokalistar påverkar meir enn andre pianistar, seier Vallon, Maret har studert trommer med Pierre Favre, og med «Juuichi» slår han an tonen på dette albumet. Klassisk i leten og med ein måte å utvikle det rytmiske uttrykket på, som er fascinerande.

 

Pianojazz-folka

«Piano Pals» (Ponca Jazz/Musikkoperatørene) er pianisten Oddbjørn Blindheims tributt til pianistar og pianotrioar frå gullalderen i amerikansk jazz på femti- og sekstitalet. Tannlege Blindheim var aktiv i hovudstadens jazzliv. I 1999 gav han ut trioplata «Hello Horace» med komposisjonar av Horace Silver, og han brukar alltid konsertane han stundom har, også på Herr Nilsen, til å snakke som sine førebilete i jazzen og bakgrunnen for låtane. Slik han i omslagsteksten til plata skriv om låtane og soga bak dei, frå Bud Powells «Bouncin With Bud» via klassikarar av Tadd Dameron, Bobby Timmons, Thelonious Monk, George Shearing og andre, med Keith Jarretts «No Lonely Nights» som avslutning. Oddbjørn Blindheim Trio er med Eyvind Olsen Wahlen på trommer og Bjørn Alterhaug på bass, «pals» med Blindheim frå sekstitalet av, i ein framifrå trio som spelar låtane i Blindheims arrangement.

 

Beatles-jazz?

Jazzmusikarar har flust med Beatles-låtar på repertoaret, og kan såleis med rette feire femtiårsjubileet. På «The Beatles – A Jazz Tribute» (HighNote/MusikkLosen) gjer Larry Coryell, Joel Harrison, Sheila Jordan (!), Eric Reeves, David Liebman, Steve Kuhn, Uri Caine med fleire det. Med ti Beatles-klassikarar i ulike konstellasjonar.